Valkampen hardnar til

Kjende stridstema som eksternfinansiering, reine forskarstillingar og personalpolitikk kom på bordet då rektorteama møttest til debatt går.

Institutt for informatikk, Molekylærbiologisk institutt og Institutt for biologi arrangerte debatt på VilVite-senteret på Marineholmen i går. På grillen låg Team Olsen og Team Atakan.

Kravde svar om BFS
Christian Jørgensen er forskar ved Uni, og ein av dei fire som heldt innleiingar til debatten. Med tittelen «Rekruttering – hvordan rekruttere talentfulle forskere og undervisere til UiB?» etterlyste han klare svar på om framtidige forskarar vil kunne belage seg på pengar frå Bergens forskingsstiftelse (BFS).

– I personalpolitikken manglar UiB respekt for felles definerte verdiar. Med få nytilsettingar framstår forskarutdanning i dag som ein karriereveg som like gjerne kan ende opp i ørkenen. BFS-ordninga er eit unikt fortrinn for UiB. Kontakta vart sagt opp av sentralleiinga i fjor, men heldigvis gjenreist i år. Noverande team har avvikla BFS-ordninga og gjort samarbeidet med Uni Research vanskeleg og uføreseieleg. Kva vil team Atakan gjere annleis? spurde han.

– Vi vil ivareta talent, og vi ser framover, svara rektorkandidat Kuvvet Atakan. Og heldt fram:
– Tenure track begynner å bli ein realitet, som vil gje nye mulegheiter. Sentralt er det likevel at våre forskarar skal ha forsking, formidling og undervisning som sine primære aktivitetar.  

Atakan vil likevel ikkje gje frå seg kontrollen over kven som skal få professorat ved UiB for all framtid.

– Det er ei ordning som gjer at vi kan ta vare på talenta våre, og bidra til at dei kvalifiserer seg til faste stillingar. Men vi vil kunne følgje våre eigne kvalitetsrutiner, og ikkje låse oss til ein avtale som skal føre til fast tilsetting, sa Atakan.

Rektorkandidat Dag Rune Olsen var glad for at BFS-ordninga var gjenopna.

– Det er ei fantastisk kjelde til finansiering, sa Olsen.

– Vi vil inngå samarbeid med fagforeiningar og fakultet for å få til innstegstillingar fleire stader, sa Anne Lise Fimreite, prorektorkandidat for Team Olsen.

Forskar Christian Jørgensen nytta og taletida til å sette tilsettingar ved UiB under debatt.   

– Ser ein på UiB sin personalpolitikk kan ein tru at de helst ser at ein etter enda doktorgrad og post doc periode går under jorda i ti år, før ein kjem attende til UiB med ei lang publiseringsliste, ein klar forskarprofil, eit rikt internasjonalt nettverk, og aller helst som kvinne, sa Christian Jørgensen.

 

Eksternfinansiering
Professor Dag L. Aksnes heldt innleiing med tittelen «Ekstern finansiering, strategiske satsinger og randsonen».

– Dei midla som tidlegare kom som basis, kjem no som eksternt utlyste middel. UiB klarar ikkje å nyttegjere seg av desse midlertidige midlane for å skape permanent forskingsverksemd, sa Dag L. Aksnes i innleiinga si.

– UiB starta med å tilpasse seg dette ein gong på 90-talet. Men no har det vore stopp i åtte år, og ein har gått tilbake til den modellen der ein både skal forske ogundervise. Spørsmålet er om ikkje denne 50/50-modellen står i vegen for forskingsvekst, sa Aksnes.

Atakan vil ikkje fire på kravet om at vitskapeleg tilsette også skal bruke tid på undervisning av studentar.

– Vi har eit samfunnsoppdrag som handlar om utdanning. Dette er ei nasjonal oppgåve vi må utføre, sa Atakan.

Og fekk støtte frå lagkamerat og viserektorkandidat Gottfried Greve:

– Forsking vert betre i møte med studentane. Har ein overskot til å gjere meir forsking, har ein overskot til å gje betre undervisning også, sa Greve.

– Vår plikt er å legge til rette for at ein lukkast. Det er avgjerande for å få eksterne midlar. 50/50-fordelinga mellom forsking og undervisning er ikkje steinisk, sa Olsen.

–Still skyhøge krav
Også studentane fekk stille teama til veggs. Bachelorstudent Ingrid Holm var klar på at studentane forventa betre og fleire lesesalplassar, samt digital eksamen. Ho ba òg om at studentar får god opplæring i akademisk skriving og formidling,

– UiB bør ikkje vere redde for å stille skyhøge krav til forelesarane sine pedagogiske evner, sa Ingrid Holm.

Kuvvet Atakan peika på at finansieringsmodellen for universiteta, der ein får løyvingar etter studenttal og studiepoengproduksjon ikkje gjer det lett å tilby resursskrevande undervisning til studentane.

– Vi har forsøkt å dimensjonere studentopptaket, men vert styrt i den andre retninga. Skal vi satse på kvalitet kan vi ikkje satse på kvantitet samtidig. Kanskje oss vi som arbeider på universiteta skulle reist oss unisont og protestert mot dette?

Forsidefoto: Dag Hellesund

 

Powered by Labrador CMS