65 millionar kroner meir i forlik

Universitets- og instituttsektoren får 65 millionar kroner meir etter at Kristeleg Folkeparti og Venstre har gjort ein avtale med regjeringspartia. Uni Research er blant vinnarane.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag blei resultatet av forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett mellom regjeringa og dei to støttepartiene Venstre og KrF offentleg:

  • 49 millionar kroner meir i grunnfinansiering til statlege universitet og høgskular. Halvparten blir kopla til EU-indikatoren i resultatbasert omfordeling, resten blir kopla til publiseringsindikatoren. 
  • 1 million i auka grunnfinansiering blant private høgskular. 
  • 15 millionar kroner i basisløyving til instituttsektoren, pengane skal gå til institutt som ikkje har slik løyving i dag. 

Overraska

Administrerande direktør Aina Berg i det UiB-eigde forskingsselskapet Uni Research er særs glad og overraska over ekstraløyvinga til instituttsektoren. 

— Vi byrja for alvor å jobbe med å få basisløyving i fjor haust. Då er det heilt fantastisk at det kan sjå ut som om vi får pengar allereie i 2014. Ei slik løyving vil kunne gjere det muleg å setje i gang prosjekt vi elles ikkje hadde hatt finansiering til, og det gir oss fridom til å satse nytt, seier Berg til På Høyden. 

Korleis dei 15 millionane blir fordelt er ikkje klart, men Forskingsrådet jobbar med å gjere klar retningslinjer for dette. 

— Vi må vere så tøffe i kjeften at vi tror vi får godkjenning i styremøtet i Forskingsrådet 3. september. Eg går ut ifrå at dei 15 millionane blir fordelt over fleire institutt, men eg har tru på at vi skal få ein god del av potten, seier Berg. 

Andre forskingsinstiutt som kan vere i posisjon til å få basisløyving er Polytec i Haugesund og Teknova i Agder. Uni Research Rokkansenteret har allereie ei basisløyving på kring 4 millionar kroner. 

— Hos oss vil pengane gå til forsking på helse, miljø, klima og energi. 

Flytta på 380 millionar

Revidert nasjonalbudsjett blei presentert av regjeringa 14. mai, og inneheld endringar i statsbudsjettet for 2014.

KrF og Venstre har hatt tingingar med regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, og dei har no avtalt å flytte på 380 millionar kroner. Pengane er henta frå postane «Ymse» (323,8 mill.) og «Redusert kvotekjøp» (56,3 mill.). 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS