Rektor Rasmus Stokke og styreleiar Trond Ueland fekk torsdag vedtaket dei måtte ha for å halde fram arbeidet som kan gjere at HiSF vil bli grunnleggjande endra. Ingen av dei let skjul på at heile fusjonsprosessen er ein top-down-prosess dei neppe ville initiert dersom det ikkje var for Kunnskapsdepartementet si komande skjerping av forskriftene til lærarutdanning og mastergrad.

Ja, men med atterhald

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok i dag å gå vidare med fusjonsforhandlinar. Men først skal dei gjere sonderingar.

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) ga torsdag dag leiinga vedtaket dei trengte for fortsette med prosessen som til sjuande og sist kan ende i ein storhøgskule på Vestlandet. 
 
– Vi har krav
Onsdag var det felles seminar for styra ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Her var også statssekretær Bjørn Haugstad til stades. På agendaen sto ein mogleg fusjon mellom høgskulane på Vestlandet. 
 
Torsdag var det parallelle styremøter ved dei tre høgskulane på Vestlandet. 
 
Først ut med eit fusjons-vedtak var Høgskulen i Sogn og Fjordane. Mot dei to studentane sine stemmer fekk styret mandatet dei ønska. Deretter kom ja-vedtaket frå HSH.
 
– Vi skal vere med, men vi må setje vårt fotavtrykk på den vidare prosessen. Vi skal vise sjølvtillit og synleggjere at vi har krav, seier styreleiar Trond Ueland til På Høyden. 
 
Stor splid ved HiSF
– De vedtok i dag at de vil gjere “sonderingar om forhandlingar” - dette er ei svært varsom tilnærming til dei øvrige partane? 
– Ja. Men vi har heller ikkje inntryk av at dei andre partane går rett på omgrepet “forhandlingar” i sine vedtaksframlegg, seier rektor Rasmus Stokke. 
 

– Vi skal vere med, men vi må setje vårt fotavtrykk på den vidare prosessen

 
Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har det vore stor usemje om korleis Sogn og Fjordane bør forholde seg til Kunnskapsdepartementet si klare oppmoding om å finne fusjonspartnarar. For eitt år sidan var leiinga si uttalte haldning at høgskulen var best tent med aleinegang. Studentane har aktivt vist motstand mot å fusjonere. Også blant dei tilsette har det vore frykt for kva ein fusjon vil bety for Høgskulen i Sogn og Fjordane. 
 
– Er de trygge på at de har dekning for vedtaket om vidare fusjonsarbeid  i organisasjonen? 
– Dette kan vi gå rakrygga heim til Høgskulen i Sogn og Fjordane og fortelje. Ikkje alle vil vere einige i at dette er vegen vi bør gå, men vi har eit samla styre i ryggen. 
 
Opne dører til Volda i nord og UiB sør
Høgskulen i Volda har vore ein joker i kabalen. 
Saman med Høgskulen i Molde og Høgskulen på Lillehammer ønska HiVolda å bli allierte, men ikkje å fusjonere. Få dagar før dei øvrige høgskulane på Vestlandet skulle ha styremøter om vegen vidare var det klart at Høgskulen i Volda fekk tommelen ned for alliansemodellen. Høgskulen i Volda er dermed igjen ledige på marknaden. 
 
UiB var ikkje med rundt styrebordet under onsdagens seminar. Rektor Dag Rune Olsen var likevel kraftig til stades trass sitt fråvær, og blei omtala som “elefanten i rommet”. Eit samarbeid med UiB blir sett på som svært attraktivt for samtlege av høgskulane på Vestlandet. Under sitt innlegg kom han også med ein open invitasjon til fagleg samarbeid. 
 
– Dette vedtaket har fått ei god og grundig handsaming. Vi står meir eller mindre samla bak vedtaket, og vi går no vidare i utgreiinga med HSH og HiB. Vi har også opne invitasjonar til Høgskulen i Volda og til UiB, seier styreleiar Trond Ueland. 
 
– Kvifor var det viktig for dykk å kome fram til eit mest mogleg samrøystes vedtak? 
– Det gjer at vi står sterkare i ein komande situasjon som vil bli krevjande for oss, seier styreleiaren. 

Forhandlingar om Vestlandsfusjon:

  • Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) har alle styrevedtak som opnar for forhandlingar om fusjon. 
  • Bakgrunnen for fusjonssamtalane er SAKS-prosessen Kunnskapsdepartementet iverksett. 
  • SAKS står for samarbeid, arbeidsdeling, fagleg konsentrasjon og samanslåing.
  • Ei utgreiing gjort av NIFU konkluderte også med at ein fusjon truleg vil ha fleire positive enn negative konsekvensar. 
  • Solberg-regjeringa har vedteke at lærarutdanninga skal bli femårig frå 1. januar 2017. Dette stiller strengare krav til førstekompetanse i lærargruppa ved ein høgskule. 
  • Kunnskapsdepartementet har også varsla at det vil kome nye forskrifter for godkjenning av mastergradsutdanning.
  • HiSF og HiB vil ikkje aleine kunne innfri dei skjerpa krava. 
  • Ei rekke høgskular og universitet har i løpet av 2015 vedtatt å følge Kunnskapsdepartementets oppfordringer om å slå seg sammen. 
  • Fleire høgskular har bedt om å få danne alliansar framfor å fusjonere. Torbjørn Røe Isaksen vendte i starten av februar tommelen ned for alliansemodellar. 
  • 4. februar skal styrene ved dei tre høgskulane ha styremøter om ein mogleg fusjon. 
  • Kunnskapsdepartementet vil at det nye kartet over utdanningsinstitusjonane på Vestlandet skal vere klart i løpet av våren 2016. 
Powered by Labrador CMS