Får framleis støtte til badestudia

PublisertOnsdag, 19. oktober 2016 - 11:05-OppdatertLørdag, 22. oktober 2016 - 15:57
Badestudier. Kunnskapsministeren ville ha slutt på dei såkalla badestudia, men norske studentar får framleis stønda frå Lånekassen. NOKUT vil ta opp moglege utfordringar ved studia med Lånekassen og Kunnskapsdepartementet.

Våren 2016 var dei siste studentane på utanlandsopphald arrangert i samarbeid mellom statlege universitet og høgskular og eksterne aktørar i utlandet, såkalla badestudium.

­— Departementet har lagt til grunn at samarbeid med private aktørar om studium i utlandet ikkje er ei oppgåve for statlege høgare utdanningsinstitusjonar, seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.

Difor har Go Study og Gateway College no i staden samarbeid med utdanningsinstitusjonar i landa dei opererer i. Studentane får framleis støtte av Lånekassa.

Har mista studentar

Gateway hadde tidlegare studentar blant anna på Bali. No er studietilbodet der lagt ned og selskapet har berre igjen studentar i Cape Town, Los Angels, Paris og New York.

­— Vi har no i underkant av 100 studentar. Dette er ei halvering samanlikna med tida før endringane tok til, fortel styreleiar i Gateway Education, Petter Sørum.

Han tykkjer det er trist at norske studentar mista ei moglegheit til å kome seg ut i verda.

— Ikkje alle er klare til å bli innrullerte som internasjonale studentar ved ein lokal skule. Og ikkje alle land har program som går på engelsk eller er tilpassa internasjonale studentar. Gateway og våre norske samarbeidspartnarar ga difor norske studentar ein unik moglegheit som no er borte.

Samtidig understrekar Sørum at dei støttar Kunnskapsdepartementet i at det kunne vore gjort meir for å styrka internasjonaliseringa i programma til norske studentar.

— Difor har vi brukt det siste året til å tilpasse oss dei nye signala frå departementet. I staden for å samarbeide med norske høgskular om programmet i utlandet samarbeider vi med lokale utanlandske institusjonar om å skreddarsy program, seier styreleiaren som vil at terskelen for å velje eit semester i utlandet skal vere litt lågare.

Framleis på Bali

Go Study opererer framleis på Bali i tillegg til Australia, Cuba og Mexico. Dagleg leiar for aktøren, Alexander Opheim, vil ikkje uttale seg om Kunnskapsdepartementet si haldning til studia. Samtidig opplyser han at Go Study òg i framtida vil leggje tilrette for studium i utlandet for norske studentar.

— Modellen vi har jobba etter i 17 år har vist seg å vere positiv for studentane, både med tanke på kunnskapsløft for den enkelte, karakterar og ikkje minst livserfaring, seier han og understrekar at han er glad for at norske studentar vil studere i utlandet.

Opheim understrekar òg at dei følgjer regelverket satt av Lånekassen og Kunnskapsdepartementet.

Får støtte av Lånekassen

Sommaren 2014 bad Kunnskapsdepartementet alle statlege universitet og høgskular om å avvikle sine samarbeid med eksterne aktørar. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sa da til Aftenposten at ein måtte sette ned foten slik at studia ikkje fekk bre seg vidare: «Disse studiene kan ikke begrunnes med kvalitet, ikke med god internasjonalisering og det er heller ikke god bruk av skattebetalernes penger».

To år seinare er samarbeidet med norske institusjonar avslutta, men studietilboda lev vidare med støtte frå lånekassa.

­— Dersom Lånekassen finansierer utanlandsk utdanning som desse formidlar, er det fordi utdanninga ved den utanlandske institusjonen tilfredsstiller krava til godkjenning av utdanning i utlandet for støtte, seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet (bilete under).

Foto: Skjalg Bøhmer Vold 

— I så fall gir Lånekassa same støtte til livsopphald, reiser og skulepengar som studentar som ikkje har tilknyting til GoStudy eller liknande aktørar, fortsett han.

Statssekretæren peiker på at tilrettelegginga av aktørar som Go Study, Kulturstudier og Gateway i seg sjølv ikkje gjev grunnlag for finansiering frå Lånekassen og at kursavgiftene til desse ikkje vert finansiert av Lånekassen.

Tar kontakt med Lånekassen og Kunnskapsdepartementet

Førstekonsulent i Lånekassen, Lars Erik Skarholm, fortel at det grovt sett er tre måtar institusjonar kan bli godkjente og at studentane slik får støtte av Lånekassen: Ein har lærestadar som akkrediterer seg sjølve. Dette er universitet, vitskaplege høgskular og akkrediterte høgskular. Dette inneber at dei sjølv opprettar studium og gjev studiepoeng utan å måtte søke godkjenning av studiet. Men det er òg slik at lærestadar i Noreg som ikkje er sjølvakkrediterande og utdanningar ved utanlandske lærestadar kan bli godkjente gjennom Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT).

Øystein Lund, tilsynsdirektør i NOKUT (bilete under) fortel at dei har registrert at aktørar som Go Study og Gateway no tilbyr studium i samarbeid med utanlandske aktørar.

NOKUT har inga tilsynsmyndigheit med institusjonar utanfor Noreg sine grensar. Det betyr at det er dei utanlandske institusjonane som har ansvaret for å kvalitetssikre studia som gis i samarbeid med aktørane. Det er kvart enkelt lands kvalitetssikringsorgan som har ansvaret for å føre tilsyn med desse utdanningane, seier han.

(Foto: Skjalg Bøhmer Vold)

Tilsynsdirektøren kan ikkje sjå at dei har motteke søknader om generell godkjenning av studium som blir omfatta av desse samarbeidskonstellasjonane.

— Vi har heller ikkje hatt kontakt med Lånekassen på dette området, men vi ønskjer no å sette oss ned med både dei og Kunnskapsdepartement for å sjå på kva utfordringar desse samarbeida kan gje, avsluttar Lund.

Fakta

«Badestudiene»

Departementet ba i brev 18. juni 2014 om at alle statlige universiteter og høgskoler avvikler sitt samarbeid med eksterne aktører om studietilbud i utlandet, populært kalt «badestudier».

12 institusjoner leverte inn rapporter og planer om avvikling.

Flere av disse avsluttet samarbeidet med de eksterne aktørene allerede i 2014, mens andre avviklet i løpet av 2015.

Høgskolen i Nesna strittet i det lengste mot pålegg om avvikling, men avsluttet sitt samarbeid med Go Study etter vårsemesteret 2016.

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) fikk lov å fortsette sitt samarbeid med Kulturstudier AS om utviklingsstudier i Vietnam, Ghana og India

Kilde: Svar fra kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til stortingsrepresentant Kjell-Idar Juvik (A) og Khrono

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Fakta

«Badestudiene»

Departementet ba i brev 18. juni 2014 om at alle statlige universiteter og høgskoler avvikler sitt samarbeid med eksterne aktører om studietilbud i utlandet, populært kalt «badestudier».

12 institusjoner leverte inn rapporter og planer om avvikling.

Flere av disse avsluttet samarbeidet med de eksterne aktørene allerede i 2014, mens andre avviklet i løpet av 2015.

Høgskolen i Nesna strittet i det lengste mot pålegg om avvikling, men avsluttet sitt samarbeid med Go Study etter vårsemesteret 2016.

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) fikk lov å fortsette sitt samarbeid med Kulturstudier AS om utviklingsstudier i Vietnam, Ghana og India

Kilde: Svar fra kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til stortingsrepresentant Kjell-Idar Juvik (A) og Khrono

Fra seksjonene

Siste

Debatt

Karriere

Campus

Samfunn

Mest lest

Debatt

Meninger · 4-krav. Professor Karl Øyvind Jordell mener rektor Dag Rune Olsen overser mange problemstillinger i debatten om lærerutdanning og karakterkrav. 
Meninger · 4-krav. Studenter kan fint lære seg tilstrekkelig matte i løpet av studiet, skriver høgskolelektor Geir Martinussen, som mener et karaktersnitt på 4 er bedre egnet som krav enn karakteren i ett enkelt fag. 
Meninger · Hatretorikk. Høgskolen i Oslo og Akershus har et problem med parallellsamfunn som gir grobunn for interne venstreekstreme kulturer, venninner som siterer hverandre, bedrevet av folk som ikke reflekterer over sin egen normative posisjon, skriver Pål Veiden i dette innlegget.   

Campus

Samfunn