– Misnøya med forskingsdatabasen Cristin er svært stor mellom fleire av medlemane våre. Difor ynskjer me at den må evaluerast, seier styreleiar Vidar L. Haanes i Universitets- og høgskulerådet. Foto: Marius Bergersen MF

UHR krev evaluering av forskingsdatabasen Cristin

Publisert

– Det er naudsynt med ei evaluering av forskingsdatabasen Cristin. Det krev Vidar L. Haanes, som er leiar for Universitets- og høgskulerådet.

Det var i oktober Uniforum kunne melda at Universitetet i Oslo var svært misnøgd med forskingsdatabasen Cristin. Misnøya gjekk mellom anna ut på at forskingsdatasystemet enno ikkje hadde blitt lasta inn på ei ny teknologisk plattform, slik brukarinstitusjonane fekk lovnad om då Cristin blei lansert i desember 2010.

Står til teneste for 160 institusjonar
Cristin er forskingsdatabasen som samlar alle vitskaplege artiklar og fagbøker frå forskarar frå 160 norske forskingsinstitusjonar og sjukehus. Alt som ein forskar har samla i Cristin, kan forskaren bruka når han eller ho søkjer om pengar frå Forskingsrådet, EUs forskingsprogram eller søkjer seg ei ny stilling. For institusjonane er forskingsdatabasen svært viktig fordi vitskapleg publisering gir pengar tilbake gjennom teljekantsystemet, skriv Uniforum.

Hard kritikk av Cristin frå UiO-direktør
Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe peika i kritikken sin av Cristin også på at intensjonen om stor grad av brukarmedverknad, heller ikkje var innfridd. Og det siste ankepunktet UiO hadde mot Cristin, var at data var lite tilgjengelege for uttak. Det tykte Bjørneboe var uheldig, sidan det blir lagt så mykje arbeid i manuell registrering og kvalitetssikring av vitskaplege publikasjonar.

Etter den beinharde kritikken la Cristin-direktør Katrine Weisteen Bjerde seg heilt flat. Ho meinte at det først og fremst var ekstern informasjon det hadde skorta på.

– No skal me skjerpa oss og sørgja for at det kjem oppdaterte nyhende på nettsida vår, når det skjer noko nytt, lova ho.

Ynskjer ei evaluering
No er også den nyvalde leiaren for Universitets- og høgskulerådet, Vidar L. Haanes på bana. Han legg heile tyngda til dei 61 medlemsinstitusjonane bak kravet om at Cristin må evaluerast.

– Det er mange av medlemane våre som er svært misnøgde med måten Cristin fungerer på i dag. Difor meiner me at det er på tide å krevja ei evaluering no rundt fem år etter at forskingsdatabasen blei etablert, seier Vidar L. Haanes til Uniforum.

Til dagleg er han rektor ved Det teologiske menighetsfakultetet i Oslo, men i fjor haust overtok han stafettpinnen etter UiO-rektor Ole Petter Ottersen som leiar for Universitets- og høgskulerådet.

 Det er mange av medlemane våre som er svært misnøgde med måten Cristin fungerer på i dag

Får ikkje registrert formidling
Han kjem med fleire døme på kvifor Cristin ikkje verkar slik som dei hadde håpa.

– Laging av rapportar og bibliografiar fungerer ikkje. Formidling er mest uråd å registrera. Forskarar som formidlar i bloggar eller på ulike nettstader, får ikkje dette registrert i Cristin, slår han fast.

Dessutan viser han til at den nye plattforma CRIStin 2.0 truleg ikkje vil vera på plass før i 2017.

UHR fekk nei til observatørstatus
Misnøya med Cristin går også på korleis ynska frå Universitets- og høgskulerådet er blitt handsama i styret for forskingsdatabasen.

– Me gav klart uttrykk for at me gjerne ville ha observatørstatus i styret for Cristin, slik at me kunne fylgja med på korleis arbeidet med forskingsdatabasen ville utvikla seg. Ynsket vårt blei avslått av styret for Cristin. Difor vil me no krevja at det blir sett i gang ei evaluering av Cristin. For alle medlemsinstitusjonane våre og for forskarane er det svært avgjerande at det fungerer etter intensjonane og kan gi oss dei opplysningane me treng både innanfor teljekantsystemet og til andre rapportar om forskingsaktivitetane våre, understrekar Vidar L. Haanes.

– Ukjent med ynsket om evaluering
Uniforum har også vore i kontakt med styreleiar Curt Rice i Cristin. Til dagleg er han rektor ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Han er overraska over ynsket frå Universitets- og høgskulerådet om å setja i gang ei evaluering av forskingsdatabasen.

– Det var ukjent for meg før i dag at UHR ynskte ei evaluering av Cristin. Viss det er riktig, reknar eg med at me får ei melding frå dei om det, og at me kan ha ein dialog om kva dei vil med ein slik prosess. Eg ser ikkje akkurat no korleis ei evaluering i seg sjølv løyser dei utfordringane som blir lyfta fram her, men vil gjerne lytta og læra. Det er heller fare for at ei evaluering vil vera endå ei avsporing i leveranse av resten av CRIStin 2.0, seier Curt Rice til Uniforum.

– God representasjon
Han tykkjer at til sjuande og sist må det vera eigaren av Cristin, altså Kunnskapsdepartementet, som skal bestemma kva veg forskingsdatabasen må gå.

– Eg meiner det må vera opp til eigaren vår korleis Cristin skal styrast. Så vidt eg veit, har styret i Cristin god representasjon frå dei same institusjonane som sit i styret i UHR. Cristin sitt styre har i desember oppnemnt ei styringsgruppe som UHR vil bli bede om å oppnemna tre representantar til frå universitets- og høgskulesektoren, understrekar han.

– Skjer mykje bra
– Vil det seia at du synest Cristin fungerer slik den skal?

– Det er veldig mykje bra som skjer hos Cristin, men det har bestandig vore eit betydeleg utviklingsarbeid som nettopp har som formål at Cristin skal bli eit endå betre verktøy. Bestillinga som opphavleg blei skriven, er svært omfattande, og ressursane som står til rådvelde er avgrensa. Det er søkt Kunnskapsdepartementet om ganske store ekstraressursar for å auka tempoet, men desse søknadene er berre i liten grad blitt innfridde, peikar han på.

– Eg vil saman med resten av styret framleis gjera det eg kan for at dei tilsette i Cristin får rammevilkår til å gjera den viktige jobben dei er sette til, lovar styreleiar Curt Rice i Cristin. Foto: Benjamin A. Ward/HiOA

– Me meiner framleis det er riktig prioritering å gjera færrast moglege utvidingar i dagens Cristin-system og heller leggja kreftene i å få det nye raskast mogleg på plass. Det kan også nemnast at strukturendringar og endringar i publiseringsindikatoren krev mykje av Cristin, slik at eit landskap i endring i UH-sektoren fortrengjer utviklingsarbeidet i Cristin, understrekar han.

– Avhengige av auka løyvingar
Curt Rice minner også om at det er viktig å hugsa at Cristin yter tenester til tre sektorar og at arbeidet med å få helsesektoren innlemma, har vore ganske stort.

– Eg vil saman med resten av styret framleis gjera det eg kan for at dei tilsette i Cristin får rammevilkår til å gjera den viktige jobben dei er sette til. Me er avhengige av auka løyvingar frå KD for å kunna løysa oppgåvene raskare enn det me gjer. Så langt har me ikkje klart å få nok auka ressursar til dette, men viss UHR kan hjelpa til med dette, ville eg sett stor pris på det, seier styreleiar Curt Rice.

Powered by Labrador CMS