LEIAR: På sporet av den gløymde tida

Publisert

Vitskaplege tilsettingar er truleg det viktigaste verktøyet akademia har for å styre forsking og utdanning i eit land der kunnskap berre vil bli viktigare i framtida. Sigmund Grønmos rektorat tok tak i problemet etter at Marsteintredet-saka tydeleg viste at ulike praksisar, nokre av dei uheldige, hadde fått utvikle seg på institusjonen. Og Olsens rektorat tek saka vidare.

Så langt har debatten i stor grad dreidd seg om graden av innsyn i prosessen. Arbeidsgruppa som har lagd utkastet til nytt reglement går for ei open linje, men som likevel ikkje er ny ved UiB: Allereie i 1994 vedtok det akademiske kollegium at UiB skulle vere eit føregangsuniversitet når det gjeld innsyn i tilsettingssaker, og innførte prinsippet om meiroffentlegheit. Den historiske rolla til universitetet som ein pådrivar for openheit og dialog i samfunnet blei då vektlagt i argumentasjonen. Vidare gir innsyn og opne prosessar ein garanti både til fagmiljøet og resten av samfunnet for at institusjonen gjer riktige vurderingar når det gjeld tilsetjingar.

Opne prosessar er vårt beste vern mot nepotisme og akademisk innavl

Fagmiljøa sjølve og På Høyden har tradisjonelt vore dei ivrigaste brukarane av innsynet i tilsettingssaker. Men dei ulike fakulteta har ikkje alltid praktisert meiroffentlegheit i tråd med vedtaket frå det høgste organet ved universitetet i 1994. Då Marsteintredet-saka kom opp var ein av frustrasjonane til fagmiljøet på Institutt for samanliknande politikk at dei i byrjinga ikkje fekk innsyn i dokumenta i saken, slik at avgjerda blei tatt utan at dei blei høyrde. Vrakinga av Marsteintredet viste seg seinare å vere lovstridig, og prosessen blottla kor viktig innsyn er for at samfunnet skal kunne etterprøve at riktige avgjerder blir tatt.

At universitetsdirektøren no foreslår å la fakulteta ha to ulike prøveordningar kan synast klokt, hadde det ikkje vore for at UiB allereie har 20 års empiri med ei opnare linje enn dei andre universiteta. Men det kan sjølvsagt vere ei belastning for leiinga å pålegge fakulteta ein politikk nokre av dei allereie har latt vere å følgje i to tiår, sjølv om han vart vedteken av organet som skal vere det høgste ved universitetet. 

Men diskusjonen om innsyn bør ikkje vere den einaste vi tek om reglementet. Til det er tilsettingar for viktige. Dersom UiB skal ta sitt samfunnsansvar også om 20 og 30 år må dei beste kandidatane tilsettast. Då må vi snakke om tid.

For å sikre oss dei beste bør prosessen vere både open og effektiv

Ei vitskapleg tilsetting ved UiB tek lang tid, ofte opp i halvanna år. Og tilsettingsorgana opplever stadig at kandidaten som er innstilt på førsteplass har trekt seg innan prosessen er ferdig. Dette kan ha ulike årsaker, men i ein del tilfelle er det grunn til å tru at ein raskare prosess kunne ha gitt UiB betre kvalifiserte tilsette, i konkurranse med andre universitet. At prosessen tek så lang tid er dessutan ei påkjenning for alle dei involverte, som ofte er mellombels tilsette.

Sjølv om tidsbruken ikkje var ein del av mandatet har arbeidsgruppa bak det nye reglementet lagt vekt på at tilsettingar bør vere effektive, og sett ein frist på tre månader for den sakkunnige vurderinga, som gjeld frå det tidspunktet dei sakkunnige har fått alle papira i saka.

Dette er eit viktig grep, men vi er tvilande til om dette grepet i seg sjølv er tilstrekkeleg til å få redusert tilsettingstida. UiB bør sikre kvaliteten på den øvrige prosessen, og setje tidsfristar for dei andre delane av tilsettingsprosessen. Vidare bør nokon ha ansvaret for at den samla prosessen ikkje tek for lang tid.

Tilsettingsreglementet som no blir lagd blir avgjerande for kven dei nye generasjonane med vitskapleg tilsette blir ved UiB. For å sikre oss dei beste bør prosessen vere både open og effektiv. Opne prosessar er vårt beste vern mot nepotisme og akademisk innavl, og raskare prosessar eit konkurransefortrinn som kan gi oss dei beste forskarane internasjonalt. Det kan ta nye 24 år før det kjem eit nytt tilsettingsreglement. Universitetsstyret har difor eit viktig val foran seg. 

Powered by Labrador CMS