Forfattar Jon Fosse vert fredag æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Uventa, seier han sjølv, noka doktorgrad hadde Fosse, som er cand. philol., aldri rekna med å få.

Jon Fosse har ikkje vore attende på UiB sidan han var ferdig i 1987

Publisert

Jon Fosse tok hovudfag i litteraturvitskap for 28 år sidan. Etter det har han ikkje vore attende til UiB – før i dag. No vert han æresdoktor.

– Dette var svært uventa. Eg vart glad. Noka doktorgrad hadde eg aldri sett føre meg, seier Jon Fosse.

Fredag vert han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen, som ein av fire. Dei andre er Trond Mohn, Helga Nowotny og Walter F. Mondale.

Fosse er sett på som ein av Noregs største forfattarar. Han har gitt ut både prosa og dramatikk, og dramaa hans har vorte spelt på scener over heile verda.  Lista over prisar og utmerkingar er lang, mellom anna er Fosse kommandør av St. Olavs orden. Namnet hans har dei siste åra òg jamnleg dukka opp når det har vore snakk om nobelprisen i litteratur.

Forfattar og student
Forfattaren tok hovudfag i litteraturvitskap i 1987. Han skreiv ei reint teoretisk oppgåve om romanteori. Med i fagkrinsen var òg filosofi, og sosiologi. Eit håplaust fag i Bergen, meiner Fosse.

– Det einaste som var nyttig, var å lesa klassikarane, som Marx og Weber. Etterpå tok eg filosofi for å skjøna korleis verda verkeleg er, seier Fosse.

Fosse debuterte med romanen «Raudt, svart» i 1983. Då var han både student og far, og budde i studentbyen på Nattland.

– Eg ser i ettertid at eg burde teke eit språkfag. Eg er nok filolog av natur, og har mellom anna lært meg litt latin seinare. Men sidan eg skreiv samstundes, tok eg fag eg meinte eg kunne kombinera med å skriva, fortel Fosse.

Han jobba òg som journalist i Gula Tidend tidleg på 1980-talet.

Glad for å sleppa ut
I 1987 gjekk Fosse frå UiB for siste gong på svært mange år. Han seier at han hadde det bra som student, men samstundes var han glad for å sleppa ut frå universitetet.

– Eg har aldri sett mine føter på UiB eller på universitetsområdet igjen – før i dag, seier Fosse, og legg til at det er mest tilfeldig.

Men forfattaren har budd i Bergen i nesten 30 år. No bur han i Grotten i Oslo, men har òg leilegheit på Frekhaug og hytte i Gulen. Han seier at det som finst av byliv i litteraturen hans nok er inspirert av Bergen.

– Det er Bergen som er byen. Kanskje saman med Haugesund, der vart eg fødd. Grunnpreget mitt har eg frå Strandebarm, frå bygda Fosse. Eg vaks inn i verda der, og vart kjend med lydane der. Lydane der liknar lydane i nynorsken. Nynorsken har vorte ein slags heim for meg, seier Fosse.

No har han òg flytta til nynorskkommunen Meland.

Vil ikkje vera privat
I samtaleboka «Mysteriet i trua» seier han at ein må unngå private røynsler i litteraturen.

– Finn ein noko av studietida i litteraturen din?

– Det er ingenting direkte frå studiedagane i litteraturen. Men dei røynslene eg har, finst i skrivinga mi. For å få til å dikta kan eg ikkje bruka røynslene direkte. Det har eg prøvd, og då vert det ikkje meir enn det.  Diktinga svevar, og skal løfta meg og andre. Eg må byrja på null og lytta meg framover og stola på – kva det no er.

Powered by Labrador CMS