Liv Reidun Grimstvedt, rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, Rasmus Stokke, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Ole Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskulen i Bergen har ikkje uventa fått tilråing om å fusjonere.

Tilrår ein storfusjon i vest

Fordelane ved ein fusjon er større enn ulempene. Høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund bør difor fusjonere, meiner NIFU.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kunnskapsdepartementet har betalt for rapporten lagd av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), og konklusjonen er samansett: Ein fusjon vil ikkje isolert sett gjere kvaliteten betre, vurdert ut frå dei 12 kvalitetskriteria som sektoren framover vil bli målt etter.

Men når det gjeld eksterne forskingsinntekter, storleik på doktorgradsutdanningane, internasjonal orientering og samspel med samfunnet har likevel ein større institusjon betre sjansar for å lukkast, meiner NIFU, skriv På Høyden

Ikkje for pengane

Forskingsinstituttet meiner at økonomiske argument kan leggjast vekk: Det ikkje er pengar å spare på å slå saman dei tre institusjonane, som er spreidde over fem studiestader: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.  

Den største oppsida for ein fusjonert institusjon er utdanninga. Dei framtidige krava til mastergradsutdanning på lærarstudiet vil vere vanskelege å innfri for Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). 

Rapporten er tydeleg på å vise potensialet for ein stor profesjons-høgskule på Vestlandet. 

Liv Reidun Grimstvedt

Eg er nøgd med at vi har fått ein rapport som er nøktern, og som viser breidden i både utfordringar og mulegheitar.

Ole Gunnar Søgnen

Ein samanslått høgskule vil ha over 16.000 studentar, og vil dermed bli blant dei største i landet, større enn Universitetet i Bergen. 

Se også: Hele rapporten fra NIFU

(15. desember var styringsgruppa samla for å diskutere innhaldet i NIFU-rapporten som no er offentleg. Frå venstre: Trond Ueland, styreleiar ved HiSF; Ole-Gunnar Søgnen, rektor ved HiB; Liv Grimstvedt, rektor ved HSH; Rasmus Stokke, rektor ved HiSF; Christian Fotland, direktør ved HiB; Svein Ove Eikenes, stilte for Tage Båtsvik, direktør ved HSH. Foto: fusjonsinfo.no)

Få ønskjer revers

NIFU trur og at administrasjonen ved ein samanslått institusjon vil ha eit større potensiale enn alle tre kvar for seg, og vil kunne utvikle betre tenester innanfor område som samarbeid med resten av samfunnet, og forsking innanfor EU-program. 

Men rapporten konkluderer òg med at det ikkje blir særleg lettare å få universitetsstatus for ein samanslått profesjonshøgskule: Utfordringane er talet på godkjende doktorgradsutdanningar, kompetansen til dei tilsette, ekstern finansiering av forsking og internasjonalisering av forsking og publisering. 

Sjølv om mange fusjonsprosessar har fått mykje kritikk, skriv NIFU at forskingslitteraturen på området tyder på at fordelane likevel veg opp for ulempene: «Samlet sett indikerer studiene likevel at de fleste fusjoner over tid har vært relativt vellykkede i den forstand at det ikke har vært noe utbredt ønske fra de ulike aktørene om å reversere fusjonen.»

— Eg er glad for konklusjonen. Eg synest det er ein nøktern konklusjon, som peiker på veldig sentrale tilhøve, som kan bli avgjerande i diskusjonen. Og eg er nøgd med at vi har fått ein rapport som er nøktern, og som viser breidden i både utfordringar og mulegheitar. Og rapporten er berre ein del av grunnlaget styrene må ta avgjerda på, seier HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen, til På Høyden

Endå meir for

Sjølv om rapporten innheld mykje bra, trur Søgnen det hadde vore muleg å finne endå fleire argument for ein fusjon. 

— Til dømes har næringsstrukturen på Vestlandet ein karakter som gjer at han kan trenge  ein større og meir synleg profesjonsinstitusjon for å utvikle seg vidare, seier Søgnen. 

På ein del variablar, som studentgjennomstrauming, ligg både HiSF og HiB i landstoppen, og det er difor ikkje muleg å bli så mykje betre, heller ikkje med ein fusjon. 

— Denne rapporten er ikkje eit glansbilete av ein fusjon, understrekar Søgnen. 

Nøgde i Sogn

På HiSF - og i stor grad blant sogningar og fjordingar òg - har skepsisen til fusjon vore særleg stor. Styret ved HiSF har framleis aleinegang som plan A. Nytt styre og ny rektor ved høgskulen har likevel stilt seg noko meir positive til ein fusjon enn forgjengarane. 

— Eg er veldig godt nøgd med rapporten. Han er grundig, og gir eit godt grunnlag for å avgjere om vi skal gå inn i fusjonstingingar eller ikkje. Rapporten konkluderer med at det er fleire fordelar enn ulemper ved ein fusjon. Fordelane vil vere veldig avhengige av kva ein greier å skape i ein ny organisasjon, seier rektor Rasmus Stokke ved HiSF. 

— Er du meir positiv til fusjon etter å ha lese denne rapporten? 

— Eg har ei open haldning til om vi skal gå vidare eller ikkje. Men eg trur rapporten blir godt mottatt, fordi han er grundig, seier Stokke. 

HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt (bilete over) har eit styre i ryggen med eit positivt fusjonsvedtak, og rapporten passar høgskulen godt: 

— Det er spennande lesing. Han er tydeleg på å vise potensialet for ein stor profesjonshøgskule på Vestlandet. Vi ser konturane av noko stort og spennande, seier Grimstvedt. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS