Torsdag stemte styra ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund og Bergen for at dei vil forsøke å nærme seg kvarandre via ein fusjon. Entusiasmen for dei komande fusjonssamtalane er høgast hos Stord/Haugesund i sør, lågast hos Sogn og Fjordane i nord.

To og eit halvt ja til fusjonsforhandlingar

Publisert

Høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund vedtok å forhandle om ein fusjon med ei måtehalden begeistring. I Sogn og Fjordane vedtok dei eit meir lunkent tja.

– Eg er veldig glad for at vi får til dette vedtaket. Det er eit historisk steg på veg mot ein institusjon som kan bli eit landsdelsuniversitet på sikt, seier Ole-Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskolen i Bergen.

Høgskulestyret vedtok samrøystes i dag å gå inn i forhandlingar med Høgskolen Stord/Haugesund (HSH), Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) – samt eventuelle andre høgskular på  Vestlandet. Det tyder Høgskulen i Volda, for det er den einaste som er igjen utan partner.

Sonderingar og sonderingar
Høgskolen Stord/Haugesund gjorde eit liknande vedtak i dag, og har vore klare for fusjon heilt sidan 2011.

Men på Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) sat fusjonsiveren langt inne, og dei gjorde i staden eit vedtak om å gjere «sonderingar» for forhandlingar, og tok dermed eit retorisk steg tilbake i høve til situasjonen før dei tre parallelle styremøta i dag. HiSF vil ha sonderingar både med fusjonspartnerane i sør, og med Høgskulen i Volda i nord. Og verken rektor Rasmus Stokke eller styreleiar Trond Ueland ville utelukke at det var aktuelt med ei samanslåing med Volda, dersom det kom opp som eit framlegg.

Dei to blei kalt inn for å forklare seg for HiB-styret, etter det uventa vedtaket til HiSF.

–Sjølv om vi har brukt ordet sonderingar i begge setningar, så er det ikkje heilt det same, fortalde HiSF-rektor Stokke, for å forsikre om at fusjonsprosessen med HiB og HSH går som planlagd, trass i vedtaket frå HiSF.

Dermed går truleg fusjonsprosessen vidare som planlagd, med siste frist 10. juni. Både HiB og HSH har planlagd styremøte 9. juni.

Hemmeleg forhandlingsplattform
No handsamar HiB-styret eit hemmeleg dokument om utgangspunktet deira for forhandlingar.

HiB-rektor Søgnen vil ikkje ut med så mykje om innhaldet.

– Vi har sagt at vi skal utvikle ein ny høgskule for Vestlandet, med eit nytt namn og fem campusar, seier Søgnen.

Om hovudcampus må vere Bergen, eller om den nye institusjonen ikkje treng å ha eit definert sentrum vil han ikkje svare på.

Men under styreseminaret i går var det mange som nikka då styreleiar for Høgskolen Sørøst-Norge, Rune Nilsen, fortalde at rektor kunne sitje kor som helst på dei ulike campusane, og at digital kommunikasjon gjorde det lettare. 

Powered by Labrador CMS