Rektor Liv Reidun Grimstvedt ved Høgskulen Stord/Haugesund tok det første skrittet mot eit muleg stort profesjonsuniversitet på Vestlandet. Statssekretær Bjørn Haugstad (bak) kan dermed vere på veg til å løyse fusjonsfloka på Vestlandet. Foto: Tor Farstad/På Høyden Foto: Tor Farstad

Tre høgskular kan bli til eitt nytt universitet på Vestlandet

Høgskulane i Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund og Bergen går saman om ei utgreiing som kan ende i eit nytt storuniversitet på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Med kring 15 500 studentar kan det nye universitetet bli den største utdanningsinstitusjonen på Vestlandet.

Planen om å greie ut eit stor-universitet kom etter at Kunnskapsdepartementet hadde samla de fleste universiteta og høgskulane på Vestlandet på møte i går og i dag. Tema var som vanleg å få til fusjonar mellom institusjonane, slik regjeringa jobbar for.

Les også: Sikter mot løysing på fusjonsfloka i vest

– Eg trur dette har vore eit viktig møte. Vi har kome nærare kvarandre og erkjent at vi har eit ansvar for å styrke Vestlandet som landsdel. Om vi ikkje gjer noko kan vi om fem år ende opp med ein fragmentert landsdel, seier rektor ved Høgskulen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen (biletet under).

(Foto: Skjalg Bøhmer Vold)

Tre kan bli til éin

Saman med leiinga ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har Søgnen avtalt å lage ei felles utgreiing om eventuelt å slå dei tre institusjonane saman til éin. Dersom dette blir utfallet, skal samanslåinga skje 1. januar 2017. Den knappe tidsplanen er eit krav frå departementet.

Tidlegare har HSH freista å slå seg saman med Universitetet i Stavanger, men dei to institusjonane klarte ikkje å bli einige. HiSF har så langt ikkje ønska å slå seg saman med nokon.

Les også: 

Søgnen føreset at dei to partnerane frivillig vil gå inn i ein eventuell fusjon.

– Vi er  ikkje villige til å gå inn i ein fusjon med uvillige partnerar, seier han til På Høyden.

Kan slite med minimumskrav

Bak dei endra signala, særleg frå HiSF, ligg kunnskapen om at Norgeskartet over universitet og høgskular er i ferd med å bli radikalt endra. Om ein ikkje gjer noko vil Vestlandet sitje att med svært små institusjonar samanlikna med resten av landet.

– Skremmebiletet er at vi tapar i konkurransen mot andre landsdelar, fortel Søgnen.

I dei kommande åra vil krava til doktorgrader og mastergrader bli skjerpa, og lærarutdanningane vil bli femårige, med tøffare krav til undervisarane. Mange noverande høgskular vil slite med å oppfylle krava.

– Og då snakkar vi om minimumskrava, understrekar Søgnen.

Han er klar på at det ikkje er snakk om å leggje mindre institusjonar inn under HiB.

– Vi har sagt at det blir ein heilt ny institusjon, med eit nytt namn. Ingen skal underleggjast oss. Målet med ein ny institusjon må vere at vi tek oss av vårt regionale oppdrag på ein betre måte, seier han.

HiSF må få mandat frå styret

Trond Ueland har nettopp starta som styreleiar ved HiSF. Han er klar på at det framleis er sjølvstende styret ved høgskulen har vedtatt. Men han synest ei utgreiing om eit profesjonsuniversitet er ein interessant tanke.

– Vi må no gå tilbake til styret vårt, for vi har ikkje noko mandat til å gå inn i ein slik prosess, seier Ueland.

Neste styremøte ved HiSF er 23. til 24. september.

– Ei slik utgreiing ser eg på som eit naturleg steg. Ein modell kan vere eit universitet med fleire aktørar, seier Ueland.

– Utgreiing vil kunne føre fram til ein samanslått institusjon, men det vil òg kunne komme fram andre organisasjonsformer på vegen, seier Rasmus Stokke, som byrja som rektor ved HiSF i august.

At Kunnskapsdepartementet i dette møtet har vist større forståing for det regionale oppdraget til utdanningsinstitusjonane, har vore viktig for den relative suksessen.

– Den regionale rolla veg tungt for høgskulane. Å styrke institusjonane kan vere viktig for å styrke veksten i regionane, seier Stokke.

At ein ny institusjon kan få universitetsstatus er og eit argument for eit profesjonsuniversitet på Vestlandet.

– Å vere eit universitet tyder konkurransekraft, seier Stokke (biletet under).

(Foto: Tor Farstad/PåHøyden)

HSH vil ta ansvar

HSH si truloving med UiS i Stavanger førte ikkje til ekteskap. No er rektor Liv Reidun Grimstvedt nøgd med å ha to mulege framtidige partnerar.
– Det har vore eit spanande møte. KD uttrykker at dei vil vere ein fasilitator i ei komande utgreiing. Ut frå vårt styrevedtak er vi opne for fusjon. Vi vil vere med og ta eit kollektivt ansvar for profesjonsutdanningane på Vestlandet.

– Dykkar førre fusjonsforsøk havarerte. Er de motiverte for ei ny runde med forhandlingar?

– Vi beklagar at det gjekk som det gjekk, men nå det ikkje kom i mål er det vårt ansvar å bidra til å ruste oss for nye krav ved å sjå på andre muligheiter, seier Liv Reidun Grimstvedt.

– Kimen til ei løysing

Vestlandet har så langt vore den største floken på fusjonslina til regjeringa, og bruk av tvang sit langt inne.

– Er de nærmare ei løysing på vestlandsfloka?

– Det vi har diskutert desse to dagane har kimen i seg til å bli ei løysing. Det er for tidleg å seie om dette er sjølve løysinga, seier statssekretær Bjørn Haugstad, som leia møtet.

Det er dei endra signala frå HiSF, som har bytta både rektor og styreleiar i løpet av sommaren, som muleggjer tanken om eit stort profesjonsuniversitet spreidd over store delar av Vestlandet.

– Eg registrerer at Høgskulen Stord/Haugesund peikar på at dei har styrevedtak som opnar for større og sterkare institusjonar, og at dei tenker i retning av å kunne bli profesjonshøgskular eller profesjonsuniversitet. Høgskulen i Sogn og Fjordane har eit styrevedtak som peikar mot sjølvstende snarare enn samanslåing. No forstår eg rektor dithen at dei vurderer å justere på denne posisjonen, for å kunne gå mot ei felles utgreiing saman med Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund.

Roppen i Volda står på sitt

Universitetet i Stavanger var ikkje invitert til møtet, då dei allereie har takka nei til fusjon med HSH, og kan stå aleine.

Høgskulen i Volda var òg representert på møtet, men er ikkje klar for å greie ut eit stor-universitet saman med dei tre lengre sør. Plan A er framleis sjølvstende, mens ein form for allianse med Høgskulen i Molde og Høgskulen i Lillehammer er plan B. Ein eventuell fusjon kjem først på tredjeplass.

– Slik ser i alle fall mi ønskeliste ut, seier Johann Roppen, som blei vald til rektor i Volda på eit sjølvstendeprogram.

Men han er òg nøgd med at departementet viste større forståing for det regionale oppdraget til høgskulane.

– Vi undersøker om det er rom for kvalitetsheving innanfor ein allianse. Men departementet sitt klare råd er å sjå til Bergen, seier Roppen.

Kunst- og designhøgskulen i Bergen deltok òg på møtet:

– Vi har kome langt i samtalene med Universitetet i Bergen. Vi har eit avklart mandat i tråd med styrevedtaket vårt, seier rektor Gerd Tinglum. 

Tanken om eit profesjonsuniversitet på Vestlandet er ikkje ny. 

Les også: 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS