Dei tre høgskulane på Vestlandet, høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund blei til Høgskulen på Vestlandet 1.1.2017. Her ønsker rektor Berit Rokne velkomen til kampus Kronstad i Bergen.

Første dag på jobben på ny høgskule i vest

Det var ein rørt rektor, Berit Rokne, i Bergen som ønska tilsette ved nyfusjonerte Høgskulen på Vestlandet velkomen til eit nytt år og ein ny institusjon.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er ikkje kvar dag eg står slik og grin altså, sa den nye rektoren ved Høgskulen på Vestlandet til ei fullsett kantine på kampus Kronstad i Bergen, ifølge På Høyden.

Det var første dag på jobb i 2017 for dei tidlegare tilsette ved Høgskolen i Bergen, og første dag på jobb i ein ny høgskule.

Les også: 19 universiteter og høgskoler har blitt til sju

— Her er det mange gode krefter å jobba samen med framover. Alle nærregionane må jobba for å bygga institusjonen fram mot 2018, sa rektoren.

Det er stor spenning og forventning knytt til det som skal skje framover, sa Rokne, og ho oppmoda alle til å prøva å bli kjent med HVL og alle dei som jobbar der. 

Det er ikkje kvar dag eg står slik og grin altså.

Berit Rokne

– Sjølv om mykje er kjent, må det bli noko nytt. Alle må utfordra seg sjølv for å bli kjend med nye delar av Høgskulen på Vestlandet, nokon ein ikkje kjenner frå før, eller som ein har jobba saman med, sa rektor Rokne (bildet). 

Universitetsambisjonar

Ho minna også om ønsket om å bli eit universitet i framtida. 

— Alt me gjer må gå fram mot det å bli eit universitet. Det står klart i fusjonsplattforma. Fokus på kvalitet må sitta i ryggmargen, elles når me ikkje dei måla som er sett.

Ho understreka at det gjenstår mykje arbeid det neste året, før den ny institusjoen skal vera heilt på plass i 2018. 

— Det er mykje glede og optimisme rundt fusjonen, men samstundes kjem det til å lugga litt i starten. Det kjem til å vera ting som ikkje er slik ein skulle ønska, sa Rokne. 

Les også: Ny rektor i vest vil ikkje lage nokon ny Kardemommeby

Meir forskingssamarbeid

Blant dei tilsette som hadde møtt opp for å feira samanslåinga var dei to høgskulelektorane ved radiografutdanninga ved HVL, Kari Fredheim og Mona Vestbøstad.

— Eg trur ikkje det blir store endringane, me kan stå sterkare saman, men som utdanning står me aleine, seier Fredheim. 

Dei er mest spente på kven dei kjem i avdeling med framover. Korleis fakulteta skal delast inn er enno ikkje avgjort. 

— Me lurer jo på kven me kjem saman med, og om me vil merka noko i forhold til økonomi til dømes, seier Fredheim.

Dei trur likevel det blir ei bra endring for utdanninga, som ein berre finn på kampus Bergen, og ikkje dei andre studiestadane. 

– Eg trur helst det blir positivt. Me har allereie samarbeid med sjukepleiarutdanninga her, og no får me fleire å spela på. Det kan vera at det er andre som driv med relevante ting for oss innan forsking, meiner Vestbøstad.

Ny lærarutdanning og fusjon

Førstelektor ved lærarutdaninga, Marianne Røskeland seier dei har vore mest opptekne av den nye femårige lærarutdanninga som tar til i haust. 

– Me har utarbeidd nye emneplanar saman med dei andre høgskulane, og det har vore ein positiv måte å samarbeida på. 

Lærarutdanninga skal halda fram på alle studiestadane som før, men når det gjeld organiseringa av mastergraden er ikkje det bestemt endå. 

– Me er nok mest spente på dei nye masterutdanningane, kor mykje samarbeid det skal vera mellom kampusane, og kven som skal tilby kva type fordjuping. Det blir interessant å sjå, seier Røskeland.  

– Usikre på kva det betyr for oss

Det er få studentar å finna på Kronstad denne måndagen. Semesterstart er ikkje før 4. januar for dei fleste. Men nokon lærarstudentar har funne vegen til kampus for å gå gjennom ein heimeeksamenen dei har fått ut i dag.

– Me må sikra oss at me har forstått oppgåva riktig, seier Charlotte Ryngøye.

Ho går på lærarutdanninga på tredje året. Det same gjer Mia Solberg. Ho var ikkje klar over at det no er Høgskulen på Vestlandet ho studerer ved.

Les også: Kim skal spleise vestlands-studentane

– Eg har høyrd at det skulle blir ei samanslåing, men eg visste ikkje at det var frå no av. Det har ikkje vore så mykje informasjon om det til studentan, føler eg.

Dei to er usikre på kva samanslåinga kjem til å bety for dei.

– Det er vanskelege å seia noko om det, me kjem jo frå eit ganske stort miljø her får før av, men det blir sikkert meir samarbeid, og ny lærdom å henta, seier Ryngøye.

Håpar ikkje avstanden blir større

Dei fortel at dei kanskje er mest spent på om avstanden til førelesarane blir større.

– Me merker ei endring frå då lærarutdanninga heldt til på Landås, og me hadde eit mindre og tettare miljø. Det er ikkje like nær kontakt med lærarane etter at me flytta til Kronstad. Men tida vil visa korleis det går.

Den offisielle opninga av Høgskulen på Vestlandet skjer 10. januar, og skal markerast på alle dei fem studiestadane, skriv På Høyden. 

Lærarstudentane Charlotte Ryngøye og Mia Solberg startar det nye året med heimeksamen. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS