Ulike syn på kvotering og tiltake mot kjønnsubalanse gjekk langt inn i arbeidsutvalet til NSO, her på første benk. (F.h): Helge Schwitters, Sondre Jahr Nygaard, Kristian Myhre, Alexander Sæbø Løtvedt og Therese Eia Lerøen

Studentane går for kvotering

Norsk Studentorganisasjon har diskutert likestilling og mangfald i helga. No går dei for kvotering, kjønnspoeng og sanksjonar mot dei som ikkje tar kjønnsbalanse alvorleg.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Etter avrøysting meiner Norsk Studentorganisasjon det er eit mål at alle studium har tilnærma kjønnsbalanse i studentmassen. Kjønnsubalansen i leiinga i sin eigen organisasjon meiner de ingenting om enno, men den saka kan komme opp på landsmøtet til våren.

Kjønnsbalanse på studier

For å oppnå målet om tilnærma kjønnsbalanse meiner NSO alle studium skal vere gjenstand for årleg evaluering av kjønnsbalansen. Kvart studium skal etter ei slik evaluering sortere inn under éin av tre kategoriar:
  • Balanse: Begge kjønn er representert med minimum 40 prosent av den opptatte studentmassen på studiet.
  • Moderat ubalanse: Eit kjønn er representert med under 40 prosent men over 25 prosent av den opptatte studentmassen på studiet.
  • Kritisk ubalanse: Eit kjønn er representert med under 25 prosent av den opptatte studentmassen på studiet.

Sorterer eit studium under kategorien «moderat ubalanse» eller lågare, skal moglege årsakar til ubalansen greiast ut i samarbeid med studentante, og institusjonen skal følgje opp med tiltak for å rette opp i kjønnsubalansen, basert på disse utgreiingane.

«Tiltaksplanen kan inkludere målretta rekrutteringskampanjar, kjønnspoeng og andre kvoteringstiltak …), heiter det i vedtaket. 

Curt Rice innleia

Leiar for Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (KIF-komiteen), professor Curt Rice frå Universitetet i Tromsø (UiT) sette tonen før debatten om likestillings- og mangfaldsprogrammet til Norsk Studentunion (NSO). I ein time på fredag ettermiddag foreleste han direkte for landsstyret via Skype, om likestilling, ubalanse, kvotering og tiltak for å endre kjønnsubalansen. Og han svarte på spørsmål frå forsamlinga. Vi tar ikkje for mykje i viss vi seier at lingvistikkprofessoren frå UiT, som har sin eigen blogg med tittel «Science in balance» og no skriv bok om likestilling og leiing i akademia, var langt meir radikal enn dei fleste av studentane som tok ordet i debatten i landsstyresalen etter innleiinga. 

Sjå også: Science in balance

Framlegg til plattform om likestilling, integrering og mangfald blei langt på veg ein diskusjon om kvotering og kjønns(u)balanse. Og det var ulike syn på kva slags tiltak som skal til for å rette på kjønnsubalansen når det gjeld rekruttering til høgare utdanning, og også kvar grensa går for kva som er «kritisk ubalanse». Dissensane gjekk heilt til topps og på kryss og tvers i arbeidsutvalet også. 

— Vanvittig sterkt imot

Vi synest kjønnspoeng er eit for ondt tiltak til å vere positivt.

Madeleine Lorås

Ein kan ikke sette inn kvotering berre for kvoteringa si skuld.

Therese Eia Lerøen

Eg har forståing for at nokre kvinner synest det er kjipt å bli kvoterte, men dette er ikkje berre ein
kvinnekamp.

Jor Hjulstad Tvedt

Ikkje ulikt politiske debattar, var det flest menn som tok ordet i debatten, men ulik tidlegare likestillingdebattar historisk sett var det no flest menn som tok til orde for kvoteringstiltak, mens eit fleirtal av jentene frå talarstolen snakka imot kvotering og var skeptisk til «radikale» forslag. 

— Eg er vanvittig sterkt imot dette. Tenk på studentar som skal tvingast til å ta fag dei ikkje vil. Eg går på sosionomutdanninga og der er vi berre tre gutar. Men eg vil heller ha 100 prosent motiverte jenter enn halvmotiverte gutar i eit så viktig yrke. Eg synes framlegga her er vanvittig strenge, seier ei av jentene. Susann Strømsvåg meiner også at kjønnspoeng og kvotering er drastisk. 

— Vi må krevje at utdanningsinstitusjonane skal ha prøvd andre tiltak før kjønnspoeng og kvotering, meiner ho.

— Kjønnspoeng er eit for ondt tiltak

Madeleine Lorås frå NTNU tar til orde for at det vil vere dumt å vere for spesifikke på kva som er gode tiltak mot kjønnsubalanse fordi det vil variere frå utdanning til utdanning. Det var også snakk om «positiv diskriminering som et nødvendig onde»

— Vi synest kjønnspoeng er eit for ondt tiltak til å vere positivt, sa Madeleine Lorås. 

Heller ikkje Therese Eia Lerøen (biletet under), som no er einaste kvinnelege medlem i arbeidsutvalet i NSO var for kvoteringstiltak. Ho var positiv til kjønnspoeng, men fremma forslag om å kutte ut «andre kvoteringstiltak». 

— Kjønnspoeng kan virke positivt og er eit moderat kvoteringstiltak, men vi kan ikkje gå for «andre kvoteringstiltak». Ein kan ikke sette inn kvotering berre for kvoteringa si skuld, sa Lerøen.

Elin Kristin Sjøen som gjekk på ei sterkt mannsdominert utdanning på NTNU er også bekymra.

— Eg synest ikkje at dei tiltaka vi no skal vedta skal gå utover faget mitt, seier ho.

— Samfunn, ikkje individ

 — Altfor ofte blir debatten som denne tatt ned på individnivå, sa Martin Fredheim (biletet over)og kom med ei åtvaring mot dette. 

— Vi bør trekke inn samfunnsperspektivet her. Kva slags samfunn ønskjer vi oss. Synest vi det for eksempel er ok at vi etterkvart har 100 prosent kvinnelege psykologar i landet her, spurte han. 

Fleire av dei mannlege debattantane forsvarte både kvoteringstiltak og kjønnspoeng. Nokre ville til og med gå så langt at de ville at departementet skulle komme med sanksjonar mot dei institusjonanen som ikkje gjorde nok for å betre kjønnsbalansen på dei ulike studia sine. For eksmpel seie nei til oppretting av nye studieplassar før dei kunne vise til ei god tiltaksliste for utjamning av kjønnsforskjellar. 

NSO-leiar Anders Langset var ikkje tilhengar av direkte sanksjonar, men han. og fleirtalet i AU,  meinte at likestilling og kjønnsbalanse ved utdanningene  burde vere ein viktig sak å ha med på etatstyringsmøta med departementet. Fleire kom også opp med framlegg om at utdannignsinstitusjonane måtte søke departementet om å opprette kjønnspoeng eller å gå inn for kvoteringstiltak. 

— Lite slagkraftig kompromiss

— Eg vil gjere merksam på at vi legg opp til eit vedtak der vi meiner at kvotering er ok, og da kan vi ikkje legge så mange hinder på kvoteringa at vi ikkje klarer å fronte det. Viss vi meiner at kvotering er eit godt tiltak må vi gjere det så enkelt som mogleg for institusjonane å bruke det. Viss ikkje får vi heller berre stryke heile forslaget. No kjem det så mange kompromissforslag her at det til slutt vil gjere NSO sin politikk lite slagkraftig, sa Jor Hjulstad Tvedt frå Oslo.

Han minna også om at mange i Norge i si tid var imot røysterett for kvinner og pappaperm. 

— I dag er alle happy med dette. Eg har forståing for at nokre kvinner synest det er kjipt å bli kvoterte, men dette er ikkje berre ein kvinnekamp. Eg engasjerer meg ikkje i denne saka for individet si skuld, men for å få eit best mogleg samfunn for mine potensielle barn. Å bidra til endre kulturar og verdiar og bryte ned barrierer er ikkje det same som hjernvasking, sa Jor Hjulstad Tvedt. 

Kvotering av menn mest

Og Jørund Thomassen Gjesvik peika nettopp på at: 

— Tiltaka vi no diskuterer er faktisk mest retta mot menn, ikkje kvinner. Utdanninger med mest skeiv kjønnsfordeling er barnehagelærarar og sjukepleiarar og utdanninger med overvekt av jenter, sa han. 

Det var også to forslag til kva som skal reknast som «kritisk ubalanse» om grensa skulle bli sett på 25 eller 30 prosent. Eit mindretal i arbeidsutvalet, mellom anna Kristian meinte det burde vere 30 prosent. Etter avrøystinga blei det fleirtal for 25.

Leiar i likestillings- og velferdspolitisk komité i Norsk Studentorganisasjon, Tord Øverland, er veldig nøgd med sluttresultatet på likestillings- og mangfaldsplattforma. 

— Eg synest at NSO har tatt stilling til mykje god mangfaldspolitikk i helga. Organisasjonen har fått ei presis og god plattform, som inneheld mange konkrete forslag og, ikkje minst, er lett å lese, seier han. 

Ikkje AU-vedtak

Likestillingsdebatten i NSO blussa opp att etter valet i fjor då dei for andre år på rad fekk eit arbeidsutval (står i ring til venstre biletet over) der fem av seks var menn. Kritikken let ikkje vente på seg. I BI-studentane sin avis, Inside, fekk leiinga i NSO kritikk for ikkje å ha prioritert likestilling. 

Sjå også: Ledelsen i NSO har nedprioritert likestilling 

Møtet i Landsstyret til NSO i helga gjorde ikkje noko vedtak når det gjeld eiga toppleiing, men dei fekk inn mange framlegg både for og imot kjønnskvotering til arbeidsutvalet. Viss dette skal inn i vedtektene må det bli sak på landsmøtet i mars. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS