Aina Berg, administrerande direktør i Uni Research, er glad for at Uni endeleg får full basisløyving. Her saman med Arvid Hallén frå Forskingsrådet. NFR er ikkje heilt nøgde med alle punkta i forslaget til statsbudsjett.

No kjem reaksjonane

Publisert

Hos Uni Research er gleda over statsbudsjettet stor. Studentparlamentet og Forskerforbundet er ikkje like nøgde.

Uni Research har visst dei siste par åra at dei kjem inn under basisløyvinga. Men 2016 er det første året der selskapet er fullverdig medlem, og slik òg kan konkurrera med andre i den resultatbaserte omfordelinga.

– Det er ei glede å sjå svart på kvitt i budsjettforslaget at Uni Research no faktisk er ein del av baisløyvinga, seier administrerande direktør Aina Berg til Uni Research sine nettsider. Selskapet får 25 millionar kroner i året frå og med neste år.

Nepstad er nøgd
Få timar etter at statsbudsjettet vart presentert, kjem no reaksjonane. Uni Research er altså nøgde, sjølv om det ikkje var noko nytt i det som kom i forslaget til budsjett. Høgskolen i Bergen (HiB) er òg nøgde. Heller ikkje hos dei var det mykje nytt.

– Eit nøkternt budsjett er for så vidt heilt naturleg i den situasjonen HiB er i, med det arbeidet som ligg framfor oss i samanslåingsprosessen me skal i gang med, seier høgskuledirektør Christian Fotland i ei pressemelding.

HiB ser ut til å gå fire av dei varsla rekrutteringsstillingane. Fotland seier at satsinga på slike stillingar er bra, men at HiB gjerne ville hatt endå fleire. Høgskulen reknar òg med å få ein del av fusjonspotten dersom det vert reelle forhandlingar mellom høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord Haugesund.

Løyvingane til Havforskingstinstituttet er foreslått auka. Direktør Tore Nepstad er nøgd med budsjettet.

– Me får auka moglegheitene våre til å drive forsking, undervisning og overvaking, seier Nepstad til På Høyden

I framlegget til Nærings-og fiskeridepartementet sitt budsjett står det at «som en del av regjeringens omstillingspakke for økt sysselsetting foreslås det å øke bevilgningen på posten med 40 mill. kroner til nødvnedig vedlikehold av de marine forskningsfartøyene».

Dette fell i god jord hos Havforskingsinstituttdirektøren.

– Me har fått høve til å bygga om og rusta opp forskingsskipa våre. Dette er ting som er nødvendige for oss.

Han ser også med blide auge på satsinga på matematiske og teknologiske fag.

Mange twitrar
På Twitter er det mange som uttrykkjer glede over budsjettet. Sjølvsagt er ein del av dei politikarar med blåfarga partibok, men òg andre. Tommy Aaretun, tidlegare leiar for Studentparlamentet, skriv at «Mykje ein kan seia om #statsbudsjettet men det er i allefall strålande på FoU. Det treng Noreg for å møta morgondagens utfordringar».

Anne Kjersti Fahlvik, divisjonsdirektør for innovasjon i Forskingsrådet twitrar mellom anna at «I et spennende FoUI-budsjettforslag finnes også +40 mill til muliggjørende tekn». Forskingsrådet twitrar at «#statsbudsjettet gir forskning og innovasjon nøkkelrolle i omstilling». Men rådet er ikkje berre nøgde. På nettsidene deira ligg ein artikkel der administrerande direktør Arvid Hallen meiner budsjettet er for svakt på klima, og at det vert gitt for lite pengar til havbruk og havmiljø.

– 3000 er for lite
Forskerforbundet er òg litt nøgde. Leiar Petter Aaslestad seier til Forskerforum at det er eit godt kunnskapsbudsjett, men at institusjonane ikkje vert prioritert høgt nok.

– Regjeringa brukar truleg meir enn nokon gong på forsking og høgare utdanning, men dei fleste institusjonane kjem likevel til å oppleva at dei kan planlegga mindre fordi stadig meir av finansieringa er knytt til tidsavgrensa prosjekt, seier Aaslestad.

Studentane er ikkje så veldig glade etter presentasjonen av budsjettet. Linnea Reitan Jensen, leiar for Velferdstinget, seier til Studvest at ho er tåleg nøgd med forslaget om 2 200 nye studentbustader, sjølv om ho hadde håpa på 3 000. Johanne Vaagland, leiar for Studentparlamentet, er ikkje nøgd. Ho skriv i ei pressemelding at det er synd at ein auke i studiestøtta nok ein gang vert nedprioritert. Det er lagt opp til ein auke i studiestøtta på 3 000 kroner i året.

Nok til eit ekstra brød i veka, vert det kommentert på Twitter.

Powered by Labrador CMS