Regjeringa vil ha nytt forskingsråd

Publisert

Regjeringa føreslår så store endringar i forskingsrådssystemet at det i realiteten er snakk om å etablera eit nytt forskingsråd. I framlegget heiter det mellom anna at grunnforsking og innovasjonsretta forsking må ivaretakast langt betre enn i dag, og at forskingsrådet må bli ein meir open arena.

Regjeringa sitt forskingsutval ønskjer ei open arbeidsform der ulike aktørar, både frå forskingsmiljø, næringsliv og samfunnsliv elles, får høve til å koma med innspel og råd til utforminga av forskingspolitikken.

Bakgrunnen for saka er den internasjonale evalueringa av Forskingsrådet som vart avslutta like før jul i fjor og ein høyringsrunde i etterkant av denne.

Universitetsdirektør Kåre Rommetveit seier i ein kommentar at han er glad for at Regjeringa har valt å ikkje dela opp Forskingsrådet, slik eitt av alternativa var etter den internasjonale evalueringa.

- Dette ville krevd mykje energi og blitt veldig kostbart, trur Rommetveit.

- Intensjonane i det nye framlegget er gode, men det er ikkje lett å sjå korleis alt dette skal kunna gjerast ved ei omorganisering av Forskingsrådet. Mange av dilemmaene er ein nøydd til å leva med, og det er vanskeleg å organisera seg ut av dei, seier Rommetveit.

Når ein skal styrka grunnforskinga samstundes som meir av forskinga skal bli tverrfagleg, er det eit døme på eit slikt dilemma, meiner universitetsdirektøren.

- Tradisjonelt har jo grunnforskinga vore mest knytta til faginndelinga, medan den meir anvendte og innovative forskinga gjerne har vore meir tverrgåande, påpeikar Rommetveit.

Rektor Kirsti Koch Christensen var tysdag på reise og ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Saka vert lagt fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet til hausten.

Powered by Labrador CMS