Går vidare med utgreiing i vest

Dei tre høgskolene på Vestlandet som møttest torsdag til samatalar går vidare i ein prosess som kan ende i fusjon og eit nytt universitet i vest.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Leiinga frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskulen i Bergen (HiB) møttest torsdag for å diskutere mandatet til den komande utgreiinga om ein eventuell fusjon.

Les óg: Vestlandet kan få nytt profesjonsuniversitet

— Vi hadde eit positivt og godt møte der vi fekk jobba fram eit utkast til mandatet, som vi no vil arbeide vidare med, seier Liv Reidun Grimstvedt, rektor ved Høgskulen Stord /Haugesund, til På Høyden.

At ein skulle iverksette ei slik utgreiing blei partane einige om då statssekretæren kom til Bergen for å løyse opp i det som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har kalla Vestlandsfloka.

Ulike framtidsscenario for Vestlandet

Saman med Rasmus Stokke (bilete under), rektor ved HiSF og Ole Gunnar Søgnen, rektor ved HiB, skal Liv Reidun Grimstvedt initiere ei mogleigheitsstudie for korleis ein stor Vestlandsinstitusjon kan bli.

— Eit eksternt firma vil gjere ei datainnsamling og vidare analyse frå dei tre institusjonane, slik at vi får eit felles bilete. Dette felles biletet vil gjere det lettare å sjå for seg korleis institusjonane vil stå i forhold til ulike framtidsscenario, seier Rasmus Stokke.

Lang veg fram til fusjon

Utkomet av utgreiinga vil deretter bli behandla av styra ved dei tre institusjonane.

— Ein pluss ein pluss ein må bli meir enn tre, seier Liv Reidun Grimstvedt.

— Vi må også ta med i vurderinga kven ein eventuell fusjon skal gje utbytte for, i privat og offentleg sektor, og korleis ein eventuell fusjon gjennom profesjonsutdanningane kan styrke potensialet for innovasjon og omstilling lokalt og regionalt, seier Liv Reidun Grimstvedt.

Ho presiserer at ei utgreiing ikkje nødvendigvis må resultere i ein fusjon.

— Ein må ta kvar sak for seg. Vi har eit samrøystes vedtak på at vi er opne for fusjon, fordi vi meiner det vil styrke utdanninga, forskinga og arbeidslivet på Vestlandet.

Sogn og Fjordane: Fryktar tap av beslutningskraft

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har ein vore langt frå samrøystes.

«I leiargruppa ved HiSF har det vore ulike syn og meiningar om struktursaka. Det gjeld både innhald og prosess. I dei fleste fagmiljøa i Sogndal har sjølvstendestandpunktet stått sterkt. I Førde har det både ved sjukepleie- og ingeniørutdanningane vore stemning for nærmare samarbeid og mogleg fusjon med Høgskolen i Bergen», heter det i styrepapir frå september.

Rasmus Stokke meiner motstanden botnar i frykt for tap av beslutningskraft, samt frykt for at ein ikkje veit korleis ein fusjon med andre høgskular vil påverke Høgskulen i Sogn og Fjordane.

— Så lenge vi ikkje heilt veit kva alternativet til å stå aleine er, blir det rom for mange spekulasjonar. Vi håper at utgreiinga skal gje oss eit klarare bilete av kva som kan bli utkomet av ein eventuell fusjon, seie Rasmus Stokke.

Ole Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskulen i Bergen, ønskjer ikkje å kommentere utviklinga i samarbeidet. I ein epost til På Høyden skriv han at: 

«Jeg sitter midt i arbeidet med å formulere mandatet for en felles utredning som skal være grunnlag for evt fusjonsforhandlinger.  Vi begynte arbeidet i går kveld.  Vil helst ikke snakke om dette før mandag ca lunsj - da skal dette være klart.»

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS