Taper på internasjonalt samarbeid

Publisert

Tellekantsystemet gjer at fleire av fagmiljøa ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet taper publiseringspoeng når dei samarbeider internasjonalt. Det påpekar instituttleiar Johan Lillehaug ved Molekylærbiologisk institutt.

Innan matematisk-naturvitskaplege fag er forfattarlister med over hundre medforfattarar eit ikkje uvanleg syn. Forfattarlistene viser den store graden av samarbeid i matematisk-naturvitskaplege forskingsprosjekt, men illustrerer også kor problematisk tellekantsystemet er for miljø som i stor grad deltek i samarbeidsprosjekt, ifølge Johan Lillehaug, instituttleiar ved Molekylærbiologisk institutt.

Publiseringspoenga vert delte mellom alle samarbeidspartnerane. Dermed får dei dårleg utteljing for å delta i forskingsprosjekta.

– I vårt fagfelt er det slik at ein god internasjonal profil med samarbeid på tvers av disiplinar og landegrenser gjer det vanskeleg å bidra til universitetet sin økonomi, seier han.

Sterkt samarbeid
Lillehaug understrekar at det å ikkje delta i samarbeidsprosjekt ikkje er noko alternativ. Internasjonalt samarbeid i forskingsprosjekt har sterke tradisjonar i realfaga.

– Dei krava som vert stilte til publisering gjer at det er bortimot umogleg å sitte på all ekspertisen sjølv. Vi må søke utover. Kvar samarbeidspartnar blir ei brikke i eit stort puslespel. Og sjølv om vi mister publiseringspoeng ved å samarbeide, så tyder ikkje dette at kvaliteten på forskinga er dårlegare enn den som gjev fleire publiseringspoeng, ofte det motsette, seier Lillehaug.

Det å trekke inn fagmiljø utanifrå er avgjerande for vitaliteten i forskinga, meiner han.

­– Innavl er verste sort, og det er ikkje annleis for vitskapen. Her fører innavl til utarming og oppløysing av gode miljø, seier han.

Føreslår alternativ
Han meiner at forskarane klarer å halde fokus på å gjere mest og best mogleg forsking, og ikkje på publiseringspoenga. Tellekantsystemet er likevel eit frustrasjonsmoment, ifølge Lillehaug. Få publiseringspoeng ser dårleg ut i statistikkar. I tillegg slår det dårleg ut på økonomien, i den forstand at publiseringspoeng gjev belønningsmidlar. 

Framfor publiseringspoeng, foreslår Lillehaug premiering etter evne til å trekke inntekter til universitetet eller bruk av internasjonalt anerkjende evalueringar av kvalitet, som til dømes impact factor. Han viser også til Storbritannia, der ein i større grad ser på nedslagskraft når ein skal døme kvaliteten på fagmiljø.

– Tellekantsystemet er eit særnorsk fenomen som ikkje stimulerer til forsking. Det burde heller leggast opp slik at det fungerer som eit incentiv til forsking, seier Lillehaug.

– System med manglar
Dag Rune Olsen, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, meiner at tellekantsystemet har mange manglar. Praksisen med deling av publiseringspoeng ved nasjonalt og internasjonalt samarbeid har konsekvensar for oppteljing av kor godt fagmiljøa gjer det og kan i siste instans tenkjast å få innverknad på budsjettfordelinga.

– Men vi hadde gjort noko gale dersom vi skulle la oss styre av at det å samarbeide med briljante forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt gjev dårlegare utteljing på publiseringspoeng. Vi ignorerer dette og oppfordrar tvert om til samarbeid. Så får heller publiseringspoenga bli som dei blir, seier han.

Ifølge Olsen kjenner mange forskarar seg pressa til å publisere i tidsskrift på nivå 2. Sjølv har han ingen problem med å støtte forskarar som heller vil publisere i tidsskrift som er rangerte på nivå 1.

– Dersom det er i tidsskrift på dette nivået forskarane meiner at dei i størst grad får kommunisert og delt kunnskapen med sitt eige vitskapssamfunn, så kan dette vere det beste. Vi må ikkje ri publiseringspoengbølga inn i det absurde, seier han.

 

Powered by Labrador CMS