Rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, seier at alle må bu seg på endringar. Her er ho i samtale med direktør ved Universitetet i Bergen, Kjell Bernstrøm under årets kontaktkonferanse. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Vil bli endring på alle einingar

Kampen om organiseringa på Høgskulen på Vestlandet blei sparka i gong på torsdagens styremøte.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Skal Høgskulen på Vestlandet (HVL) bli inndelt i fakultet etter utdanningane lærar, sjukepleiar og ingeniør? Eller skal dei rett og slett tenke heilt nytt når tre eller fire fakultet skal skapast?

— Når vi gjer eit vedtak, har vi bestemt oss for ein struktur som blir gjeldande for framtida.

Det sa styremedlem Trond Ueland på torsdagens HVL-styremøte, skriv På Høyden.

I møtet tok Ueland til orde for å minne styret om at dei no står framfor eit viktig vegval: Uansett om styret vel tre eller fire fakultet, vil dette valet få store følgjer for den faglege profilen ved høgskulen.

Tre eller fire fakultet?

I tråd med dei tilrådingar som er gitt, er profesjons-modellen den løysinga som er lettast å implementere, og som best svarar på
bestillinga.

Arvid Hallén

Då Høgskulen på Vestlandet formelt vart opna 1. januar, var den ingen fullend organisasjon som blei presentert.

Store delar av den nye høgskulen er framleis i bakebollen: Dei nye fakulteta vil truleg ikkje vere på plass før 1. januar 2018.

I løpet av våren skal styret gjere vedtak om kor mange fakultet høgskulen skal ha, og kva dei skal innehalde.

Skal styret velje den tradisjonelle inndelinga etter profesjonar? Eller skal fakultetsinndelinga vere tematisk, og dreie seg om aksar som klima og bærekraft, teknologi og innovasjon og helse og velferd?

Vegvala er mange, og får store implikasjonar: Skal ein ha eit eige sjukepleiefakultet? Kvar skal ein plassere økonomi og administrasjon, høyrer det heime på ingeniørfakultetet? Eller bør det kanskje bli eit eige senter?

Som På Høyden tidlegare har omtalt, botna delar av fusjonsmotstanden ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) i ei uro for at den faglege profilen til disiplinfaga kunne bli svekka dersom HiSF blei tvunge inn i ein profesjonshøgskule.

Få, store einingar

Bestillinga frå Kunnskapsdepartementet er klar: Einingane skal vere få, og store. I praksis skal styret bestemme seg om dei skal ha tre eller fire fakultet.

— Denne saka har vore ein modningsprosess, sa Arvid Hallén. Han er styreleiar for HVL, men har tredd til side fram til han går av som administrerande direktør i Forskingsrådet.

Kari Kjenndalen er fungerande styreleiar fram til mars.

— Dette er vanskeleg. Eg set pris på den prosessen som er køyrt, der vi gradvis får grunnlaget for å ha oppfatningar om dette. I tråd med dei tilrådingar som er gitt, er profesjonsmodellen den løysinga som er lettast å implementere, og som best svarar på bestillinga, sa Arvid Hallén.

Arvid Hallén seier at han likevel har blitt nysgjerrig på det fjerde fakultetet. Han ber om at  styringsgruppa også held fram med å utgreie ein modell der mellom anna disiplinfaga er plassert i eit eige fakultet.

Bekymring for det tverrfaglege arbeidet

Bjørg Kristin Selvik, prorektor ved nærregion Bergen, leiar styringsgruppa som arbeider med utgreiinga. Styringsgruppa vil halde fram med arbeidet, og styret vil ta endeleg stilling til fakultetsstruktur på eit seinare styremøte.

— Et fakultet skal kunne bære ei doktorgrad. Då må det vere kompetanse over heile linja, understreka Bjørg Kristin Selvik.

Fleire styremedlemmar var urolege for at det kan bli lite tverrfagleg forsking og utdanning, dersom HVL blir separert inn i tre fakultet for lærarutdanning, helsefag og ingeniørfag - også kalla profesjonsmodellen.

— Viss vi bestemmer oss for ein profesjonsmodell, korleis kan vi sikre tverrfagleg forsking og utdanning, spurde styremedlem Marit Ubbe.

«Profesjonsmodell» vs «kunnskapsmodell»

Styremedlem Tom Skauge ga uttrykk for bekymring for at fakulteta kunne fungera som tre separate og konserverandre rom, utan kontakt mellom romma:

— Vi kan møte på siloproblemet. Men også innan for store fakultet kan du oppleve siloar. Det løyser du ikkje nødvendigvis med å velje fakultetsmodell. Eg vil definere profesjonsmodellen som at ein innanfor desse fakulteta primært utdannar folk som går ut i nokre klart definerte yrke. Også kunnskapsområdemodellen kan gje utdanningar som ikkje går rett til eit yrke. Eg meiner at eit fjerde fakultet kan gjere det tydeleg at alle har eit ansvar for det tverrfaglege, sa styremedlem Skauge.

Ifølge saksframlegget opnar styringsgruppa også for å dele forskinga og utdanninga ved HVL inn etter kunnskapsmodellen, der verksemda er innretta meir mot tematiske spørsmål.

— Eg likar ideen med det fjerde fakultetet. Men må ikkje gjere det for komplisert, vi må gjere det enkelt. Skal vi gå inn i ein organisasjonsmodell med tre fakultet, sementerer vi den ordninga som har vore gjeldande fram til no, sa Trond Ueland.

Berit Rokne: — Alle må bu seg på endring

Rektor Berit Rokne heldt fram at den nye høgskulen vil bli meir prega av endring enn sementering, uansett kva modell styret bestemmer seg for.

— Dette må være helt klart: Det er ikkje slik at ein på eit fjerde fakultet kan tenke heilt nytt, mens ein på profesjonsfakulteta ikkje skal vere grenseoverskridande, tverrfaglege og revolusjonerande, men gjere ting slik dei alltid har gjort det. Slik vil det ikkje bli: Det vil vere endring på alle einingar, poengterte rektor Berit Rokne.

Også på førre styremøte var fakultetsinndeling eit tema.

I etterkant av møtet sa styreleiar ved Høgskolen i Sørøst-Norge og tidlegare UiB-viserektor, Rune Nilsen, til På Høyden at HVL-styret no måtte jobbe for å ta heile regionen i bruk:

— Dei må støtta vala dei no har gjort, og dei må jobba for å ta regionen i bruk. Dei må bryte ned dei fakultære grensene, slik at det ikkje blir fakultære siloar. Profesjonsutdanningane sine fortinn er at alle er tverrfaglege, sa Nilsen.

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS