Idar Flo har fått svar fra Statsbygg om korleis en aktivitetsbasert kvardag artar seg. Ill.foto: David Engmo

Statsbygg forstår ikkje korleis fagleg tilsette i UH-sektoren jobbar

Arbeidskvardag. Hege Aschims eksempel på korleis ein aktivitetsbasert kvardag artar seg, reiser nye spørsmål, skriv Idar Flo.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tusen takk til Hege Aschim som gav eit eksempel på korleis ho meiner ein «aktivitetsbasert kvardag» artar seg i UH-sektoren gjennom ei heil veke. Aschim lar oss følgje ein fiktiv person som startar mandagen med å plassere seg i ei «arbeidssone» saman med kollegaer der det er «enkelt å skaffe informasjon om mange forhold». Kva denne informasjonen dreiar seg om og kor viktig den er kan vi berre gjette oss til – kanskje er ein kollega heime med sjukt barn? Stort sett heile mandag og halve tysdag beheld denne oppdikta personen plassen i arbeidsona for å kunne jobbe med «oppgaver som ikke er spesielt konsentrasjonskrevende». Viss ein får ein telefon, går ein inn på eit multirom for å ikkje «forstyrre andre.» Arbeidsdagen held fram etter lunsj, denne gongen med arbeid som er «svært konsentrasjonskrevende». Dermed ryddar ein pulten, dvs ein tek med seg pcen, og vandrar vidare til ei «stillesone». Seinare i veka arbeider ein vidare på eit cellekontor der ein også har samtalar med kollegaer.

Les Aschims eksempel: Fra en aktivitetsbasert hverdag

Aschim illustrerer at Statsbygg ikkje forstår korleis dei fagleg tilsette i UH-sektoren jobbar.

Idar Flo

Dette eksempelet til Aschim reiser nye spørsmål. Ein av Statsbygg sine viktigaste påstandar om aktivitetsbaserte arbeidsplassar er at det arealeffektivt. Men denne personen har altså ein pult i ei arbeidssone, stillesone og eit cellekontor til disposisjon for arbeidsoppgåver som alle sikkert kunne ha vore like godt utført i eit enkelt cellekontor på 8 m2. Korleis kan dette konseptet føre til at ein sparer areal når ein i dette eksempelet «beholder plassen hele dagen også når jeg deltar på to avtalte møter» i arbeidssona? Dessutan, korleis vil dette føre til at dei tilsette i UH-sektoren arbeider meir effektivt, altså at vi arbeidar raskare med same kvalitet som i dag /arbeider like fort med betre kvalitet?

Aschim illustrerer også at Statsbygg ikkje forstår korleis dei fagleg tilsette i UH-sektoren jobbar. I eksempelet kan eg til dømes ikkje sjå at det er rettleiing eller noko liknande kontakt mellom fagleg tilsett og student. Eg trur også at ein del av dei mange timane som i eksempelet er satt av til oppgåver som «ikke er spesielt konsentrasjonskrevende», i det verkelege liv bør omdisponerast dersom ein skal få tilstrekkeleg tid til å førebu undervisning mm. I desse dagar tilbyr Statsbygg «råd» om korleis nye kontorarbeidsplassar i UH-sektoren skal utformast. Aschim sitt eksempel tyder på at slike råd er lite verdt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS