AVSLUTTA MED STIL: No er Norsk Ordbok historie. Det blei markert med lansering av det tolvte og siste bandet i Universitetets aula den 9. mars. Frå venstre konferansier Linda Eide saman med Kristin Bakken, Oddrun Grønvik, Dagfinn Worren og Åse Wetås. Foto: Ola Sæther

Sette punktum for Norsk Ordbok

Publisert

Onsdag 9. mars blei det sett punktum for ei 80 år lang ordbokhistorie. Då blei det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok lansert i Universitetets aula.

Kronprinsesse Mette-Marit var blant gjestene då Universitetet i Oslo og redaksjonen i Norsk Ordbok markerte avslutninga på ei lang ordbokhistorie i Universitetets aula onsdag 9. mars.  UiO-rektor Ole Petter Ottersen heldt opningstalen, medan rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen kom med ein helsingstale. Det skriv Uniforum.

I løpet av året vil den dokumentasjonen som Norsk Ordbok byggjer på, bli flytta til Universitetet i Bergen og andre lærestader på Vestlandet. Det gjeld språksamlingar som i dag er ved UiO, men også Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Difor passa det godt at Bergens mest kjende rappar, Lars Vaular stod bak det musikalske innslaget i Universitetet i Oslos storstove under lanseringa.

 

Powered by Labrador CMS