*** Local Caption *** Berit Rokne Foto: studvest

Forventningar til ny rektor på Vestlandet

Studentar og tilsette har store forventningar til den nytilsette rektoren ved Høgskulen på Vestlandet. Her ser du nokre av dei.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fokus på fusjonsplattforma og utdanning er blant ønska frå studentar og medarbeidarar til den nye rektoren ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Det som blir spennande er jo at ho kjem inn som ny, så det er viktig å følga opp det me har jobba fram i plattforma. Me har lagt mykje ned i å få ei god plattform, og den må ein ikkje tukla med, seier dekan for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Anne-Grethe Naustdal.

Trudde på dei interne

UiB-professor Berit Rokne blei torsdag tilsett som ny rektor på Høgskulen på Vestlandet. Innstillinga var delt, og det vart ein lang diskusjon før styret til slutt samla seg bak ein kandidat. 

Naustdal legg ikkje skjul på at ho hadde trudd at nokon interne kom til å bli vald, og at det er ein krevjande fusjon når fem campus og tre høgskular skal jobba seg saman. 

– Det var fire gode kandidatar. Eg er overraska over at det ikkje blei nokon interne, men har full tillit til at styret har tatt det beste valet.

– Søgnen var ein av kandidatane, og han har gjort ein veldig god jobb. Det er viktig at Rokne følger det opp, han var jo ein primus motor for fusjonen. No er det andre som skal ta det vidare, og det er krevjande. Det er viktig at det ikkje blir tatt nye kampar i forhold til det som står i plattforma.

Ho har likevel tru på at Rokne kjem til å gjera ein god jobb som rektor.

– Gjennom arbeid med helse- og sosialspørsmål i vestlandsregionen kjenner eg Rokne som ei dyktig dame. Eg har tru på at det skal gå bra, seier Naustdal. 

– Solid bakgrunn

– Eg vil gratulera ho så mykje, dette er veldig kjekt, og eg ønsker ho lukka til. Ho har ein solid bakgrunn. og det blir spennande å få lov til å følga ho og samarbeida med høgskulen, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

Rokne tar med seg erfaring som prorektor med ansvar for forsking frå UiB. Noko Olsen trur blir nyttig når ein skal driva fagutvikling.

– I tillegg kjenner ho Høgskolen i Bergen godt, og så har ho god kunnskap om sentrale fagområde, som den nye høgskulen kjem til å måtta arbeida med i fusjonsarbeidet.

Han forventar mykje og godt samarbeid.

– Det er klart at UiB og HiB kjem til å bety veldig mykje for kunnskapsregionen. Det me har vore tydeleg på i arbeidet med fusjonen, er at lærarutdanning, helse og omsorg, og ingeniørutdanning på bachelornivå langs kysten vår bør styrkast gjennom nært og tett samarbeid med dei ulike fagmiljøa. Det er naudsynt å sjå fagressursane under eitt.

Til slutt trur han Rokne har gode personlege kvalitetar som vil komma godt med.

– Ein slik fusjon som dei skal inn i vil oppfattast som krevjande, og Rokne har den eigenskapen at ho er blid og hyggeleg, og greier å motivera folk. Det trur eg blir veldig viktig, seier Olsen.

Ønskte ekstern kandidat

– Me hadde kjempegode kandidatar, og eit luksusproblem, seier Kristin Hinna, som er hovudtillitsvald for Forskerforbundet på HiB.

Ho har tidlegare ytra at ho ønskte seg ein ekstern kandidat, som kunne byrje med blanke ark. Og slik gjekk det òg.

– Eg ønskjer Berit Rokne hjarteleg velkomen, og ser fram til at me får eit positivt og konstruktivt samarbeid. Me håpar at dei tillitsvalde får vera med på gode prosessar framover, seier Hinna.

Dei tillitsvalde har allereie bedd om eit møte med Rokne.

Møta samfunnsutfordringar

– Eg tenker at dei som var med i finalen var alle sterke kandidatar, og høgt kvalifiserte. No blei det Rokne, og eg trur det blir bra. Ho er ein spennande kandidat, seier dekan ved avdeling for helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund, Georg Førland.

Han seier det er viktig at det regionale perspektive blir vareteke og at det er fokus på universitetssamarbeid framover.

– Eg ser positivt på universitetsambisjonen, og at fusjonsplattformen er ambisiøs, er i seg sjølv spennande. Eg håpar ho bidreg til ei god utvikling innan helsefaga, og at me slik kan svara på samfunnsutfordringane som kjem i framtida, seier Førland.

Meir utdanningsfokus


– Eg må innrømma at det var eit veldig spennande val, seier Fredrik Bødkter, leiar for Studenparlamentet ved HiB.

For studentane er det opprettinga av eit studentparlament som no er prioritet nummer ein.

– Me får eit nytt studentdemokrati som treng ein ny samarbeidsavtale. Me har ulike ordningar på studentdemokratia rundt om. Den største utfordringa vår blir å få på plass denne avtalen.

Han håper klart at det vil vera eit større fokus på utdanning og undervisning med den nye rektoren.

– Det å ha eit heilskapeleg bilde, og bevisstheit rundt samfunnsoppdraget, nemleg det å utdanna gode kandidatar, er ofte lett å gløyma i sektoren vår. Utdanning, undervisning, og viktigheita av studentane må ein hugsa på i rolla som rektor, seier Bødkter.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS