Ikkje alle avhandlingar kjem gjennom nålauga etter første gangs innlevering. Slik skal det heller ikkje vera, meiner prorektor Anne Lise Fimreite. Illustrasjonsfoto: Hilde Kristin Strand

Trykkfeil, ustrukturert, ikkje høgt nok nivå

Publisert

– Ein ser det med ein gong dersom ei avhandling ikkje er god nok, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

«Konsekvensen er at deler av avhandlingen synes forutsigbar og at mange av konklusjonene ikke virker tilstrekkelig overbevisende».

«Det skjemmer hele undersøkelsen at leseren blir presentert for en tekst som inneholder et utall av feil i fotnoter, sitater og bibliografi».

«Diskusjonen av funn viser en empiristisk og noe naiv forståelse».

«Avhandlingen vitner om at doktoranden i og for seg har både noen faglige ressurser og god fremstillingsevne».

Døma over er henta frå doktorgradsarbeid som har vorte underkjent. Som På Høyden skreiv i går, har redaksjonen gått gjennom tal frå allefakulteta for å sjå på kor mange som ikkje har kome gjennom nålauga dei siste åra. Redaksjonen har òg fått innsyn i dei sakkunnige komiteane sine evalueringar i underkjente arbeid frå alle fakulteta dei siste tre åra.

Er heilt samde
– Avhandlingane heng ikkje saman. Det er noko som manglar, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

Ho er professor i administrasjon- og organisasjonsvitskap, og har både rettleia stipendiatar og site i mange komitear. Ho meiner at ein røynd lesar nærast ser det med ein gong dersom ei avhandling ikkje er god nok.

– Som oftast les komitemedlemmene gjennom kvar for seg først, og så har dei ein dialog, anten via e-post eller ein treffer kvarandre, etterpå. I dei tilfella der ein meiner at arbeidet ikkje er godt nok, har medlemmene som oftast konkludert med det kvar for seg før dei snakkar saman. Mi erfaring er at det er sjeldan det er som resultat av dialogen mellom komitemedlemmene at ein kjem fram til at arbeidet ikkje er godt nok, seier Fimreite.

Nokre gonger får kandidatane beskjed om at avhandlinga på ingen måte er god nok.  «Komiteen framhever i sin konklusjon at teori, metode og empiri ikke henger sammen. Konklusjonen er at avhandlingen fremdeles ikke framstår som et helhetlig arbeid og at den i tillegg har betydelige formelle svakheter», heiter det i tilbakemeldinga til ein kandidat som har levert ei omarbeidd avhandling. Arbeidet vart endeleg refusert av fakultetsstyret. Ein annan kandidat fekk beskjed om at «en mulig publisering av et annet i et nettidsskrift uten status som vitenskapelig publiseringskanal bidrar ikke mye til inntrykket av de fleste av avhandlingens arbeider verken er forsøkt publisert i ordinære vitenskapelige kanaler eller noen gang vil bli det».

– Alle kan ikkje vera i front
– Ein doktorgrad skal vera eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid som bidreg til å utvikla faget, seier Fimreite.

Ho er tydeleg på at ein ikkje verken kan eller skal krevja eksellense hos alle som leverer ein doktorgrad, og seier at det ikkje er slik at ved å disputera er ein utan vidare kvalifisert for ein førsteamanuensisstilling.

– Ved UiB er det om lag 200 kandidatar som disputerer kvart år. Ein kan ikkje rekna med at alle skal vera heilt i front. Men nokre får til dømes ein artikkel på trykk i eit internasjonalt tidsskrift, kanskje ein artikkel dei har skrive saman med rettleiaren sin. Då har dei kome med eit bidrag til forskingsfeltet.

Fimreite er òg tydeleg på at ikkje alle skal koma gjennom doktorgradsløpet. Fleire av fakulteta peikar i forskarutdanningsmeldingane på at det er eit kvalitetsteikn at ikkje alle vert godkjende.

– Nokre skal underkjennast. Dersom det ikkje skjer, gjer ikkje universitetet jobben sin. Samstundes er det slik at ein i Noreg har ei ordning utan karakterar på doktorgradsnivå. Det gjer at nivået for å få godkjent nok ligg noko høgare enn dersom ein hadde hatt karakterar, seier ho.

– I Finland gir ein til dømes karakter på doktorgradsarbeidet. Men dersom ein har ei slik ordning, skulle jo nokon òg teoretisk fått E. Det hadde ikkje vore særleg stas å koma ut med ei doktorgrad med den karakteren. 

Medan På Høyden intervjuar Fimreite, kjem rektor Dag Rune Olsen innom kontoret.

– Ein doktorgrad er eit førarkort, seier han.

– Gjennom ein doktorgrad lærer ein seg kritisk, god forsking. At ein har forskarar ulike stader som ikkje har doktorgrad, er ikkje greitt.

Leverer på nytt etter eit halvt år
Mange av kandidatane som har fått underkjent arbeidet sitt, får klar beskjed om at dei har slurva. Anten har dei levert ei avhandling med mange trykkfeil, dei kan ha feil i tabellar, og nokre fyller ikkje formelle krav som samandrag på engelsk. Men samstundes får mange av dei svært konkrete tilbakemeldingar på kva som bør gjerast for at avhandlinga kan verta godkjent.

– Gode avslagsbrev kan vera ei hjelp til å koma vidare, seier Fimreite.

Ho seier at ein har tilfelle der kandidatar som eigentleg ikkje er komne i mål, likevel leverer.

– Nokre av dei vert nok usamde med rettleiaren sin og leverer utan å ha fått rettleiar sitt godkjentstempel. Andre gongar kan det vera rettleiar som anbefaler at dei leverer. Det kan vera kandidatar som er på overtid,  og der ei innlevering kan fungera som motivasjon.

Dersom komiteen ser at kandidaten kan bruka inntil eit halvt års arbeid på å betra arbeidet, anbefaler dei at han eller ho leverer på nytt. Nokre gonger er tilbakemeldinga så konkret som dette: «Som nevnt innledningsvis mener komiteen at avhandlingen i dag ikke i tilstrekkelig grad svarer til de kvaliteter og faglige standarder som forutsettes for et forsvar til en vitenskapelig avhandling. Komiteen anbefaler omarbeidelse i tråd med de råd som er gitt underveis, og som her følger oppsummert i 7 punkter».

Og mange leverer inn avhandlinga si ein gong til. Tal frå forskingsutvalet viser at det i 2010 var 24 stipendiatar som ikkje kom gjennom nålauga første gong. I 2011 var det 13. I 2011 og 2012 var det seks og ti kandidatar som disputerte etter å ha revidert avhandlinga si. 

Underkjenning

I denne artikkelserien ser På Høyden nærare på underkjente doktorgrader. Underkjente doktorgrader er avhandlingar som vert levert inn, men som ikkje vert funne gode nok. Etter ei underkjenning, vil kandidaten i mange tilfelle kunne levera på nytt. Nokre gjer det, og kjem då gjennom nålauga.

Artikkelserien ser på mange sider ved underkjenning. Dette er den sjette artikkelen i serien.

Powered by Labrador CMS