Språkdirektør Åse Wetås vil ikkje tilrå direkte online omsettingsprogram frå bokmål til nynorsk, men det fins på nett.

Tips til deg som slit med nynorsken

Slit du med nynorsken? Khrono og Språkrådet hjelper deg. Sjekk tips her!

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert med framlegg frå Høgre som vil kutte obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning). 

Landets største universitet, NTNU, har fått gjennomgå for å skrive hjelpelaus «nynorsk» på ei eksamensoppgåve. Mange trudde det heile var ein spøk eller harselas med nynorsken. Men slik var det ikkje.  

No har programkomiteen til regjeringspartiet Høgre, under leiing av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, kome med framlegg om at dei vil:

«Avskaffe obligatorisk skriftlig sidemålsundervisning, men sikre tekster og kompetansemål på begge målformer i undervisningen».

Les også: Hjelpeløs nynorsk på NTNU

Vi ønskjer primært at folk skal skriva nynorsk sjølv, og ikkje bruka online
omsettings-program.

Åse Wetås

Språkdirektør Åse Wetås har i eit tidlegare intervju med Khrono lova at hjelpa er nær, og vi har utfordra henne til å kome med sine beste tips for å bli ein god nynorskbrukar, også i akademia.

— For nynorsk er jo ganske så vanskeleg?

 — Det er ikkje vanskeleg, men folk gjer det meir komplisert enn det er, meiner Wetås. 

— Kva er det viktigaste når ein skal skrive nynorsk? 

— Det viktigaste er å få mengdetrening. Det blir vanskeleg viss ein berre skal skrive nynorsk ein gong i året. Og eit anna godt tips, er å lese nynorsk, seier ho. 

Seks tips til betre nynorsk

Her er språkdirektøren sine seks beste tips til deg som slit med nynorsken: 

1. Bruk ordbok.

Språkrådet sine eigne ordbøker som dei eig saman med Universitetet i Bergen (tidlegare UiO). Nynorskordboka og bokmålsordboka hadde 90 millionar søk i 2015 og er oppdatert med siste rettskrivingsnorm. 

Sjekk her: Nynorsk- og Bokmålsordboka.

2. Øv deg!

Løys nynorske øvingsoppgåver på nett. 

Sjekk her: Nettkurs og øvingsoppgåver

3. Skriv nynorske tekstmeldingar!

Skriv nynorsk fleire gongar i året, ikkje berre eksamensoppgåvene. Send gjerne tekstmeldingar og epost på nynorsk – også privat

4. Ta kurs

Språkrådet arrangerer skreddarsydde kurs i nynorsk for alle statsorgan. 

Sjekk her: Nynorskkurs for tilsette i staten 

5. Bruk ordliste

Språkrådets korte administrative synonymordliste bokmål-nynorsk.

Sjekk her: Administrativ synonymordbok bokmål-nynorsk

6. Ring ein ven

Hvis dette ikkje er nok: Ring ein ven - ein nynorsk-ven.

Google translate-variant her

Fleire har etterlyst ei «google translate»-løysing på omsetting frå bokmål til nynorsk. Og det finst ein slik variant på nett. Men språkdirektør Wetås vil ikkje tilrå å bruke den. 

— Vi ønskjer primært at folk skal skriva nynorsk sjølv, og ikkje bruka omsettingsprogram i staden. Difor vil eg ikkje tilrå bruk av slike program som eit alternativ til å formulera teksten på nynorsk sjølv, sier ho.

Khrono legg difor ut denne lenkja på eige ansvar. Det må bli ei kriseløysing og den må brukast med ordbok i tillegg.  Nettløysingar er ikkje 100 prosent trygge i nynorsk dei heller. 

Sjekk ut: Direkte online omsetting frå bokmål til nynorsk

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS