Stor takhøgde i Sogndal

Tillitsvalde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner at biletet om at det var dårlege vilkår for ulike meiningar under fusjonsdebatten stemmer dårleg overeins med den gjengse oppfatninga på høgskulen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei siste vekene er det gjennom fleire innlegg i media formidla eit inntrykk av at Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har vore prega av låg takhøgd og mangel på fri meiningsbryting.

Tidleg i oktober hevda ein tilsett ved HiSF at det var dårlege vilkår for å hevde tvil eller støtte til fusjon då spørsmålet først var oppe hausten 2014. Utspelet vart nytta av redaktøren i Khrono som døme på at det generelt står dårleg til med ytringsfridomen i akademia.

Dagbladet fylgde så opp på leiarplass og omtalte det som prisverdig at nokon har vågd å fortelje «hvordan de ansatte som har vært positive til høgskolefusjonen på Vestlandet, har tiet i frykt med en ledelse som har ett utvetydig nei-standpunkt».

Som tillitsvalde ved HiSF er vi glade for at debatten om ytringsfridom i akademia vert sett på den nasjonale agendaen. Eit ope ordskifte og rom for ulike meiningar er særskilt viktig i periodar der ein skal treffe store og vanskelege avgjerder, slik vi opplevde hausten 2014 då diskusjonane om fusjon gjekk livlig i institusjonen vår.

Vi kan ikkje utelukke at enkelte opplevde det som vanskeleg å vere fusjonstilhengar, men ingen av våre organisasjonar har fått munnlege eller skriftlege innspel frå einskilde eller grupper av tilsette som opplevde at dei ikkje kunne ytre seg fritt i denne debatten.

...ingen av våre organisasjonar har fått munnlege eller skriftlege innspel frå einskilde eller grupper av tilsette som opplevde at dei ikkje kunne ytre seg fritt...

Tillitsvalde

Tvert om kom det utspel i media som synte motstand mot fleirtalssynet, og det vart ein del av den opne debatten. Dei tilsette opplever jamt over at Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har hatt, og framleis har, ein god kultur for meiningsbryting.

Biletet som har blitt teikna i media den siste tida, stemmer med andre ord dårleg overeins med den gjengse oppfatninga innanfor institusjonen.

Hausten 2016 er vi inne i eit omfattande omstillingsarbeid fram mot årsskiftet, då HiSF blir ein del av den nye Høgskulen på Vestlandet (HVL). Dei som ønskte fusjon hausten 2014 arbeidar no målretta og konstruktivt i lag med dei ved HiSF som var imot fusjonen, med eit felles mål: Å gjere HVL til ein sterk og god institusjon for høgare utdanning og forsking.

Ytringsfridom og open debatt må bli sentrale verdiar i den nye høgskulen, slik dei har vore det i Høgskulen i Sogn og Fjordane.

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS