Fleire organisasjonar er interessert i arbeidet Hajer Sharief gjer, difor er ho no i Noreg sjuande gong. Foto: Nicklas Knudsen

Kombinerar studia med å arbeide for FN

Årets vinnar av studentanes fredspris har gått frå å vere medsinstudent i Libya til å arbeida for Kofi Annan. Hajer Sharief (24) meiner det er hennar ansvar som overlevande av krigen å kjempa for fred.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er tid for fotografering, og Hajer Sharief gjøymer dei mørke lokkane under det lilla tystykke.

—  På med den magiske hijaben, ler ho.

Utanomjordiske krefter hadde kanskje vore noko når jobben din er å arbeide for ei fredelegare verd, men Sharief ser ut til å greie seg utmerka utan òg. Ho er blant anna ein av ti unge leiarar i Kofi Annan sitt initiativ  «Extreamly Together» som arbeidar mor valdeleg ekstremisme.

I tillegg er 24-åringen plukka ut av generalsekretær i FN, Bank Ki-Mon, til å arbeide med og vidareutvikle FN resolusjonen 2250 som omhandlar ungdom, fred og sikkerheit.

— Det er nok gamle menn i dress rundt forhandlingsborda, seier Shaief, som meiner det er heilt naudsynt å få med perspektiva til kvinner og dei unge.

Det er nok gamle menn i dress rundt
forhandlings-borda.

Hajer Sharief

Det er interessant korleis mennekjer kan tilpassa seg. Vi hadde ein trygg kvardag, så endra det seg. Vi fekk ein ny verkelegheit, men ein finn måtar å fortsette på.

Hajer Sharief

Ein må halde sine leiarar ansvarleg, stille spørsmål og vere kritisk til avgjerslene deira.

Hajer Sharief

Fredsprisvinnar

Torsdag 29. september vart det offentleggjort at Studentanes fredspris i 2017 går til Hajer Sharief. Ho får prisen for sitt arbeid med å inkludere kvinner i fredsbyggande arbeid, for å skape dialog mellom ulike partar i Libya og for å byggje bru mellom den libyske grasrota og det internasjonale samfunnet. 

— Prioriteten i Libya i dag er fred, men kva verdi har kvinner i dette arbeidet? Eg skal gi deg et eksempel. La oss si en organisasjon sender humanitærhjelp. Om det er menn som pakker eskene vil dei tenkje på barberblader og andre ting menn treng, pakkane vil sjå heilt annleis ut enn om det var kvinner som gjorde det, seier ho.

Det er òg kjønnsperspektivet som er hennar sak i «Extreamly Togheter», der dei ti representantane har forskjellig tilnærming til arbeidet mot valdeleg ekstremisme.

Andre arbeider med sosiale mediar, dialog mellom trussamfunn eller eksempelvis å lage moglegheiter for dei som kjem attende etter å kjempa for ekstremistane.

Krigen endra studia

I starten av tenåra ser Sharief  bombinga av Irak på tv. Ho klarar ikkje å fatte bileta, ho skjønar ikkje korleis dei kan fortsette liva sin og spør mor si korleis noko kan gifte seg, halde eit bryllaup, når landet ditt er i krig. Ni år seinare er det i hennar nabolag bombene fell.

— Det er interessant korleis mennekjer kan tilpassa seg. Vi hadde ein trygg kvardag, så endra det seg. Straumen vart borte, vatnet vart borte, det var ikkje mogleg å ta ut pengar lengre, ein såg døde menneskjer i gatene. Vi fekk ein ny verkelegheit, men ein finn måtar å fortsette på.

Oppi alt som skjer er Sharief framleis student, men situasjonen i Libya har endra kursen hennar.

— Eg studerte medisin då krigen braut ut og meldte meg som frivillig på Tripoli Cental Hospital. Når du høyrer ordet krig, tenker du på to partar med våpen, men det fyrste eg såg på sjukehuset var ein gamal mann i koma etter eit luftangrep. Han hadde ikkje noko med det som skjedde rundt oss, det er ikkje sikkert han sympatiserte med nokon av grupperingane ein gong. Det vart mi oppvakning.

Universitetet ho gjekk på vart stengt og Sharief danna organisasjonen «Together We Build It». Ho såg nødvendigheita av lovar som inkluderte kvinner og byrja på ei jusutdanning.

Skutt for meiningane sine

Sharief vert inspirert av moglegheita til forandring, optimisme ho såg før valet i landet og korleis folk organiserte seg. Men og alt som er feil med verda gjer at ho fortsett arbeidet, at venene hennar, som arbeida som journalist, vart myrda på grunn av kva han publiserte.

— Han sloss ikkje mot dei med våpen, men fordi han var mot dei, fylgde dei etter han i bil og skaut han.

Jusstudenten seier at ein del av problemet til konflikten kjem av at nokon tener på krigen. At grupperingar har tileigna seg makt og pengar.

— Tenker eg pessimistisk undrar eg over korleis det skal vere mogleg å overbevise dei om at godane dei har tileigna seg ikkje kjem til å vare. Men dei må overbevisast om å la rikdommen gå.

Fred inga sjølvfølgje

Sharief meiner landet si framtid ikkje berre ligg i hendene til Libya, men det internasjonale storsamfunnet. Og da ikkje berre leiarane, men òg studentar og mannen i gata.

— Ein må halde sine leiarar ansvarleg, stille spørsmål og vere kritisk til avgjerslene deira, seier jusstudenten og peikar på land som eksporterer våpen eller var ein del av NATO si bombing av Libya.

Ho sett ikkje spørjeteikn ved Noreg sine intensjonar i Libya, men spør seg kor mange fleire krigar vi må ha før vi ser at å løyse  valdelege konfliktar med vald aldri vil fungere så lenge ein ikkje er med på å bygge opp sjølve samfunnet.

— Ein kan samanlikne det med ein doktor som melde seg frivillig til ein hjarteoperasjon. Då er det ikkje slik at han kan gå midt under operasjonen. Det same skjedde i Libya, landet hadde ikkje ressursane til å fullføre sjølv, seier Sharief og understrekar at ein ikkje kan bombe kvar gong ein ser ein sikkerheitstrugsel.

Fredsaktivisten meiner folk må bli flinkare til å sjå på samanhengane.

— Eg ser ikkje mykje debatt om intensjonar med krigen, for eksempel i Syria, i forhold til diskusjonen rundt flyktningane som kjem hit, påpeiker Sharief som meiner vi har lett for å ta ting for gitt.

— Det er så vakkert her, ein kan ta med ungane i parken, eller få ute klokka tre på natta. Libya var òg slik. Menneskerettane vart ikkje fylgt, men vi var trygge.

Mykje jobb, lite skule

Den siste tida har Sharief floge mellom Libya, England, USA, Noreg og Canada der ho tala under årets One Young World Summit.

Samtidig er ho framleis student. Men skal ein ut å redde verda må ein i skulesamanheng ty til skippertaksmetoden. Prisvinnaren  innrømmer at det vert ein intensiv månad før eksamen. Det hjelp verken å vere fredsprisvinnar, eller å ha magisk hijab.

— Du har kanskje noko tips til våre studentlesarar som er ute i siste liten med førebuingane til eksamen?

— Hehe, dessverre, eg er nok ikkje den beste studenten sjølv, smilar Sharief.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS