Fisk på menyen tre gonger i veka har positive effektar på helsa. Foto: Colourbox

Fisk har ein klar effekt på søvn, angst og kognitive funksjonar

  Du har høyrt det før: Bakt laks er bra for helsa. Sardiner er supert pålegg. Skal du grille, velg gjerne makrell.  
 
Men kvifor er det eigentleg slik? Under Transatlantic Science Week i Boston la UiB-forskar Anita Lill Hansen fram eit prosjekt i fleire fasar  der ho har studert samanhengen mellom feit fisk og god helse. 
 
D-vitaminmangel i Bergen Fengsel
  Du har høyrt det før: Bakt laks er bra for helsa. Sardiner er supert pålegg. Skal du grille, velg gjerne makrell.  
 
Men kvifor er det eigentleg slik? Under Transatlantic Science Week i Boston la UiB-forskar Anita Lill Hansen fram eit prosjekt i fleire fasar  der ho har studert samanhengen mellom feit fisk og god helse. 
 
D-vitaminmangel i Bergen Fengsel
Prosjektet starta med ei kartlegging av den ernæringsmessige statusen til ei gruppe innsette i Bergen fengsel. Resultata viste seg at dei hadde svære låge verdiar av vitamin D. Basert på desse funna gjekk forskerane vidare med ein intervensjonsstudie i Bergen fengsel, der dei ville sjå kva effekt feit fisk kunne ha på dei innsette.
 
Forskarane såg blant anna på hjarterytmevariasjonen (HRV). Lav HRV blir ofte sett i samanheng med ein usunn kropp.  
 
– Vi veit at hjarterytmevariasjonar har samanheng med både den fysiske og psykiske helsa. Lav hjerterytmevariasjon har og vist seg å vere ein risikofaktor for sjukdom og dødelegheit, seier Anita Hansen.  
 
Leita etter samanhengen mellom fisk og åtferd
Formålet med studien var klart. Anita Hansen og kollegaene hennar ville finne ut om det å ete feit fisk påverkar mekanismene som er med på å styre emosjonar og åtferda. 
 
Kort sagt: Kan laks til middag og sardin på brødskiva ha innverknad på  psykofysiologi, kognitive funksjonar, angst og søvn?
 
 
– Folk lo av det i starten, seier Anita Hansen til På Høyden.  
– Men eg visste frå før at feit fisk kan ha innverknad på HRV. Eg tenkte difor at feit fisk også kunne ha innverknad på kognitive funksjonar, seier ho. 
 
Fisk tre gonger i veka
Dei innsette fekk to hundre gram fisk tre gonger i veka. Dei fekk også fiskepålegg som makrell i tomat og sardiner.  
 
Etter at studien var over, blei dataene sett i samanheng. Resultata var klare: Gruppa som hadde ete fisk, fekk for det første høgare vitamin D nivå, men dei fekk og høgare HRV.
 
Vidare oppdaga forskarane at dei som hadde eit tilfredsstillande nivå av vitamin D, altså 50 nmol per liter, også gjorde det betre på kognitivt krevjande oppgåever enn dei som hadde for lave verdiar av vitamin D.  
 
Mat verkar betre enn Omega 3 på boks
 Andre studier har sett på effekten av Omega 3. Dei er ikkje like eintydige som studien frå Bergen fengsel.  
 
– Det ser ut som at det er fisk som heil mat som har den beste effekten, seier Anita Hansen.  
 
Vil du ha mest helse ut av fiskefettet, gjer du altså lurt i å styre unna Omega 3-tilskotet, og heller bruke pengane på fersk fisk.  
 

Anita Hansen er førsteamanuensis ved Institutt for samfunnspsykologi. Foto: Ida Bergstrøm
 

Testa fiskedietten på amerikanske kriminelle
Ville resultata frå Bergen fengsel vise det same dersom eksperimentet ble gjort ein annan plass? Anita Hansen og kollegaene gjorde ein liknande studie på ein institusjon i Wisconsin, USA. Her fekk dei tilsette tre fiskemåltid i veka. I kontrollgruppa sto middagsrettar med svin, kylling og biff på menyen.  
 
Dataene som blei samla inn, viste det same som i Bergen. Dei som hadde ete fisk, fekk høgare HRV. Dei fekk vidare betre score på krevjande tankeoppgåver. Dei brukte kortare tid på å somne. Dei rapporterte også om mindre angst.  
 
Vil teste fiskedietten på fleire grupper
Ho er ikkje ferdig med å forske på dei gunstige verknadane som fisk har på den psykiske og fysiske helsa.
–Kan det å ete meir sjømat gjere kvardagen betre for andre grupper som også har utfordringar med søvn, impulskontroll og angst?  
– Forskinga har heilt klart viktige implikasjonar for andre grupper enn akkurat dei vi har studert i dette prosjektet, seier Anita Hansen.  
 
– Eg veit ikkje heilt kvifor feit fisk verkar slik den gjer. Men eg veit at fisk har ein klar effekt på psykofysiologisk aktivering, søvn, angst og kognitive funksjonar.

Transatlantic Science Week

  • Konferanse, forum og møteplass som skal legge til rette for samarbeid innen forskning, innovasjon og utdannelse. 

  • Samler forskere, universitetsledere, byråkrater og politikere fra Norge, USA og Canada.

  • Etablert i 2002 av de norske ambassadene i Washington og Ottawa. 

Dette er prosjektet:

  • Forskingsprosjektet inneheldt fleire omgangar med datainnsamling.
  • Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom  anna UiB,  NIFES og Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels-, og rettspsykiatri, Haukeland Universitetssjukehus.  
  • Deltakarane i forsøksgruppa fekk fisk til middag tre gonger i veka, samt fiskepålegg. 
  • Resultata frå studien viste at å ete feit fisk påverkar mekanismane som styrer åtferda. 
  • Forsøkspersonane rapporterte om betre søvn og mindre angst. 
  • Dei blei også i betre stand til å løyse mentalt krevjande oppgåver. 
Powered by Labrador CMS