Toktleiar om seksuell trakassering

— Må aldri tru at seksuell trakassering ikkje kan skje

Tidlegare hadde toktleiar Kikki Kleiven ein runde på toaletta om bord på skipa og fjerna pornobilete før studentane fekk koma om bord.

Katrine Husum frå Norsk Polarinstitutt har vore på mange tokt. Biletet er frå eit intervju med SkyNews på Kongsfjorden på Svalbard.
Katrine Husum frå Norsk Polarinstitutt har vore på mange tokt. Biletet er frå eit intervju med SkyNews på Kongsfjorden på Svalbard.
Publisert

— Det som skjedde var i og for seg uskuldig: Eg var toktleiar og stipendiat, og så kom det ein mann og la armen rundt skuldrane mine. Eg har tenkt på om dette er seksuell trakassering eller ikkje. Men så lenge dette er noko ein ikkje ville gjort med ein mann, er det det - og noko som ikkje er greitt å gjera.

Det seier Katrine Husum. Ho er seniorforskar ved Norsk Polarinstitutt og har vore på mange tokt. No etterlyser ho betre retningslinjer for korleis ein faktisk skal oppføra seg mot kvarandre når ein er på tokt eller på feltarbeid.

— Eg føler at organisasjonane ikkje er medvitne om kva som kan skje. Ein må ha handlingsplanar, og ein må snakka om korleis ein skal handtera saker. Seksuell trakassering er eit tema som skal ut i lyset - det skal pratast i hel, seier Husum.

Utanforskap

I filmen «Picture a Scientist», som Khrono har skrive om, vert seksuell trakassering i samband med feltarbeid skildra. Professor Lise Øvreås stadfesta at dette skjer også i Noreg.

Det same seier Kikki Kleiven. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). No førebur ho eit tredagars tokt med studentar.

— Ein må ha augene med seg. Eg har opplevd negativ åtferd sjølv. Det var det nokon som såg, og tok kjapt tak i. Ein må aldri tru at seksuell trakassering ikkje kan skje, seier Kleiven.

Kleiven er tydeleg: Det er ikkje så vanskeleg å legga merke til at nokon vert trakassert.

— Det handlar ikkje berre om fysisk trakassering eller seksuelt språk, det handlar ofte om at nokon klarar å få fram ubehag hos nokon, få dei til å kjenna seg utanfor, seier Kleiven.

Kapteinen set tonen

Kleiven fortel at ho for nokre år tilbake hadde ein runde om bord i skipa før studentane fekk koma om bord. Då fjerna ho pornobilete frå toaletta og sjekka at lugarane var greie.

— Slik var det då. Men verda har heldigvis gått litt framover. Mi røynsle er at det er mannskapet, og særleg kapteinen, som set tonen om bord. Dersom kapteinen er tydeleg, om dei enklaste ting som at alle dusjar kvar dag, kler seg skikkeleg når ein går i kantina, tar omsyn til kvarandre og signaliserer at ein kan ta kontakt direkte med hen om kva som helst, kan det vera med på å gjera at ein unngår teite episodar, seier Kleiven.

Kikki Kleiven er ein røynd toktleiar, og tydeleg på at negative ting knytt til trakassering kan skje.
Kikki Kleiven er ein røynd toktleiar, og tydeleg på at negative ting knytt til trakassering kan skje.

Ho seier at ein må gjera det tydeleg kvar kvinner og menn skal gå på toalettet dersom ein er i felt, ein må passa på at alle får meiningsfullt arbeid, og ein må tenkja på korleis ein snakkar saman.

— Som toktleiar må eg òg tenkja på korleis eg snakkar. Seier eg «kom igjen, gutar», eller seier eg at no skal «Anne, Nils og Kari» gjera desse oppgåvene, seier Kleiven.

Husum er samd:

— Det vert så mykje lettare om toppsjiktet set tonen.

— Korleis kan ein handtera uønskte hendingar i felt, dersom det er så ille at nokon rett og slett ønskjer å koma seg vekk derifrå?

— Det er eit godt spørsmål. Teoretisk sett kan ein verta evakuert, det har ein jo opplegg for i samband med sjukdom eller fare. Så det er mogleg, men eg trur terskelen er høg. Men dette er noko av det ein bør snakka om på førehand: Kva tenkjer ein om å leva isolert? Nokre stader er det til dømes knapt dekning for satellittelefon, seier seniorforskaren.

Handsamar ein menn og kvinner likt?

— Når viktige menn med mykje makt i universitetsmiljøet vert utfordra, er det vanskeleg for yngre, trakasserte kvinner å nå fram med sine skuldingar. Dette har eg sjølv sett, sa professor Lise Øvreås til Khrono.

Kleiven er samd.

— Det er ei haldning i nokre miljø der dei er villige til å gå langt i å beskytta desse «viktige» mennene — akkurat som dømet frå filmen.

Der vert det sagt at det er dei kvinnene som berre seier «haha» til uønskt oppførsel som klarar seg. Dei som kjem med motstand, kan verta skviste ut. Kleiven seier at i felt og på tokt kan maktmisbruk og nettverk også verta brukt til å fordela materiale og moglegheiter til forsking.

— Difor er det viktig at alle skal koma attende med noko fornuftig frå tokt eller felt, ikkje berre dei som tilfeldigvis joggar saman med professoren. Menn er flinke til å laga konstellasjonar, finna kronprinsar som er like dei, og til å argumentera for at kun han eller han kan delta, kan verta send på konferanse eller få medforfattarskap, seier Kleiven, og held fram:

— Bør kanskje administrasjon og leiing gå i seg sjølv nokre gongar: Vert mannlege og kvinnelege forskarar handsama likt? Er det okey og forventa når menn vert opprørte og krev saker og ting gjort, medan engasjerte kvinner blæs seg opp, vert krakilske og tek plass?

Skaper debatt

Kleiven har òg delteke i debatten om saka, som går føre seg i kommentarfeltet nedst i saka.

Det var matematikkprofessor Magnus Svärd som var først ut. Han meiner artikkelen kjem med grove skuldingar mot menn innan naturvitskapen, og skriv mellom anna at «Skal man diskutere årsaker og virkemidler hjelper det lite å skrive artikler som insinuerer at det er pga av at det er et kriminellt nettverk av menn på matnat som seksuelt trakasserer kvinner».

Svärd får svar frå fleire, mellom anna frå UiT-professor Kenneth Ruud, som var intervjua i den første saka. Han skriv at «hjernen vår har en tendens til å fokusere på de som er likest oss selv. Hvis det i tillegg er slik at man stort sett ferdes i (fag)miljø med stor overvekt av menn, og få kvinnelige rollemodeller, så blir det til at man tenker på menn selv om man sier man fokuserer på kvalitet».

Professor Atle Rotevatn plasserer Svärd i kategorien kvite, priviligerte menn - noko Svärd ikkje er samd i. Rotevatn skriv: «Det er nokså ukontroversielt at du er privilegert når du er en professor på et universitet. Du er også privilegert som slipper å oppleve kjønnsdiskriminering som mann i et mannsdominert system. Og som hvit slipper du å bekymre det for rasistisk/etnisk/kulturell diskriminering - dette er white privilege».

Kleiven skriv: «Så behøvde jeg altså ikke å gå lengre enn to trappeavsatser opp, fra 3 til 4 etasje i Realfagbygget for å få bevis for den totalt manglende forståelsen som er hos mange STEM menn mht lav representasjon av kvinner i faste stillinger i realfag. Tonen i kommentaren taler for seg selv!»

Også på Twitter har saka vorte drøfta. Dorothy Dankel, forskar ved Institutt for biovitskap ved UiB, var den som tok initiativ til at filmen skulle verta vist under berekraftkonferansen ved UiB førre veke.

— Les og kommenter saka i Khrono, skriv ho.

«Er det Kikki som kommer duvende», spurte ein mannleg kollega då han trefte førsteamanuensis Kikki Kleiven i gangen på instituttet. — Når han våga å seia det til meg, kva seier han då til yngre kvinner, spør Kleiven. Ho varsla om saka, som no er avslutta.
«Er det Kikki som kommer duvende», spurte ein mannleg kollega då han trefte førsteamanuensis Kikki Kleiven i gangen på instituttet. — Når han våga å seia det til meg, kva seier han då til yngre kvinner, spør Kleiven. Ho varsla om saka, som no er avslutta.

Trur jamn kjønnsbalanse hjelper

Karin Andreassen er ein annan kvinneleg forkar som har opplevd ubehag i samband med tokt. Ho er professor ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT) og leiar Centre for Arctic Gas Hydrate, Environment and Climate (CAGE), som er eit senter for framifrå forsking (SFF).

— No er eg ei vaksen dame. Men då eg starta som forskar og var med på tokt var det mellom anna ein del slengmerknader frå mannskapet på skipa, seier Andreassen.

— Eg trur ikkje dei var vane med å ha kvinner om bord. I dag nyttar me forskingsskipa, og me er dessutan kvinner på alle nivå i CAGE. Me valde dei beste, så då vart det slik.

Andreassen seier at ho i dag ikkje har høyrt om at det skjer uønskte hendingar på norsk skip, men viser til saka med Mosaic, som er verdas største forskingstokt, der kvinner som var om bord på eit av dei russiske skipa fekk beskjed om å ikkje kle seg i tights eller andre tettsitjande klede. Dei skal ha vorte møtt med at dette skulle vera for deira eigen tryggleik, sidan det var menn om bord som skulle vera der lenge.

Er det greitt å ta bilete?

I saka frå filmen «Picture a Scientist» er det ein mannleg professor som oppfører seg dårleg overfor yngre forskarar. Men Kleiven seier det er viktig å tenkja på at det òg kan gå føre seg uønska ting mellom studentar.

— Studentar kan trakassera andre studentar, og det kan skje ganske subtilt. Noko me plar snakka om, er til dømes om alle synest det er greitt at det vert teke bilete på turen — og kva bilete som er greitt. Det skal ikkje så mykje til før bilete vert spreidd, og gjerne med ein negativ tekst.

I ei sak frå nettopp UiB, som no hamnar i retten, er det bilete som er i fokus. Ein mannleg tilsett har mista jobben fordi han skal ha fotografert studentar i undervisningssituasjonar.

UiT-professor Karin Andreassen har vore forskar lenge, og fortel at det truleg var fleire uheldige episodar tidlegare.
UiT-professor Karin Andreassen har vore forskar lenge, og fortel at det truleg var fleire uheldige episodar tidlegare.

Retningslinjer og rutinar

— Eg har høyrt om seksuell trakassering under feltarbeid. Sjølvsagt har eg det. Men eg har ikkje sjølv hatt nokre saker på mitt bord i dei åra eg har vore instituttleiar.

Det seier Brit Lisa Skjelkvåle. Ho er instituttleiar ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo (UiO). Instituttet har mykje feltarbeid, både for studentar og stipendiatar.

— Det at eg ikkje har høyrt om saker, treng ikkje bety at det ikkje har skjedd noko. Desse sakene kan vera vansekelege å få tak i, og ofte kan det som skjer vera subtilt, seier Skjelkvåle.

Ho seier at både fakultetet og UiO sentralt har både retningslinjer og rutinar og mellom anna kurs som handlar om rettleiing av kvinnelege stipendiatar.

— Dette er viktige tema, seier Skjelkvåle, og viser til det Kenneth Ruud, prorektor ved UiT, seier om skilnader mellom korleis kvinner og menn kan verta møtte.

Når studentar skal ut i felt

Det er ikkje berre naturvitskapelege fag som sender studentar og unge forskarar ut. Også fleire samfunnsvitskapelege fag har feltarbeid. Ved Institutt for geografi ved NTNU er bachelorstudentar kvart år på feltstudium med overnatting. Masterstudentar og stipendiatar reiser lenger vekk.

— Å fullstendig sikra seg mot at noko uønskt skulle skje, er vanskeleg.

Det seier instituttleiar Per Arne Stavnås.

Men i løpet av sine 3,5 år som instituttleiar har han berre høyrt om ein student som opplevde noko ubehageleg, og det var ikkje knytt til instituttet.

— Me har tilsette som er med, som har lang røynsle med å ha studentar i felt. På førehand snakkar ein om køyrereglar som ein del av førebuingane til feltarbeidet. Me har også ein god kjønnsbalanse både blant studentar og tilsette. Det trur eg er ein fordel, seier Stavnås.

Powered by Labrador CMS