Fest for fire nye doktorar

Publisert

– Eg er ikkje berre ein slask og slaur, eg er til og med doktor. Det sa Jon Fosse då han fekk provet på at han no er æresdoktor ved UiB.

Wilhelm Koren Christie ville gi kunnskap til innbyggjarane i Bergen. Deretter kom forskinga.Rektor Dag Rune Olsen trekte linjene attende til museet sin grunnleggjar då han presenterte dei fire nye æresdoktorane i aulaen fredag.

– Å utnemna æresdoktorar er ein tradisjon som går attende til mellomalderen, den første vart peika ut ved Oxford allereie i 1470. Som æresdoktorar har ein tradisjonelt valt både akademikarar og andre som har bidrege til det akademiske fellesskapet, sa Olsen.

Berre Mondale mangla
Rektor peika på universiteta si rolle, og meiner at den aldri har vore viktigare en i dag.

– Universiteta bidreg med kunnskap. Dei genererer og transformerer kunnskapen, lærer opp neste generasjon og gir kunnskap til samfunnet. Universiteta si rolle vil endra seg, men ein vil ha det same ansvaret, sa rektor i sin opningstale.

Dei fire som vart utnemnde fredag, er forfattar Jon Fosse, forretningsmann og mesén Trond Mohn, tidlegare visepresident og senator Walter F. Mondale, og professor emerita Helga Nowotny. Av dei fire var det berre Mondale som ikkje var til stades. Sverre Mauritzen tok imot heideren på vegne av amerikanaren.

– Det er ein stolt og glad Mondale som mtotek prisen. Han skulle veldig gjerne vore her, sa Mauritzen.

Skjervheim og Johannesen
Av dei fire æresdoktorane, som fekk diplom og ring som prov på æresdoktoratet, er det berre Fosse som har studert ved UiB.

– Få tidlegare studentar har fått ein slik status som Fosse, sa dekan Margareth Hagen i sin omtale av forfattaren.

Fosse sjølv var glad for utmerkinga.

– Eg har fått mange prisar og premiar. Å verta æresdoktor skil seg ut for meg. Eg er ikkje berre ein slask og slaur – eg er til og med doktor, sa han.

Fosse trekte fram fem tidlegare UiB-tilsette som var viktige for han då han var student på 1980-talet: Atle Kittang, Eiliv Eide og Asbjørn Aarseth frå litteraturvitskapmiljøet. Han peika òg på filosof Hans Skjervheim, som gjorde stort inntrykk, og på Georg Johannesen.

– Han var den viktigaste. Eg gjekk på nokre av seminara hans. Han var kanskje ikkje all verda til pedagog, og han skreiv mangt eg ikkje syntest noko om, mykje, skal eg vera ærleg, men han skreiv nokre veldig vakre dikt. Og han var den han var, sa Fosse då han takka for utmerkinga.

Takka på vegne av dei fire
Trond Mohn er òg velkjend ved UiB. Han har gitt pengar til både Bergens forskningsstiftelse (BFS) og til medisinsk utstyr ved Haukeland universitetssjukehus, i tillegg til pengar til både idrett og kulturformål.

– Det å kunne få gi i Bergen er fantastisk. Her set ein pris på gåvene, sa Mohn.

Han sa at jo meir enn evnar, jo meir må ein gi.

– Far min sa ein gong at «hugs Trond, me er allminnelege menneske som ønskjer å gjera ein anstendig jobb». Takk, sa Mohn.

Helga Nowotny  har site i juryen for Holbergprisen. Ho er òg ein av grunnlegjarane av, og har vore president for, det europeiske forskingsrådet (ERC). Nowotny har doktorgrad både i juss og sosiologi, og dekan Knut Helland trekte fram det tverrfaglege arbeidet hennar då han presenterte henne.

Nowotny takka på vegne av alle dei fire æresdoktorane. Ho peika på situasjonen i verda i dag, med krig mellom anna i Syria og med ei flyktningkatastrofe ingen var budde på.

– Ein slik seremoni viser korleis universitetet i Bergen opnar seg mot samfunnet kring og mot verda. Me kjenner oss alle fire gjort stor ære på.

Her finn du ei liste over alle UiB sine æresdoktorar.

Powered by Labrador CMS