Nina Jensen (til venstre) har alt gått i samarbeid med direktør for Sissel Rogne og Havforskningsinstituttet. - Vi kjenner ikkje innhaldet i den avtalen, sa marin dekan Jarl Giske. Foto: Tor Farstad

«Vi vender oss til filantropen Røkke», sa HI-direktøren. «Lykke til», sa UiB-dekanen.

Publisert

– Vi vender oss til havfilantropen, sa havforskingsdirektør Sissel Rogne. Kor resten av det marine Bergen skal vende seg, var meir uklart under debatt.

Frå kunstig intelligens til kråkebollar og blå tårn med 64 etasjar på kjøpet. Det handla om havet og korleis redde det då Nansensenteret inviterte til debatt tysdag. 

Tidlegare på dagen hadde Havforskingsdirektør Sissel Rogne og Nina Jensen signert ein avtale. Jensen er leiar for Kjell Inge Røkkes milliardsatsing på miljø og havforsking gjennom selskapet Rev Ocean. Det er no klart at Havforskningsinstituttet (HI) skal samarbeide både om forsking, infrastruktur og ikkje minst ta del i godene frå det gigantiske forskingsskipet som er under bygging, og som blir verdas største.

– Eg går utifrå at vi ved tidens fylde vil bli informert og får delta i samtalane, sa marin dekan ved UiB, Jarl Giske.

– Men Marineholmen må også lykkast, la han til.

Han ønskte Sissel Rogne «lykke til på Dokken, for all del».

Tonen har ikkje vore den varmaste mellom toppane frå dei to forskingsinstitusjonane etter bataljen om lokalisering av nybygg for HI i fjor. Det hamnar som kjent på Dokken, slik Sissel Rogne ønskte – og ikkje på Marineholmen, som Giske og UiB-rektor Dag Rune Olsen har kjempa for.

Bergen eller Bærum

Derimot var ingen det minste ueinige om det store målet denne tysdagskvelden – å redde havet – spørsmålet var meir korleis dei skal få det til – saman. «Hvordan og hva skal vi arbeide sammen om i årene som kommer for å forsvare tittelen som «Havbyen»? Hvordan skal vi forholde oss til en aktør i Oslo som ønsker å bygge «Verdenshavets hovedkontor»? stod det i programmet. Korleis Bergen kan forsvare posisjonen som marin hovudstad, som var det eigentlege temaet for kvelden. 

Etter at Bærum kommune sa nei takk til dei spektakulære planane om eit blått tårn på 64 etasjar på Fornebu, har både politikarar i Bergen – og Os – og rektor Olsen kasta seg på for å få Kjell Inge Røkkes tårn, «Verdenshavenes hus», vestover.

Røkke sjølv kom ikkje til Bergen, men Jensen kunne forsikre om at målet fortsatt er havhus på Fornebu, ingen har sagt nei til det, ein ønskjer berre ikkje ein fullt så høg skyskrapar.

Jensen var også klar om ei anna sak:

– Skal ein få eit reint og berekraftig hav, må bergensmiljøet vere med på laget.

Jensen, marinbiolog som før var generalsekretær i WWF Norge, fortalte også at Røkke ringte henne nesten kvar dag i eit år for å få henne med på sitt lag. Det gjorde han altså til slutt, til kritikk frå miljørørsla ho kom ifrå.

– Eg ville forsøke å få til auka filantropi, sa Jensen, som no altså har makt til å bestemme kven som skal bli med på hennar storlag og redningsaksjon for den blå planeten.

Bakteppet er meir enn dystert nok – som Jensen minte om i si innleiing: På 40 år er livet i havet redusert med 40 prosent. 90 prosent av sjøfuglane har plast i magen. 90 prosent av fiskebestandane er overfiska eller fullt utnytta. Korfor? Klimaendringar, havforsuring, bifangst, forureining. 

– Vår mest langsiktige venn

Etter Nina Jensens innleiing, tok Sissel Rogne over, og leverte ein velsmurt promosjon om Havforskingsinstituttets verksemd og visjonar og den «fantastiske samlinga av nerdar» som jobbar der.

– Nina Jensen står for oss som garantist for godt miljøarbeid. Og tilsvarande stoler vi på Røkke, fordi han er filantrop. Vi vender oss til den havfilantropen vi har av dimensjonar, sa Rogne.

Ho skrytte også av UiBs Jarl Giske, utan at det verka fullt like overtydande.

Då det var dekan Giskes tur, peikte han mellom anna på at ingen andre stader i verda har så mykje marin forsking og verksemd konsentrert i eit så avgrensa område som på Marineholmen, der UiB har brorparten av si havretta forsking. Han trekte dessutan fram samarbeidsavtalen mellom UiB og Havforskingsinstituttet frå 2015.

– Havforskningsinstituttet er vår mest langsiktige venn, sa Giske.

Han sa at UiB gjerne vil samarbeide med Rev Ocean , dei også.

- Just do it

– Det er ei enorm sjanse vi har i denne byen, men det er eit stykke veg å gå før vi greier utnytte han, kommenterte professor og forskingskoordinator på Nansensenteret, Johnny Johannessen, til på Høyden etter arrangementet.

Johannessen, som sat i diskusjonspanelet med Giske, Rogne og Jensen, påpeikte ein ubehageleg ironi.

– Er det altså Røkke og det blå tårnet som skal til – for at vi skal gå frå uforpliktande prat til noko konstruktivt her i Bergen?

Johannessen meiner det fortast mogleg bør etablerast ei arbeidsgruppe – i Bergen – med «genuint motiverte» representantar og eit «klart mandat» for å samle troppane i havbyen Bergen.

– No må vi berre gjere det, just do it!

Powered by Labrador CMS