Ein akademisk prøve i gåing og ståing

Publisert

– Kjære alle. De som no var spente på å høyra min tale til dei nye doctores har kome til, om ikkje feil stad, så feil tidspunkt.

Ein einsleg trompet fyller aulaen med lyd. Samstundes kjem menneske opp trappa, ein og ein eller i grupper. Dei er statistane. Det er tre dagar att til den første promosjonen i den heilt nye aulaen, og berre eit døgn sidan UiB overtok aulaen.

Aulaen vert full. Studentar og tilsette er inviterte for at ein skal sjå korleis rommet vert når alle sitteplassane vert tekne i bruk. Og når dei er ferdige med sjølve prøvepromosjonen, ventar ein ny test: Korleis går det når så mange skal eta i kafeen i etasjen under på ein gong?

Thor Haakon Bakke står i døra inn til sjølve storstova. Han har fått rolla som vert i dag.

– Velkommen, seier han, og viser gjestane veg.

104 nye doctores skal få diploma sine fredag. Men er det faktisk plass til 41 personar på scena samstundes?

To russetider – og ein doktorgrad
Ein time tidlegare, i garderoben.

– Else-Marie, er ikkje denne litt stor?

Berit Tviberg Eriksen og Else-Marie Grepsly har fått i oppgåve å få på dei nye doktorane kappe. I rett storleik, og med rett farge på skuldra. Grepsly har jobba ved personalavdelinga, Eriksen hos HR.

– Eigentleg er me pensjonistar. Men eg jobbar endå, sjølv om eg slutta i fjor. Me er så gamle at me har gløymt at me har slutta, ler Eriksen.

Tor Andreas Samuelsen er den som får kappa på. Han har tatt doktorgrad i kjemi, og fortel at han tidleg bestemte seg for at han ville vera med på promosjonen dersom han kom i mål med doktorgraden.

– Og eg trur det er lurt å koma hit og trena, seier han.

Samuelsen jobbar i forskingsselskapet Nofima. Det er dei som har finansiert doktorgraden hans, og han tok sjølv kontakt med UiB for å høyra om han kunne ta ph.d-grad.

– Eg har jobba femti prosent i min vanlege jobb medan eg har tatt doktorgrad, og eg har vore gjennom to russetider som far, humrar han.

Aung Htun Lin med doktorgrad i biologi og Hugo Stokke med doktorgrad i samanliknande politikk er to av dei andre som har møtt fram for å øva.

– No føler eg at eg har stige i verdigheit, ler Stokke etter å ha fått kappe på.

Lin kjem frå Burma, og starta utdanninga si der før han kom til Noreg som flyktning. No håpar han å få ein forskarjobb, anten ved eit forskingsinstitutt eller ved eit universitet.

Fram og tilbake
Ingunn Vie Skare er litt overalt på ein gong. Ho er seniorkonsulent ved universitetsdirektøren sitt kontor og ansvarleg for promosjonen.

Noko av det ho er spent på, er om det er plass til alle dei nye doctores på scena. Det medisinsk-odontologiske fakultetet har 41 av dei 104 ferske doktorane, Det matematisk-naturvitskapelege 35.

Sjå intervju med Skare her.

 

Men først må alle koma seg inn i salen. Rektor Dag Rune Olsen og prorektor Anne Lise Fimreite kjem først opp trappa, dei vil berre ta ein sniktitt. Snart kjem dei gåande i front for ei lang rekke av universitetsleiarar, ferske doktorar og statistar.

Men Skare er ikkje heilt nøgd med rekkene. Ned igjen, og gå opp på nytt, er beskjeden.

Denne gongen går det bra. Så deler gruppa seg i to, og går fram mot scena. Men fredag må rektor hugsa at han skal svinga og gå opp midtgangen. Den einslege trompeten har fått selskap frå fleire, og gruppa frå Griegakademiet spelar ein fanfare.

– Kjære alle saman. De som er spente på min tale til dei nye doctores har kome til, om ikkje feil stad, så i alle fall feil tidspunkt. No snakkar eg litt for å testa lyden, seier rektor Olsen.

41 er for mykje
– No står eg der, Kjell, og så kjem du opp. Så organiserer dekan og kandidatar seg på vanleg måte, seier Olsen og ser på universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

– Me testar med medisinarane. No må me ha 41 opp, instruerer Skare.

Det går ikkje. Konklusjonen kjem raskt: Både 41 og 35, som er talet på nye doktorar frå Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, er for mykje. Gruppene vert delt i to, og rektor, universitetsdirektør, dekan og eit par representantar frå dei som skal få diplom øver på å gi frå seg diplom, takka, og stilla seg på rett plass. Publikum klappar.

–  Men fredag kan me absolutt ikkje klappa for kvar enkelt kandidat. Då vert det langt på natt før me er ferdige, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS