NOKAS-vektar var sjølv «bombemannen»

NOKAS-vektaren som i går blei skoten på Blindern har endra forklaring og seier no at han sjølv har skote og at han plasserte ut den bombeliknande gjenstanden.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Vektaren som i går fortalde politiet at han hadde blitt skoten på, er no sikta for falsk forklaring. Han er no knytt både til våpenet og til den bombeliknande gjenstanden, skriv Uniforum.

Det var den overraskande vendinga saka hadde tatt etter at vektaren la alle korta på bordet under avhøyra på Grønland politistasjon i natt, kunne Grete Lien Metlid, leiaren for Valdsavsnittet ved Oslo politidistrikt fortelja for ein knapp halvtime sidan. 

Korkje bomba eller våpenet er knytte til andre enn vektaren. Han har sjølv skote og han har sjølv plassert den bombeliknande gjenstanden utanfor Fysikkbygningen på Nedre Blindern. Mannen kjem til å bli framstilt for fengsling sikta for falsk forklaring, opplyste Grete Lien Metlid.

Vektaren frå Nokas fortalde i går at han var blitt skoten på av to ukjente gjerningsmenn utanfor  Nedre Blindern. Det viser seg altså no at dette ikkje stemmer.  Den same vektaren har tidlegare meld to andre valdelege episodar på jobb til politiet.  Det er berre den siste hendinga som har samband med den falske forklaringa, sa Metlid på pressekonferansen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS