Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har enno ikkje eit klart bilete av korleis framtidas struktur i universitets- og høgskulesektoren skal sjå ut.

Har ikkje konkludert om ny strukturplan

Regjeringa har enno ikkje teikna det nye kartet over universitets- og høgskule-Noreg. Det gjorde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen heilt klart på ein konferanse måndag.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fredag 31. oktober gjekk fristen ut for universitet og høgskular til å koma med innspel til den varsla strukturmeldinga for framtidas universitets- og høgskulekart.

Tre dagar seinare hadde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ikkje klart å lesa gjennom alt, og han og regjeringa hadde heller ikkje bestemt seg for korleis dei tenkjer seg at den nye universitets- og høgskulestrukturen skal sjå ut.  Det gjorde han klart på den forskingspolitiske konferansen til Forskarforbundet måndag.

Må venta til etter påske

— Innstillinga frå regjeringa blir i alle fall ikkje klar før påske, heller ei stund etterpå, varsla Torbjørn Røe Isaksen. Han viste til at medan nokre universitet og høgskular i byrjinga hadde vore svært avventande og avvisande til å foreslå samanslåing med andre institusjonar, kom dei etter kvart med forslag til moglege samarbeidspartnarar. Eit døme er forslaget frå Universitetet i Stavanger om å slå seg saman med Høgskulen Stord/Haugesund.

— Det begynte ikkje som kjærleik ved første blikk, men har blitt til ein vennskap som kanskje kan utvikla seg til noko meir, håpa han.

Kan få pålegg frå Kunnskapsdepartementet

Torbjørn Røe Isaksen retta også ein åtvarande peikefinger mot dei institusjonane som trur dei berre kan sitja stille i båten utan å gjera noko.

— Då blir det langt lettare for Kunnskapsdepartementet å påleggja dei kva dei bør gjera, varsla han.

Les også: HiOA vil helst ikke fusjonere

— Meir gjennombrotsforsking

Etter hans meining ville dei aller fleste fagmiljøa i Noreg ha godt av å bli større eller gå inn i nærare samarbeid med liknande fagmiljø ved andre institusjonar.

— Noreg har mange gode fagmiljø, men dei er ikkje så gode at dei ikkje kan bli endå betre. Målet må vera at dei bør bli minst like gode som dei tilsvarande fagmiljøa i Finland og Sverige. Forskarar i Noreg må klara å få til meir gjennombrotsforsking, understreka han.

— Statsråden trudde heller ikkje det fanst noko kvikk løysing på korleis det norske universitets- og høgskulekartet bør sjå ut i framtida.

— Me trur ikkje alle forslaga til strukturendringar vil betre sektoren. Men me må konsolidera dei ressursane me har, slo han fast. Røe Isaksen såg også spent fram til konklusjonen i rapporten frå ekspertutvalet.

— Då blir det klart korleis dei ser føre seg den framtidige finansieringa av høgare utdanning og forsking i Noreg, la han til.

— Forskingsmeldinga er eit tidsskifte

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen trekte også fram regjeringas langtidsmelding for forsking og høgare utdanning som var klar den 6. oktober.

— 3-prosentmålet er tilbake i Kunnskapsdepartementet, og me ha allereie sett opp eit årstal for når me skal nå 1-prosentmålet for dei offentlege løyvingane til forsking og utvikling. Forskingsmeldinga inneber eit tidsskifte fordi det vil vera eit tilbakesteg ikkje å ha forskingsmål med ein klar tidsplan og som alle har finansieringa i orden, sa ein bestemt kunnskapsminister, før han kom tilbake til arbeidet med ny struktur for universitets- og høgskulesektoren.

— Me må oppretthalda løyvingane til høgare utdanning i Noreg. Om det blir færre institusjonar, vil det ikkje automatisk seia at det blir færre studiestader, understreka han.

— Snedig gjort

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Marianne Aasen (bildet under) hadde lagt merke til det intensive arbeidet med å koma med innspel til moglege strukturendringar i sektoren.

— Mykje byggjer på den gode analysen frå Stjernø-utvalet. Det er likevel snedig gjort å få alle institusjonane til å koma med eigne innspel. Det har vore hektisk aktivitet i administrasjonane til heile universitet- og høgskulesektoren dei siste månadene. Vanlegvis er jo dette ein jobb som Kunnskapsdepartementet sjølv tar seg av. Dette vil kosta dei dyrt, samtidig som regjeringa i budsjettforslaget sitt ber dei om å redusera dei administrative årsverka, og likevel halda oppe både forskings- og studieproduksjonen. No bør regjeringa satsa meir på studentane og studia. Dei har ofte kome i andre rekkje etter forskinga, meinte Aasen.

Heller ikkje ho var imot strukturendring i denne sektoren.

— Ballane må ned igjen

Leiaren for Universitet- og høgskulerådet, Ole Petter Ottersen meinte det var to ting som det var viktig å tenkja på om det blir sett i gang ei strukturendring i det norske universitets- og høgskulelandskapet.

— Det er omsynet til dei tilsette som heile tida driv sektoren vidare og at me må krevja høg kvalitet. No er det veldig mange ballar i lufta samtidig. No er det viktig å få flest mogleg ballar ned igjen slik at dei kan bli til best mogleg nytte for universitets- og høgskulesektoren, meinte Ole Petter Ottersen .

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS