HR-direktør Sonja Dyrkorn håper at undersøkinga om mobbing og seksuell trakassering kan gi oversikt over omfanget av problemet. Foto: Hilde Kristin Strand

Er du blitt mobba eller seksuelt trakassert? Sonja vil vite om det.

No får alle svare anonymt på om dei er utsette for mobbing eller seksuell trakassering.

Publisert

— Eg har ikkje nokon grunn til å tru at UiB skil seg frå dei andre institusjonane, seier HR-direktør Sonja Dyrkorn.

I neste veke skal alle tilsette ved UiB få tilbod om å delta i den nasjonale undersøkinga om mobbing og seksuell trakassering i sektoren, som kom i kjølvatnet av metoo-rørsla. 26 institusjonar er med på undersøkinga, som Universitetet i Agder tok initiativ til. 43.000 personar er med på undersøkinga.

47 trakasserte i Stavanger

Av universiteta er det berre Stavanger som står utanfor. Dei har allereie gjennomført si eiga kartlegging. Der rapporterte 47 personar – 3,8 prosent – at dei hadde blitt seksuelt trakassert i løpet av det siste året. 5,8 prosent ved UiS svarte at dei har opplevd mobbing i løpet av det siste året.

Dyrkorn anar ikkje kva ho skal vente seg, men ser positivt på å få oversikten.

— Verken UiB eller dei andre institusjonane har noko å samanlikne med, så det er umuleg å svare på kva resultatet blir, seier ho til På Høyden.

Prat ved kaffimaskina

Undersøkinga vil gi eit nasjonalt gjennomsnitt, samt tal for kvar institusjon - med mindre institusjonane reserverer seg mot det. UiB har ikkje reservert seg. Men det blir ikkje tal for fakultet, institutt eller andre einingar, slik tilfellet er med Ark-undersøkinga.

Leiarar på universitetet har allereie fått instruks om å motivere dei tilsette til å svare på kartlegginga, og ta opp temaet både i møte og framfor kaffimaskina.

Undersøkinga er anonym, og koblinga mellom epost og svarskjema blir sletta med ein gong kartlegginga er gjennomført, opplyser dei som har utarbeidd materialet.

Spør om rolle for mobbar

Kven som mobbar eller trakasserer vil ikkje komme fram i undersøkinga, men det blir spurt om det er ein student, ein sideordna kollega eller ein overordna leiar.

Psykolog Heidi Wittrup Djup og kollegaene er klare til å ta imot telefonar 24 timar i døgnet. Foto: Dag Hellesund

— Eg ventar meg å få eit bilete av mobbing og trakassering ved UiB etter dette, seier Dyrkorn.

Døgnvakt med psykologar

I samband med undersøkinga er det òg klar psykologberedskap på telefon dag og natt i fire veker. Det syter Heidi Wittrup Djup og kollegaene ved Klinikk for krisepsykologi for.

— I denne saka har vi ei telefonteneste, slik at dersom folk skulle få reaksjonar og treng å drøfte noko, så kan dei snakke med nokon utanforståande, fortel Djup, som er dagleg leiar for klinikken, som blei skild ut då Senter for krisepsykologi blei ein del av UiB.

Powered by Labrador CMS