Kutt i filming av førelesingar var ein lite hyggeleg overrasking etter ferien, synest studentar ved NHH. Frå venstre Kasper Lie Asdal, Markus Jullum Ericsson, Hanne Sofie Nygaard, Linn A. Solheim og Jonas P. Ludvigsen. Foto: Dag Hellesund

Studentar reagerer på at NHH kuttar video på bachelor-nivå

Digitalisering. Heretter må førelesarane oppgi særlege grunnar dersom dei vil filme undervisninga si. 968 personer har så langt signert studentoppropet for å få tilbake filminga.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Videofilming av førelesingar har vore eit diskusjonstema på Norges handelshøyskole i langt tid. Ei intern utgreiing av spørsmålet konkluderte ikkje klart. Men i løpet av ferien har utdanningsinstitusjonen snudd, slik at videofilming av førelesingar på bachelor-studiet berre blir gjort i særlege tilfelle, men det tidlegare var motsett. Heretter må førelesarane oppgi særlege grunnar dersom dei vil filme undervisninga si.

Dagens næringsliv skreiv først om saka.

Negativt for studentane

Så langt har nær 1000 av dei 3500 studentane protestert mot video-kuttet.

— Vi fekk eit par drypp før sommaren om at å snu bevisbyrden kunne vere ei løysing. Men vi fekk ikkje vite at ei avgjerd var tatt, fortel fagpolitisk ansvarleg Jonas P. Ludvigsen i Norges Handelshøyskoles Studentforening.

Studentane ser på endringa som svært negativ for dei.

— Dette handlar mellom anna om fleksibiliteten i studiet. Mange fag er overlappande, og går samtidig, slik at ein ikkje får gått på alle førelesingar. Videoførelesingar er og brukt til repetisjon i eksamensperioden, seier Kasper Lie Asdal, som er leiar av kjernestyret i NHHS.

Studentar som er kronisk sjuke, eller har barn og difor ikkje kan delta på kveldsførelesingar, er andre grupper som har særleg nytte av å kunne sjå opptak av førelesingar, meiner studentane.

Færre på førelesing

Plenumsførelesingar i Aud Max, med plass til 450 studentar, er framleis ein viktig del av undervisninga ved høgskulen. Videoopptaka er mykje brukt: Ein video av ei førelesing på eit kurs med 400 studentar kan fort ha 1500 visningar, fortel Hanne Sofie Nygaard. Videoane er berre tilgjengelege for studentar på NHH.

Men frammøtet på dei store førelesingane har gått noko ned.

— I Aud Max ser ein at oppmøtet er synkande. Det blir ikkje fyllt opp lenger. Men vi studentar trur ikkje førelesingar blir gode berre fordi mange folk møter opp for å høyre på dei, seier Ludvigsen.

— På førelesingar som er klasseromsbasert undervisning er det mykje betre oppmøte, supplerer Linn A. Solheim.

— Vi håper at leiinga vil snu, og tillate filming, seier Kasper Lie Asdal.

Liker ikkje å bli filma

Prorektor Linda Nøstbakken meiner at protestane er litt ute av proporsjonar.

— Dette er ikkje så dramatisk som mange vil ha det til. Det er på ingen måte lagt ned forbod mot filming, fortel ho.

Prorektor for utdanning har ikkje gjort noko vedtak om å slutte med videofilming, difor er det framleis opp til programleiarareller kursansvarlege å velge korleis dei vil bruke video. Linda Orvedal har ansvar for bachelorprogrammet, og har tatt avgjerda om å gjere videofilming til unntaket i staden for hovudregelen. Orvedal har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

— Dette er gjort litt for å ta noko av presset av førelesarane. Ein del ønskjer ikkje å filma, og har gode pedagogiske grunnar for dette, men det har vore vanskeleg å la vere, fortel prorektoren.

Institusjonen er og uroleg for at det kan gå ut over læringsmiljøet når få studentar møter opp på førelesingar.

— Det er tilfelle der ein har invitert gjesteførelesarar og oppmøte har vore for dårleg.

NHH har fått mange positive reaksjonar på endringa, men mest frå førelesarar, ikkje studentar.

— Og det er ikkje meininga å ta vekk viktige læringsvideoar, seier Nøstbakken, som håper å erstatte det å filma heile førelesningar med kortare videoar frå førelesningar av delar som det kan vere særleg nyttig å kunne sjå om att.

Ønskjer annan type video

Studentane er derimot ikkje særleg nøgde med det, ettersom dei meiner at slike videoar i liten grad er produserte.

— Vi har eit filmstudio på NHH og prøver å promotere det blant dei tilsette. Vi har eit veldig ønskje og ambisjon om å bli betre på pedagogisk bruk av video, seier Nøstbakken.

Dette er likevel eit ekstraarbeid som ho seier dei i dag ikkje kan påleggje dei kursansvarlege.

No vil NHH teste ut korleis det fungerer med langt mindre videofilming av førelesingar.

— Eg håper at dette blir slik at dei vanskelege delane av pensum framleis blir filma. Det er ikkje meininga å ta vekk tilbodet der det er eit gode.

På eit punkt tek Nøstbakken likevel sjølvkritikk.

— Vi har eit veldig godt samarbeid med kjernestyret på NHH, men eg har glippa på å fortelje dei at dette skulle skje. Og det legg eg meg paddeflat på.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS