Arild Linneberg er professor i litteraturvitskap, og søkjer om SFF-status for senteret sitt for humanistiske rettsstudier. Han kom nesten gjennom nålauga sist, og fekk oppretta eit lite senter. Foto: Hilde Kristin Strand

Søkjer SFF for andre gong

Publisert

For tre år sidan fekk professor Arild Linneberg høgste poengsum, men ingen SFF-status. No søkjer han igjen. Det same gjer professor Ernst Nordtveit.

I Villaveien 1A ligg Centre for humanistic legal studies. I 2012 kom professor Arild Linneberg til finalen i SFF III. Han fekk toppskår på alle punkt, men ingen senterstatus. Men sidan han var så nær, fekk han pengar frå UiB til å opna eit senter i mindre målestokk. Det kan drivast i tre år til uansett.

No søkjer Linneberg om SFF-status på nytt, med ein revidert versjon. Med på laget er 40 forskarar frå i alt ti land, både juristar og humanistar. Basis er litteraturvitskap.

Blanke ark
Det er forteljinga si rolle, og kva ho betyr i rettssalen, som er det viktigaste i Linneberg sitt prosjekt. Forskarane kritiserer avgjerdsler i kriminalsaker, og dei analyserer gjenopptakingskommisjonen sitt arbeid. Dei skal sjå på juss, retorikk og kjønn, og Senter for kvinne og kjønnsforsking er mellom anna med på laget. Vidare skal forskarane arbeida med restorativ rett, altså saker som vert avgjorte utanfor rettssalen, frå ein rettsfilosofisk vinkel. Men dette er berre nokre av hovudområda senteret skal ta føre seg.

– Det er ikkje så mykje å retta på i forhold til førre søknad, me fekk jo beste poengsum, humrar Linneberg.

Men han har endå fleire internasjonale forskarar med denne gongen, og understrekar at han ikkje reknar med noko som helst.

– Eg stiller med heilt blanke ark, sjølv om eg var nær sist. Ein kan ikkje rekna med noko som helst, seier Linneberg.

Han har òg søkt om toppforskmidlar gjennom forskingsrådet, og i sommar sendte han søknaden om ERC Advanced Grants.

Dersom det vert eit Senter for framifrå forsking som skal leiast av Linneberg, reknar han med eit senter med 15-20 stillingar og eit budsjett på 20 millionar kroner i året.

Juss og økonomi
På Dragefjellet sit professor Ernst Nordtveit. Jussprofessoren jobbar med det som vert Det juridiske fakultetet sin andre SFF-søknad. Nordtveit var sjølv tenkt som prosjektleiar i førre runde òg, og prosjektet no er ikkje heilt ulikt. Det handlar om styringsmodellar og om korleis ein mest effektivt kan utnytta ressursane.

– Me har tre grunnpilarar: Marknad, kontraktsrett, innovasjon og entreprenørskap og forvalting av ressursar, seier Nordtveit.

Med i prosjektet er internasjonale forskarar, mellom anna frå USA, men flest frå Noreg. Nordtveit har vore i kontakt med Havforskingsinstituttet, og det er økonomar med frå både UiB og NHH.

– Me skal nytta det som heiter «economic analyses of law», altså økonomiske metodar for å sjå på verknadane av det juridiske systemet. Dette er ein teori som kjem frå USA. Me skal sjå på institusjonane som styrer vala våre, og på insentivsystema, seier Nordtveit.

Ei berekraftig utvikling og bruk og regulering av naturverdiane er noko av det forskarane skal jobba med. Nordtveit nyttar fiskeri som eit døme.

– Det finst kvoteordningar og massevis av forskrifter. Men verdshava er i ferd med å verta tømde for fisk likevel. I havet finst det òg endå uoppdaga ressursar, seier Nordtveit.

Då han søkte som SFF-status for fire år sidan, var det ikkje økonomar med. Denne gongen er både økonomar, samfunnsvitarar og naturvitarar med på laget. Det trur jussprofessoren er ein fordel. Sjølv om det òg er internasjonale forskarar med, er hovudfokus på Noreg.

– Me ønskjer å sjå korleis styringsmodellane fungerer i Noreg, i ein velferdsstat. Systemet verkar ut frå det bakteppet ein har, seier Nordtveit.

Jussprofessor Ernst Nordtveit søkjer om SFF-status. Han fortel at det er mykje arbeid med søknaden, i første omgang skal ein berre senda inn ein søknad på seks sider. – Det er eit ganske krevjande søknadsarbeid, seier han. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS