Studentsamskipnadane bør òg liggje under mållova, meiner målungdomen. Bilete er frå opninga av Grønneviksøren studentboliger. Foto: Ingvill Festervoll Melien

Studentsamskipnadene må sjå nynorskstudenten

Publisert

Det er mange tusen nynorskbrukande studentar ved norske universitet og høgskular, og dei ser  for lite nynorsk i kvardagen. Mange av dei byter difor til bokmål i studietida. Å få studentsamskipnadene til å fylgja mållova er eit tiltak som vil gjera nynorsk synlegare på høgskular og universitet, og som truleg vil gjera at fleire held på nynorsken.

Studentsamskipnadene er til for å gjera studiekvardagen enklare for studentane. Dei leiger ut bustader, driv treningssenter, og mykje meir. Dei er ofte godt synlege i studentlivet, og møter titusenvis av studentar kvar einaste dag. Det er tvungen medlemskap i studentsamskipnaden. Han tek semesteravgifta i medlemspengar, og får resten av finansieringa si frå det offentlege. Ved alle dei norske universiteta og høgskulane, er det studentar som skriv nynorsk og studentar som skriv bokmål. Skal studentsamskipnadene syna at dei er til for alle studentar, må dei sjå begge gruppene og bruka begge språka.

I dag skriv studentsamskipnadene nesten berre på bokmål. Når nynorskstudentane ikkje får sjå språket sitt i studiekvardagen, vert det vanskelegare å halda på nynorsken. Det kan verka som eit signal om at språket ikkje er brukande på alle samfunnsområde. Det signalet er det motsette av å signalisera respekt. Og respekt er grunnleggjande for å kunna tilby gode velferdstenester.

Heldigvis er det mogleg å retta opp i. Studentsamskipnadene er i dag unnatekne mållova, slik at dei fullt lovleg kan oversjå nynorskbrukarane. Det er eit uheldig unnatak, som korkje fører til billegare eller betre studentvelferd. Tvert om let det samskipnadene gløyma, og soleis usynleggjera, nynorskbrukarane på studiestadene.

Difor må Stortinget endra lov om studentsamskipnader, slik at studentsamskipnadene vert underlagt mållova som nasjonale statsorgan. Då lyt dei nytta både nynorsk og bokmål, og tilby viktige dokument på begge språka. Ei lita endring i studentsamskipnadslova vil føre til mykje meir nynorsk, og gjera det mykje lettare å vera nynorskstudent.

Powered by Labrador CMS