Forskarar for segl

Publisert

Jan Martin Nordbotten og Erlend Hodneland tok pause frå forskinga ved å segle Tall Ships Races i kvar si skute.

Nordbotten er professor i matematikk, mens Erlend Hodneland er postdoktor på Institutt for biomedisin, der han forskar på medisinske bilete. Begge seglar treskøyter bygd etter teikningar av båtkonstruktøren Colin Archer frå Larvik. For Nordbotten er båtlivet dessutan ein heil livsstil: Han bur i båten, og brukar dessutan SY Lady Free på forskingsopphald ved andre universitet.

Jan Martin Nordbotten og Erlend Hodneland tok pause frå forskinga ved å segle Tall Ships Races i kvar si skute.

Nordbotten er professor i matematikk, mens Erlend Hodneland er postdoktor på Institutt for biomedisin, der han forskar på medisinske bilete. Begge seglar treskøyter bygd etter teikningar av båtkonstruktøren Colin Archer frå Larvik. For Nordbotten er båtlivet dessutan ein heil livsstil: Han bur i båten, og brukar dessutan SY Lady Free på forskingsopphald ved andre universitet.

– Det var veldig spennande å vere med på Tall Ships Races, synest Nordbotten.

– Veldig gøy, og rett og slett ei kjempeutfordring, seier Hodneland.

Nordsjøen rundt
Nordbotten starta like godt turen med eit forskingsopphald i Edinburgh, der han budde i to månader, og jobba med ein tidlegare postdoktor. Derifrå gjekk turen til Harlingen i Nederland, som var første hamn i regattaen. Festivalane i kvar hamn under regattaen er ein svært viktig del av arrangementet.

– Årets utgåve av regattaen hadde fire festivalar undervegs. Det er organisasjonen Sail Training International som organiserer regattaen, og det heile handlar om å gi unge menneske segltrening, fortel Nordbotten.

Sjølv hadde han med niesa og nevøen sin på 15 og 17 år, og bror sin. Fire personar er lite for kappseilas på havet.

– Det var ingen båtar med mindre mannskap enn oss.

Kravet er at halvparten av mannskapet må vere mellom 15 og 25 år gamle, og at båten må vere 30 fot (9,14 meter) eller meir.

Seglskuteshow
At den flytande seglfesten skulle til Bergen i år var ein viktig grunn til at dei to bergensbåtane blei med. Og opplevinga av å krysse Nordsjøen saman med skip som SS Statsraad Lehmkuhl er noko utanom det vanlege.

– Du får elles aldri sett så mange skuter under segl saman. Frå Harlingen trur eg vi såg SS Christian Radich kvar einaste dag, seier Nordbotten.

At seglfesten i år òg skjedde i Bergen var ein viktig grunn for at bergensbåtane blei med.

– Du får eit heilt anna perspektiv på det når du ser det heile frå ein av båtane. Det var veldig travle dagar i Bergen, og vi låg omtrent midt på Fisketorget, forklarar Nordbotten.

Der låg òg Hodneland med SY Adieu.

– Eg kjende nesten ikkje igjen sentrum med alle skutene. Det tok heilt av, med konsertar tolv timar kvar einaste dag, og masse flotte skuter. Vi fekk vener på besøk, såg på folkelivet, og spiste is. Det var nydeleg, rett og slett! seier Hodneland.

Blokk fekk nok
Hodneland hadde ikkje meir ferie, og kunne difor ikkje bli med til Esbjerg i Danmark, dit siste etappen gikk. Men Nordbotten og hans frie dame drog mot Danmark. Starten gikk utanfor Fedje, dagen etter avreisa frå Bergen. Det var eit syn å sjå den eine skuta etter den andre heise segl i lett vind.

– Vi låg utanfor Sotra. Eg sat og kvilte føtene på baugsprydet då eg merka at det var laust, seier Nordbotten.

Det viste seg at treblokka som held baugsprydet ute hadde sprokke. Dermed kunne ikkje Lady Free segle for fulle segl sørover.

– Vi hadde nok klart å fullføre, men det hadde blitt ein haltande ankomst. Det var ikkje noko kjekt.

Nordbotten valde difor å avbryte, og dro inn ved Marsteinen fyr og heim til Bergen for å reparere skuta.

Dermed gikk òg planen om å leggje turen om universiteta i København og Oslo på tilbakeveien i vasken, inntil vidare. 

Fysikk i praksis
Begge dei to forskarane har segla i årevis, og sjølv om segling er fysikk i praksis, er aktiviteten ikkje særleg jobbrelatert.

– Men eg trur det er generelt bra for forskinga at du kan kople av med noko heilt anna. Når du er djupt konsentrert på jobb, treng du å gjere noko annleis. Då er det fint å vere om bord på ein båt. Når du først seglar er det fredeleg og behageleg, synes Hodneland.

– Eg har kanskje ei betre forståing for fysikken som ligg bak, men det er ikkje sikkert at det gjer meg til ein betre seglar. Men eg trur mange forskarar har ein trong til å komme seg vekk frå byen av og til. Veldig mange på Matematisk institutt har hytte på fjellet, eller driv med aktivitetar som klatring. Å komme seg ut av kontoret og jaget foran PC-en er bra. Når ein ikkje sit på kontoret, handlar det ikkje lenger om å løyse eit særleg problem lenger, men kanskje ein får ei djupare forståing for det ein driv med, trur Nordbotten.

Seglar på jobb
Han brukar dessutan båten som base for forskingsopphald ved andre universitet. Det har så langt brakt han til Nederland, Skottland og Spania. På veg heim frå Barcelona rakk han og å vitje Grønland på veg til Bergen.

Gjennom det Statoil-finansierte Vista-programmet er han frikjøpt frå undervisning.

– Eg jobbar med alt frå nyrer til økosystem, geotermi og CO2-lagring. Eg føler at eg er inne i ein god periode forskingsmessig no, og har ikkje noko problem med å ta forskingsopphald. Men eg prøver å finne ein balanse mellom å vere utanlands for å hauste ny kunnskap, og å vere ein aktiv del av fagmiljøet i Bergen. 

Erlend Hodneland (øvst) og Jan Martin Nordbotten.
Erlend Hodneland (øvst) og Jan Martin Nordbotten.
Powered by Labrador CMS