Både regissør Fredrik Lian og redaktør Marius Prytz (med hunden Ninja han var hundevakt for på fanget) er psykologstudentar som kom til Bergen for å ta profesjonsstudiet. – Men eg kjenner att A-presset. Ein har sagt til så mange at ein skal verta psykolog, og så kjem ein ikkje inn, trass arbeid, seier Lian. Foto: Hilde Kristin Strand

Sensurordninga vert kritisert i psykologifilm

Publisert

– Ved Psykologisk institutt ved NTNU er senurordninga kvalitetssikra. Slik er det ikkje ved Det psykologiske fakultetet ved UiB.

Det seier Christoffer Baldersheim. Han er psykolog, underviser i enkeltemne på profesjonsstudiet i psykologi ved UiB og var fram til i fjor òg sensor ved UiB. Baldersheim er ei av fleire kritiske stemmer i filmen «Gjennom nåløyet». Filmen er laga av psykologistudent Fredrik Lian, og skal visast hos aftenposten.no.

Her kan du sjå trailer til filmen.

Er der når dei får karakteren
Det er kampen om A-ane det handlar om. Filmen følgjer tre studentar på årsstudiet i psykologi og deira arbeid for å koma inn på profesjonsstudiet. At studentar tek opp att eksamenar er nesten regelen meir enn unntaket. Dei treng tre A-ar, til nød to A-ar og ein B.

Psykologstudent Fredrik Lian står bak filmen. Han fortel at han syntest årsstudiet i psykologi var ein spanande tematikk.

– Enkelte har jo nesten ein master i årsstudium, seier Lian tørt.

– Kva er det som får folk til å gjera dette? Og kva effekt har årsstudiet og karakterpresset på studentane?

Utgangspunktet var å følgja dei tre studentane, både i kvardagen, men òg under eksamen, og, då dei opna brevet med karakterutskrifta.

– Me diskuterte korleis me kunne setja søkjelys på årsstudiet. Eg har stor tillit til Fredrik, og det vart laga avtalar med dei tre studentane om korleis filminga skulle gå føre seg. Eg har òg fått sjå filmen undervegs, seier Marius Prytz.

Han er redaktør for psykologitidsskriftet Katarsis. Lian er styreleiar i Katarsis, og det var på nettsida deira filmen eigentleg skulle visast.

I ein leiar skriv Prytz at redaksjonen hadde diskutert korleis ein kunne setja søkjelys på forholda rundt årsstudiet, og at det i fleire år har vore mumling i gangane om eit ekstremt press rundt opptaksforma til profesjonsstudiet i psykologi.

–Har dei lese pensum?
– Det er lett å lesa filmen som ein kritikk av fakultetsleiinga?

– Eg har prøvd å skildra korleis det vert opplevd å vera student på årsstudiet i psykologi. Opplysningane som kjem fram vil nok kunne verta sett på som kritikkverdige, men om denne kritikken skal plasserast hos fakultetsleiinga må vera opp til sjåaren å avgjera. Eg håpar derimot at filmen vil stimulera til ein god, og etter mi meining viktig, debatt, seier Lian.

Baldersheim seier til På Høyden at han uttalar seg ganske kritisk. No er han sensor ved NTNU, og seier at ordninga er meir kvalitetssikra der.

– Ved Det psykologiske fakultetet ved UiB har ein to sensorar på alle oppgåvene. Ved NTNU har ein ein, men eit gitt antal av dei oppgåvene ein sensurerer vert kontrollert. Dersom karakterer ein sjølv har sett og den karakteren den som kontrollerer set, spriker, må ein gi ei grunngiving for kvifor ein har gitt den aktuelle karakteren, seier Baldersheim.

Han seier at han mange gongar har opplevd sprik i karakterane dei to som sensurerer saman ved UiB har gitt.

– Nokre gongar trur eg rett og slett ikkje at den andre sensoren har lese pensum. Sidan eg underviser ved UiB ser eg på meg sjølv som ganske oppdatert i pensumet. Det finst heller inga sensorrettleiing, seier Baldersheim.

Ei sensorrettleiing er på trappene etter at universitetsstyret i førre møte vedtok at Det psykologiske fakultetet får utvida sensurfrist. Dette har bakgrunn i behovet for sensorrettleiing, vart det sagt i møtet.

Berre A – men ein C
Baldersheim meiner at sensorordninga slik ho har vore til no kan gjere at nokre får betre karakterar enn dei skulle hatt – andre får dårlegare.

– Ni av ti vert handsama på ein god måte. Men så har ein nokre tilfelle, til dømes studenten som fekk A i alt, men som fekk C på ein eksamen. Ein av sensorane meinte at ho ikkje hadde svart på oppgåva, eg meiner at ho hadde gjort det. Ho kom ikkje inn.

– Når ein veit om karakterpresset for å koma inn på profesjonsstudiet, er det då lett for at ein som sensor let ein karakter på vippen gå i favør av studenten?

– For eigen del gjer det at eg gjer meg meir flid. Eg går tilbake til oppgåva og les nøye ein gong til, seier Baldersheim.

Les dekan Jarle Eid sitt svar på kritikken her

Loddtrekning
Professor Gerd Kvale er ein annan kritikar i filmen. Ho gjekk av som dekan då ho ikkje fekk fakultetsstyret med på å gå over til studieordninga som i 2010 vart tilrådd frå Nasjonalt profesjonsråd for psykologiutdanning: Opptak via Samordna opptak. Universitetet i Oslo hadde det allereie, NTNU valte å byta. UiB byter no: 2016 vert eit overgangsår, og frå 2017 skal alt opptak skje via Samordna opptak.

Kvale seier at ho meiner at ordninga med årsstudium var utdatert for mange år sidan.

– Ordninga representerte etter mi oppfatting ein ukultur som ikkje var universitetet sine formål og verdiar verdig, seier Kvale, og seier at ho ikkje ser ei einaste rasjonell grunngjeving for å halda oppe årsstudiet som opptaksgrunnlag for profesjonsutdanninga.

– Det var ei grell forvalting av ressursar, både menneskeleg, privatøkonomisk og samfunnsøkonomisk.

Den tidlegare dekana seier at året, som er ein del av profesjonsutdanninga, har fungert som ein rein opptaksprøve som stimulerte flinke, motiverte og engasjerte studentar til å verta gåande semester etter semester og lesa det same pensumet gang på gang.

– Ein treng neppe vera psykolog for å setja seg inn i kva skjebner dette var med på å skapa, utan at kunnskapsnivået vart nemneverdig større.

Opptak gjennom Samordna opptak meiner Kvale vil gi større variasjon i søkjarmassen, mellom anna fordi opptak på denne måten gir rom for praksispoeng. Studentane vil òg kunne vera yngre når dei tek til på det seksårige studiet.

Som professor og tidlegare dekan kjenner Kvale òg godt til karakterpresset på årsstudiet. Ho karakteriserer det som ein formålslaus karikatur.

– Kvart år vart det teke opp studentar etter loddtrekking. Eit semester var det så gale at alle studentane hadde A i snitt, så trekninga skjedde mellom A-studentar, seier Kvale.

Ho seier ho skjønar dei som vel å ta opp att eksamen, etter å ha investert mykje tid, liv og pengar.

– Kanskje manglar du ein B som du tenkjer kan verta til ein A.

Filmen vart vist under ei lukka visning i førre veke. Det vert ikkje fleire visningar i Bergen før filmen vert lagt ut hos Aftenposten. Når dette skjer er førebels uvisst.

Powered by Labrador CMS