— Det tar ikkje mykje tid, dette presidentvervet, men det heng høgt og er stas. Vi har eit sekretariat i Paris og skal snart få eit kontor i Kina, fortel den ferske SCOPE-presidenten og fysikkprofessoren ved HiOA, Jon Samseth. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Første norske presidenten i SCOPE

Fysikkprofessoren på Kjeller meiner at det ikkje er så mange som forstår kva han held på med eigentleg. No har han blitt president òg.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Jon Samseth er fysikkprofessoren ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) som i media er mest kjent som kjernekrafttilhengar og ekspert-kommentator ved atomkraftulykker, som Fukushima til dømes. Miljøstiftinga Bellona har sagt at Samseth er i utakt med verda, fordi han ser ei framtid i atomkraftverk. Men han trur han vil få rett til sist, og at Norge kjem til å få sine atomkraftverk.

Trur på ungdomen

— Ikkje no, men om 30 år kanskje. Då styrer den generasjonen som ikkje hugsar Tsjernobylulykka. Eg blir ofte invitert til politiske ungdomsorganisasjonar for å snakke om dette og dei er meir positive enn den eldre generasjonen, seier han. Og kjernekraftverk slepp ikkje ut CO2. Fysikkprofessoren meiner at det er for mykje fokus på klimaspørsmål. 

— All fokus på CO2 har gjort at vi no slepp ut for mykje nitrogen, til dømes. Ein må tenkje på heilskapen og ikkje oversjå nokon ting, seier han. 

— Kva meiner du er den største miljøutfordringa i verda i dag, er det ikkje klimaendringane? 

Eg kan ikkje forstå at eit campus på Lillestrøm skal vere så framtidsretta.

Jon Samseth

Det gir null kred ute i verda å komme frå ein høgskule.

Jon Samseth

Det er ein dårleg idé med to leiarar, det beste er å ha ei felles leiing, slik dei har på fakulteta.

Jon Samseth

— Nei, det overordna problemet er at det er altfor mange menneske på jorda, men viss vi ser bort ifrå det, så er tap av biodiversitet og landområder noko som mange fleire burde bekymre seg over. Tenk på all naturen som blir øydelagt nær ein by i vekst, store område med matjord blir bygd ned over heile verda. Klimaendringane går sakte samanlikna med dette, seier han - som òg er bekymra for monokulturar og alt det industrielle jordbruket fører med seg. 

Første norske president i SCOPE

I vår blei han vald til president i SCOPE (Scientific Committee on Problems of the Environment), som er er ein verdomfattande organisasjon for dei beste miljøforskarane i verda. Organisasjonen arbeider tverrfagleg med alle relevante fagfelt i tilknytting til dei ulike tema. Naturleg nok vil miljøvitskap, fysikk, kjemi og biologi vere sentrale. SCOPE samarbeider nært med UNESCO og UNEPFNs miljøprogram.  - og lager utgreiingar om miljøproblem som kjem til å kome. Nett no handlar det om karbon i jordsmonnet og om bioenergi. 

Samseth har vore visepresident der ein periode, men no sit han heilt på toppen, som den første nordmann i den posisjonen - og med hovudkontor i Paris. Det siste kan passe han bra. Han har eksamen frå  École Nationale Supérieure du Pétrole et des Moteurs (ENSPM) i Frankrike. Der blei han diplomingeniør før han tok doktorgraden sin i fysikk ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA.

Wikipedia-definisjonen

Dei som framleis ikkje forstår kva fysikkprofessoren eigentleg held på med kan få hjelp frå wikipedia:

«Professor Samseth har forsket på såkalte myke materialer. Innenfor dette feltet har han brukt nøytronspredning til å studere surfaktantsystemer, herunder mikroceller og mikroemulsjoner, aerogeler og blokk-copolymerer. Siden 2004 har han vært involvert i studiet av nanostrukturelle polymer-membraner til separering av ulike gasser».

Så da veit vi det.

Toppfolk på kontoret

Han smiler da Khrono møter ham på jobben på Institutt for produktdesign på campus Kjeller. Ved skjermen på kontorpulten hans står ein solid mikrofon, og her får han toppfolk frå hele verda inn på kontoret sitt via skypemøter. 

Her er det mellom anna ein tidlegare CERN-direktør og president Obamas første undersekretær i energi, seier han. Denne CERN-direktøren kjem for øvrig til Kjeller i september i år, seier han.

— Det tar ikkje mykje tid, dette presidentvervet, men det heng høgt og er stas. Vi har eit sekretariat i Paris og skal snart få eit kontor i Kina, fortel han. 

Men det han eigentleg forskar mest på nett no er vindkraft. Trønderen har også ein 20 prosent professor II stilling ved NTNU i Trondheim og jobbar ved SINTEF. Der går det i vindenergi.

— SINTEF er jo eit oppdragsforskingsinstitutt, så det gjeld å vere fleksibel og ikkje låse seg til eitt tema, seier han og vil no prøve å dra inn produktdesign på høgskolen i arbeidet med urbane vindmøller.

Vindmølle på Oslo Plaza

— Så no kan vi få vindmøller på toppen av Oslo Plaza til dømes? 

— Ja, noko tilsvarande det som har vore testa ut på Posthuset i Oslo. I Danmark er det ei forenkla sertifiseringsordning for husvindmøller. Vindmøller i byen er ikkje så vanleg enno, men det kan bli. Dei vil ikkje sjå ut som dei vanlege vindmøllene, men vere mindre og med ein sylinder som roterer rundt ein akse som står rett opp frå taket, forklarar han - ikkje med slike store rotorblader som ein ser elles. 

Samseth er også aktiv i Interreg-samarbeidet (EU sitt program for grensenært samarbeid) med Universitetet i Karlstad andre høgskolar i grenseregionen Norge-Sverige. Det har tatt mykje tid, og han meiner at dette samarbeidet er ein suksess. 

Interreg-prosjekt

— Tilsaman tilbyr deltakarane i Interreg-prosjektet ulike kurs som kan gå inn i ein mastergrad ved Universitetet i Karlstad, seier han. Og fordi Kjeller ligg nær svenskegrensa er dei innafor Interreg-samarbeidet, medan HiOA i Oslo ikkje er med. I det neste Interreg programmet som startar neste år, vil fokus bli på FoU og det passar oss godt i samband med etablering av forskingsgruppe i designfag.

Samseth har også vore aktiv i arbeidet med å få ein PhD i designfag og å etablere forskingsgruppe på feltet.

Vil ha PhD i designfag

— Eg meiner dette er strategisk viktig for ein doktorgrad. Fakultetet bør få ein PhD så raskt som mogleg, der vi har ein sjanse på dei etablerte mastergradsprogramma på fakultet, og for å få tilgang på doktorgradkandidatar. Vi har sjansen til å velje ein profil som ingen andre har; berekraftig design, seier han og seier at målet er at doktorgradsprogrammet skal vere oppe og stå i 2017. Då er det også 100 års-jubileum for Blaker, så det skulle ha vore eit passande høve, meiner han.

— Vi kan få det til innan 2017, men då må det bli sett av ekstra interne ressursar og bli jobba systematisk med dette, seier Samseth. Tida går nemleg fortare enn ein trur.

Prorektor-kandidat

I 2011 stilte Samseth som kandidat som prorektor saman med rektorkandidat Trine B. Haugen i rektorvalet. Dei tapte mot det sittande rektoratet, men valplakaten frå den gongen heng enno på kontordøra hans. 

— Stiller du igjen viss det blir val neste gong? 

— Eg stiller ikkje som rektor, eg kan - men vil ikkje - administrere så mykje. Men prorektor kan eg gjerne stille opp til ein gong til, seier han. 

— Men kva synest du? Skal det vere vald eller tilsett rektor? 

— Kva som er best er frykteleg personavhengig, men eg synest at det er ein dårleg idé med to leiarar, det beste er å ha ei felles leiing, slik dei har på fakulteta, seier han, som synest auken i administrativt tilsette ved høgskolen er ei skremmande utvikling. 

NTNU-modellen er best

— Høgskolen i Akershus var gjennom ein runde på dette i 2003, då forsvann størstedelen av direktørsjiktet, seier han og meiner at organisasjonsmodellen frå NTNU, med tilsett rektor, er betre enn universitetsmodellen som HiOA har no. 

Samseth var i si tid ein stor tilhengar av fusjonen mellom dei to høgskolane, dei fleste på Høgskolen i Akershus (HiAk) var det. 

— Men det blei ikkje slik som vi hadde tenkt. Vi blei lova direkte campusutvikling, og det skulle ikkje bli ein reduksjon av heiltidstilbodet slik det er no, seier han. Han er også ein av dei få vi har møtt som ikkje omfamnar ideen om å flytte campus Kjeller til Lillestrøm.

Lillestrøm er ikkje framtidsretta

— Eg kan ikkje forstå at eit campus på Lillestrøm skal vere så framtidsretta. På Lillestrøm er det avgrensa moglegheit til å vekse og utvikle seg, i alle fall på den tomta det er snakk om no. Ein må slutte å tenkje fem år fram i tid, men heller tenkje 50, seier han og viser til at trenden ved dei aller fleste undervisningsinstitusjonane i verda på eit eller anna tidspunkt har flytta ut av sentrum for å få meir plass.

Men universitetsstrategien stiller han seg 100 prosent bak. 

Høgskole gir null kred

— Det gir null kred ute i verda å kome frå ein høgskole. For ikkje lenge sidan søkte eg samarbeid med eit universitet i Canada, men då dei forsto at vi var høgskole så blei det eit høfleg nei, seier han. 

— Eg trur det vil bli umogleg å hindre HiOA i å bli universitet, for vi er ganske enkelt så store. Men innhaldet er viktig. Vi må ikkje bli eit nytt breiddeuniversitet, innhaldet må basere seg på dei utdanningane vi har i dag, seier den engasjerte professoren. For to år sidan blei han også tatt opp i Norges Tekniske Vitenskapsakademi (NTVA), og han er den einaste frå HiOA der.

Medlem i vitskapsakademiet

NTVA blei etablert 1955 i Trondheim og er ein ideell og uavhengig organisasjon som arbeider for «å fremme forskning, utdanning og utvikling innen de tekniske og tilgrensende vitenskaper, til beste for det norske samfunn og for utviklingen av norsk næringsliv». Dei har 250 medlemmer under 65 år og eit par hundre utanlandske som er henta inn frå næringsliv og akademia.  

 

 







 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS