Professor Asgeir Sorteberg har mellom anna vorte filma på Mongstad. Å laga video karakteriserer han som lærerikt – og utanfor komfortsona. Foto: Frode Ims/Kommunikasjonsavdelinga

Ventar på 6 000 studentar

Publisert

Måndag startar UiB ein ny mooc. 6 000 personar har meldt seg på nettkurset om klima.

– Eg hadde inga aning om kor mange som kom til å melda seg på. Men 6 000 høyrest mykje ut, seier Asgeir Sorteberg.

Han er professor ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret, og saman med Kerim Hestnes Nisancioglu, professor ved Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret, står han bak UiB sin klima-mooc. Måndag startar første førelesing.

Fire-fem timar i veka
Ein mooc er eit ope, gratis, eller i alle fall vært billig, nettbasert kurs. Nisancioglu og Sorteberg har spelt inn seks videoar, dei har laga quiz, funne artiklar dei tilrår deltakarane å lesa og laga grafar og plakatar.

– Dei som tek kurset skal gjennom ti-tolv steg i veka. Dersom dei gjer dei oppgåvene me har laga, kjem dei til å bruka fire-fem timar i veka i dei tre vekene kurset varer. Men dersom dei vel å i tillegg lesa all den tilrådde litteraturen, tek det noko meir tid, seier Sorteberg.

Meininga er uansett at ein skal kunne ta kurset i tillegg til vanleg jobb.

Då På Høyden snakka med Sorteberg i desember i fjor, sa han at det var vanskeleg å vita kva nivå ein skulle legga kurset på. Han sa òg at han syntest det var vanskeleg å ikkje kunne følgja opp studentane.

– Som ein del av kurset opnar me eit diskusjonsforum. Kerim og eg kjem til å følgja forumet og kommentera litt der. I slutten av kvar veke kjem me til å laga ein video der me oppsummerer nokre av temaa som har vorte diskutert, seier Sorteberg.

Studentar og pensjonistar
Sorteberg har sjølv meldt seg på mange mooc, men det er ikkje så mange han har gjennomført. Han er svært spent på kor mange som kjem til å følgja kurset gjennom alle dei tre vekene. Dersom ein gjer det, kan ein tinga eit kursbevis. Dette må ein betala litt for.

– Kven er det som har meldt seg på?

– Slik det ser ut, er det eit breitt spekter. Det er mange studentar, men òg ein del ingeniørar og nokre pensjonistar, seier Sorteberg.

Tema er klima, og det er ingen krav til kunnskap. Men Sorteberg har tidlegare sagt at det ikkje er dumt om dei som melder seg på har ein viss kjennskap til realfag. Det ser det ut som dei har, seier han.

– Kva nivå ligg undervisninga på?

– Eg vil seia at dette er veldig tidleg i eit universitetsløp. Dette er eit innføringskurs, seier professoren.

Ressurskrevjande
Kor mange som vil gjennomføra, vil visa seg om tre veker. Sorteberg viser til ein artikkel som seier at mellom fire og seks prosent av dei som melder seg på, faktisk fullførerer.

– Ein veit jo ingenting om kurset før ein startar. For å i det heile teke få sjå den første videoen må ein ha meldt seg på, seier han.

UiB nyttar plattforma FutureLearn. Det er den same som mellom andre Universitetet i Oslo òg nyttar.

– Korleis har det vore å arbeida med eit slikt kurs?

– Det har vore gøy og lærerikt. Eg har vore litt utanfor komfortsona i forhold til mellom anna at me har laga video. Og så har det teke meir tid enn eg hadde trudd. Det er jo ikkje berre me som har vore involvert, men òg mellom anna kommunikasjonsavdelinga. Å laga ein mooc er rett og slett temmeleg ressurskrevjande, seier Sorteberg.

Dette er MOOC:

  • Massive open online courses (MOOC) er opne og gratis eller svært rimelege nettkurs.
  • Studentane følgjer forelesingar via internett. Dette gjer at kursa kan følgast av mange studentar.
  • Fleire store og prestisjetunge universitet har utvikla eigne MOOC-kurs.
  • Oppgåver og kollokvier kan organiserast i nettgrupper.
  • Ein MOOC driftast via ein plattform. EdX, Coursera og Udacity er i dag dei største.
  • MOOC har nokre utfordringar knytt til evaluering og identifikasjon av studentane.  
Powered by Labrador CMS