Fire er med i rektorfinalen i vest

PublisertMandag, 21. november 2016 - 10:33-OppdatertMandag, 21. november 2016 - 10:33
Rektor. Ein av desse blir truleg rektor for Høgskulen på Vestlandet denne veka.

Torsdag denne veka fylkar dei seg på Stord: Interimstyret for Høgskulen på Vestlandet (HVL) har møte, og skal avgjere kven som blir den første rektoren for den nye stor-høgskulen.

– Eg kan berre stadfeste at saka kjem, og at intensjonen er å handsame ho på møtet, seier styreleiar og direktør for Forskingsrådet, Arvid Hallén, til På Høyden.

Kven skal ut?

På Høyden kjenner til at blant elleve søkarar, var det fire som gjekk vidare til runden med «finaleintervju». Dette er finalistane:

Ole-Gunnar Søgnen (61), sitjande rektor på Høgskolen i Bergen og fusjonens far. Han er sivilingeniør frå NTH, og har doktorgrad frå same stad. Søgnen har mellom anna vore dekan ved avdeling for ingeniørutdanning ved HiB.

Berit Rokne (61), professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho var prorektor ved UiB frå 2009 til 2013, og var viserektor for utdanning frå 2005 til 2009. Rokne tok doktorgrad i sjukepleievitskap i 1993. Ho jobba som studiedirektør ved Høgskolen i Bergen frå 1996 til 1999.

Liv Reidun Grimstvedt (55), rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund. Ho har vore rektor sia 2011, og har vore både dekan og studiesjef ved høgskulen. Ho har hovudfag i mikrobiologi frå Universitetet i Bergen.

Geir Anton Johansen (56), dekan ved avdeling for ingeniørutdanning og økonomifag ved Høgskolen i Bergen. Johansen er professor II i fysikk ved UiB, med vekt på stråling og målevitskap. Han har mellom anna vore instituttleiar på UiB.

Særs viktig for høgskulen

– Denne prosessen må leggast opp slik at ein får det beste resultatet. Kven som skal bli rektor er eit stort og viktig spørsmål. Det er svært store ambisjonar for den nye høgskulen, og då er rektorvalet avgjerande, seier Hallén til På Høyden.

Dei fire finalistane har vore gjennom fleire intervju, og det er ikkje ei lita gruppe dei skal overtyde om at dei er den beste kandidaten:

Stort utval

I det rådgivande tilsettingsutvalet sit det heile sju personar:

  • Arvid Hallén, styreleiar
  • Ingrid Moe Albrigtsen, styremedlem
  • Gunnar Birkeland, styremedlem
  • Karin Stormo, styreobservatør
  • Gunnar Yttri, styremedlem
  • Marianne Rødseth Espelid  (oppnemnd av studentparlamenta)
  • Kristin Ran Choi Hinna (oppnemnd av dei tillitsvalde)

Tilsettingsprosessen har vart heilt sidan juni, då stillinga blei lyst ut. Høgskulen på Vestlandet blir oppretta 1. januar 2017, og erstattar då Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund. 

 

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Fakta

Disse vil bli rektor på Høgskulen på Vestlandet

  • Liv Reidun Grimstvedt (55), rektor, Haugesund
  • Stein Haugom Olsen (69), prorektor, Fredrikstad 
  • Walther Herrles (49), Kristiansand 
  • Glenn Hole (40), administrerande direktør, Drammen 
  • Ole Hope (53), administrerande direktør, Søreidgrend
  • Geir Anton Johansen (56), dekan, Bergen 
  • Tasim Karim-Birkeland (39), dagleg leiar, Loddefjord 
  • Chandra Sekharappa Mayur Yergeri (47), visiting scientist (last job), Nederland 
  • Ann Helen Parsons (39), pedagogisk leiar, Rogaland
  • Berit Rokne (61), professor, Os 
  • Ole-Gunnar Søgnen (61), rektor, Fyllingsdalen

(Kilde: Fusjonsinfo)

Her er den nye Høgskulen på Vestlandet

Leiinga ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har i løpet av våren arbeidd fram ei fusjonsplattform som no er grunnlaget for forhandlingar om ein  samla høgskule på Vestlandet.

12. mai behandla styra ved dei tre institusjonane fusjonsplattforma.

På styremøtet 9. juni, sa alle institusjonane ja til fusjonen.

Fusjonen trer i kraft 1.januar 2017.

Ifølgje plattforma skal rektor vere i Bergen.

Dei tre tidlegare høgskulane Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal få kvar sin prorektor.

Institusjonen skal ha få avdelingar.

Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar og ikkje etter geografi.

Høgskulen på Vestlandet vil få fem ulike studiestadar.

Fra seksjonene

Siste

Debatt

Karriere

Campus

Samfunn

Mest lest

Debatt

Meninger · Kvalitet. Erfaringene fra Lunds universitet viser at et meritteringssystem for fremragende lærere fungerer, skriver Roy Andersson, Thomas Olsson og Torgny Roxå ved Lunds Tekniska Högskola. 
Meninger · Sensur.  Jeg vil oppfordre alle kolleger som blir spurt om å sitte i klagekommisjoner ved andre institusjoner om å takke nei, skriver førsteamanuensis Arve Hjelseth ved NTNU
Meninger · Kutt. Faren er at studieplasser på ordningen med kompletterende utdanning blir stående tomme, etter at Stortinget kuttet i budsjettet til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT), skriver prorektor ved HiOA, Nina Waaler.  

Karriere

Campus

Samfunn