Det var både tilhengarar av sjølvstendelinje og meir fusjonslystne tilsette på allmøtet til Høgskulen i Volda i dag. Kjetil Vaage Øie meinte framleis aleinegang var rette vegen. Foto: Ellen Fredriksen, Nærnett

Aukande frykt for å bli ståande aleine i Volda

Publisert

Bør frykten for å stå aleine slå inn for fullt no? Er det eit synspunkt som berre høver for pessimistar og fatalistar? Og kan Universitetet i Bergen redde Høgskulen i Volda?

Dette var sentrale spørsmål då dei tilsette samla seg til allmøte i dag, etter at  Kunnskapsdepartementet som venta torpederte tanken om å la Volda gå i allianse med Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer.

Rektor Johann Roppen har gått til val på framleis sjølvstende, og meiner at denne vegen enno er farbar.

– Eg har oppfatta stemningen slik at ein vil halde fram aleine, og samarbeide med andre, sa Roppen då han opna møtet.

Han tvilar på at Kunnskapsdepartementet vil tvinge dei saman med andre, og meiner difor at både framleis aleinegang, eller samanslåing med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen eller ein profesjonshøgskule på Vestlandet kan vere muleg.

Lærarfrykt
Men det finst og frykt for mellom anna nye krav til lærarutdanningane i Volda.

– Kva er risikoen ved dette prosjektet? Vi veit ikkje kva krav som i framtida vil bli stilt til lærarutdanninga. Men dersom vi ikkje klarer krava, så forsvinn heile utdanninga frå Volda, sa pedagogikk-professor Peder Haug. Eg ser berre to løysingar, og det er å knyte seg til institusjonar som er sjølvakkrediterande så fort som muleg. Det er Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen.

Lærarutdanninga tel kring 40 prosent av aktiviteten i Volda. Lærarutdanninga vil frå 2017 bli ei femårig masterutdanning, som stiller høgare kompetansekrav til dei tilsette. Masterutdanningar treng godkjenning frå Nokut for å starte opp, men Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen er akkrediterte til å sjølv godkjenne masterprogram.

Professor Kåre Heggen sa seg einig med Haug:

– I det politiske klimaet som er no kan vi plutseleg stå utan alternativ. Eg trur vi er nøydde til å vere meir aktive om vi skal oppnå det vi ønskjer. Og eg trur løysinga ligg sørover.

Fleire tok til orden for samarbeid, og delvis fusjonar, sørover. Samarbeid nordover var det særs lite interesse for.  

– Å fusjonere med Høgskulen i Sogn og Fjordane vil gi oss politisk immunitet. Eg har og sansen for eit samarbeid med Universitetet i Bergen. Eg trur at begge dei løysingane er litt uangripelege, sa dekan Arne Myklebust.

Pessimistar mot optimistar
Rektor Roppen åtvara mot pessimistiske og fatalistiske innlegg, og plasserte seg trygt på den optimistiske sida. Fleire tok og til ordet mot rektors klassifikasjon av somme innlegg.

– Eg er ikkje einig i det litt triste biletet som blir teikna. Eg håper vi kan hugse på litt meir optimisme òg i denne debatten, sa Roppen.

Rektoren fekk og støtte for sjølvstendelinja frå fleire tilsette. Høgskulelektor Kjetil Vaage Øie meinte og at medieutdanningsmiljøet hadde lite å lære av Universitetet i Bergen. Journalistutdanninga i Volda er sjølve flaggskipet til høgskulen.

– Det er uib som prøver å etterstrebe den kvaliteten vi har på medieutdanning i Volda, sa Øie.

– Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får. Eit anna enkelt svar er: Om det ikkje er øydelagd, så ikkje fiks det. Ivar Aasen har heilt sikkert sagt noko om det, svara Roppen på spørsmål om korfor ein skulle halde fram med sjølvstendelinja. 

Powered by Labrador CMS