Hjelp, eg må skrive nynorsk – i år òg!

Korleis veit ein at eksamenstida nærmar seg? Eit av det sikraste teikna er kollegaer som klagar over at dei må skrive nynorsk, skriv professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Sølve Selstø.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein skulle jo tru at ein i eit miljø prega av prestisje og, lat oss vere ærlege, ein viss grad av konkurranse når det gjeld intellektuell kompetanse, neppe ville blottlegge openberre manglar. Men når det gjeld nynorsk er det fritt fram for dei som vil. Det kan jo for så vidt vere bra med ei frisone for akademisk prestisjejag og slikt. Men likevel klarar eg ikkje å undre meg over kva enkelte professorar, amanuensar, lektorar, dosentar og andre kapasitetar legg for dagen når det gjeld eigne evner og haldningar til nynorsk.

Torsdag 2. juni kunne vi på nrk.no lese om Gunnhild Skjold, student ved UiT Norges arktiske universitet som vart oppringd med følgande spørsmål: «Er du sikker på at det ikke går fint med bokmål-eksamen?». Då ho året før fekk det same spørsmålet, var grunnen visstnok at universitetet gjerne ville spare utskrifter. Effektiv ressurs-utnytting er jo rosverdig, men det er vanskeleg å sjå at der er så mykje å hente her at det rettferdiggjer å valse over rettane til studentane.

På min eigen arbeidsplass, Fakultet for teknologi, kunst og design ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), har det gått så langt at nynorskbrukarar har blitt anonymiserte; undervisarar får vite om det er nynorskbrukarar blant studentane deira, men ikkje kven dei er. Kvifor? Fordi det altfor ofte har skjedd at undervisarar har gått direkte til studentar med det same spørsmålet som Gunnhild Skjold fekk. Så historia hennar er dessverre ikkje unik. Vel, litt unik er ho, fordi Skjold faktisk sa klart og tydeleg ifrå om at ho ikkje synest det var greitt å få eit slikt spørsmål. Altfor mange av oss andre gir etter, vil ikkje vere til bry. Og «moralen» blir fort at folk som står oppført som nynorskbrukarar i ei liste, ikkje eigentleg bryr seg med å få eksamen på nynorsk når det kjem til stykke; vi blir redusert til unødvendig rusk i maskineriet.

Eg skal erkjenne at då eg sjølv var student, var eg blant dei som etter kvart gav etter og tok til takke med eksamen på bokmål. Men eg vil påstå at dette ikkje skuldast verken mangel på rak rygg eller bein i nasen – i alle fall ikkje berre dette. Eg opplevde rett og slett at eg fekk problem med å forstå kva som stod på «nynorsk»-versjonen.

Eit grelt eksempel på nett dette kunne vi kunne vi lese om her i Khrono, 30. mai. Ingeborg Steine Jensen vart servert ein tulle-tekst då ho skulle prøve å ta eksamen i økonomi ved NTNU på Gjøvik. Om parodien i teksten var tilsikta eller ikkje, er ikkje så godt å seie.

Kvifor er motviljen mot å skrive litt nynorsk så stor? Er det verkeleg så vanskeleg?

Sølve Selstø

For å sitere språkdirektør Åse Wetås: «(…) om det er harselas med nynorsken eller mangel på kunnskap, så er det trist begge deler». Lat oss uansett håpe at det var det siste; då er det råd å gjere noko med det – anten ved å be ein kollega om hjelp neste gong eller ved å kurse seg litt. «Vi i Språkrådet stiller gjerne opp med nynorskkurs,» seier Wetås. Det andre tilfellet er nok vanskelegare. Og haldingar som får undervisarar til behandle studentane sine slik med vilje, finst dessverre.

Så kvifor er motviljen mot å skrive litt nynorsk så stor? Er det verkeleg så vanskeleg? For nokre er det nok det. Eg får jo ein viss sympati for folk frå det «sentrale» Austlandet som i grunnskulen har blitt sett til å pugge bøyingsformer og kjønn i staden for å lese litteratur av forfattarar som Ragnar Hovland, Tor Jonsson, Tarjei og Haldis Moren Vesaas, Olav Duun, Inger Bråtveit, Kjartan Fløgstad, Arne Garborg, Frode Grytten, Jakob Sande, Maria Parr, Jon Fosse, Einar Økland, Gunnhild Øyehaug, Marit Eikemo, Olav H. Hauge, Carl Frode Tiller, Agnes Ravatn – berre for å nemne nokre få.

Men eg har vondt for å sjå at dette er heile historia; det finst trass alt eksempel på land der ein lever godt med fleire ulike målformer. Berre éin gong har eg fått negative kommentarar på at undervisinga mi stort sett går føre seg på nynorsk. Og det trass i at eg har hatt ei rekkje studentar som ikkje har norsk som morsmål – personar som aldri fekk høve til å lære seg nynorsk i første omgang og difor kan klage med full rett.

Nei, eg trur ikkje problemet ligg i vanskegraden. Kanskje har litt for mange av oss som bur her søraust gløymt at vi er ein del av noko større – både geografisk og kulturelt. I kantina vår kom eg ein gong med følgjande hjartesukk: «Er de Oslofolk aldri utanfor Ring 3?» Svaret kom kontant (og med glimt i auga): «Joda, men då reiser vi sørover.» Godt svar. Men om fleire av oss hadde vendt blikket mot fleire himmelretningar – og gjerne sett litt lengre òg, trur eg fleire av oss også hadde sett verdien av å komme mangfaldet litt i møte – eit mangfald som også er godt representert her ved HiOA.

Så, kjære kollega, om du skulle trenge litt hjelp med å omsette konte-eksamenssettet ditt: Khrono har nokre tips. Og eg prøver også gjerne å hjelpe deg. Du finn meg på rom PS234 i Pilestredet 35.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS