Finalister og dommere og programledere. Foto: Sigve Ferstad
Sofie Snipstad vinner Forsker grand prix 2016. Foto: Sigve Ferstad
Vinneren blir gratulert. Foto: Sigve Ferstad
Vinneren Forsker grand prix 2016 fra NTNU. Foto: Sigve Ferstad
Sofie Snipstad, NTNU, vinner forsker grand prix 2016. Foto: Sigve Ferstad
Vinner med tøft tema. Foto: Sigve Ferstad

NTNU stakk av med sigeren

Sofie Snipstad (NTNU) overbeviste både dommarar og publikum med spennande kreftforsking under finalen i Forskar grand prix laurdag.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Dette er utruleg kjekt. Det er så flott at fleire får høyra om forskinga vår. Og eg har lært utruleg mykje om formidling, seier Sofie Snipstad, skriv På høyden.

Doktogradstipendiaten frå NTNU trakk det lengste strået under laurdagens finale. Temaet hennar var «boblande nanomedisin mot kreft». Ho forskar på korleis ein kan bruka nanonteknologi til å få kreftmedisinen direkte ut til dei sjuke cellene, og ikkje ut i heile kroppen. 

— Har fått god innsikt i det du held på med

— Dette var skikkeleg bra. Du har ein ro og snakkar om kompliserte ting på ein lett forståeleg måte, slik at me kan følga heile prosessen. Eg har fått god innsikt i det du held på med, sa skodespelar Maria Bock, som sat i dommarpanelet. 

Nærare 300 tilskodarar hadde funne vegen till Grieghallen for å få med seg åtte håpefulle stipendiatar delta i «Noregsmeisterskapen» i forskingsformidling. Alle fekk fire minutt kvar til å formidla forskinga si på.

Etter presentasjonen gav publikum deltakarane poeng frå ein til seks ved hjelp av mentometerknappar, før dommarpanelet kom med tilbakemeldingar, og delte ut sine poeng. 

Miloš Novović (UiO), Sofie Snipstad (NTNU) og Maren Ranhoff Hov (UiO) gjekk vidare til gullfinalen. Der fekk dei seks minutt kvar til å fortella endå meir om forskinga si. 

UiB nådde ikkje opp

— De er alle vinnarar. Me har vore vitne til mykje spennande forsking her i kveld, sa dommar Maria Bock.

Jane Skjoldi og Anne-Catrin Adam gjekk vidare frå delfinalen i Bergen på onsdag, men nådde ikkje opp i den nasjonale finalen.

— Det var eit utruleg høgt nivå, så eg er berre fornøgd med å ha fått vore med, seier Adam.

Fjorårets vinnar, Cecilie Gjerde (UiB), og direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, delte ut kveldens pris, som var eit reisegavekort på 20.000 kroner.

Årets finalistar

Desse deltok i finalen:

  • Jane Skjoldli, Universitetet i Bergen.
  • Maren Ranhoff Hov, Universitetet i Oslo.
  • Jørgen Erland Linde, Universitetssjukehuset i Stavanger. 
  • Miloš Novović, Universitetet i Oslo.
  • Anne-Catrin Adam, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).
  • Sofie Snipstad, NTNU.
  • Monica Gundersen Mitchell, Universitetet i Stavanger.
  • Katie Aurand, NTNU.
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS