Liv Reidun Grimstvedt, tidlegare rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, og no mellombels prorektor ved HVL, har søkt på to av prorektorstillingane. Foto: Jan Kåre Ness Foto: Jan Kåre Ness

Åtte vil bli prorektor på Høgskulen på Vestlandet

Seks kvinner og to menn har søkt på dei tre prorektorstillingane ved HVL.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fristen for å søka på dei internt utlyste prorektorstillingane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) gjekk ut sist søndag.

Til saman er det åtte søkarar som vil bli anten prorektor for forsking, utdanning eller samhandling, skriv På Høyden.

Kvinnene er i klart fleirtal på søkarlistene - seks av åtte søkarar er kvinner. Fire av søkarane har også søkt på to av prorektorstillingane. 

Som tidlegare signalisert, har ikkje tidlegare rektor ved Høgskulen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen, søkt på nokon av stillingane. Det har heller ikkje Rasmus Stokke tidlegare rektor for Høgskulen i Sogn og Fjordane, og no mellombels prorektor ved HVL, gjort.  

Lyst til å følga det vidare

Ei av dei som har søkt er tidlegare rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, Liv Reidun Grimstvedt (bilete under). Ho er no mellombels prorektor ved HVL, og har søkt på to av dei tre prorektorstillingane.

Ho vil både bli prorektor for utdanning og for samhandling. 

— Eg meiner at dette er eit viktig og spennande prosjekt, og eg har veldig lyst til å vera med å følga det vidare. I utgangspunktet meiner eg det er to oppgåver eg kunne vore med å bidrage på. Her er det ein kabal som skal gå opp sjølvsagt. Eg stiller min kunnskap til disposisjon på dei begge, seier Grimstvedt til På Høyden.

Til behandling i april

Mellombels prorektor for nærregion Bergen, Bjørg Kristin Selvik, har også søkt på både prorektorstillinga for utdanning og for samhandling. 

— Eg har lyst på jobben både fordi eg har følgt prosessen tett, eg sit i leiinga no og er veldig involvert i det som skjer. Eg trur eg har noko å tilføra, og at eg har erfaring og bakgrunn som eg tenker kan vera viktig for HVL, særleg i denne prosessen som me er inne i no, fortel Selvik. 

— Kven av dei to stillingane har du mest lyst på?

— Eg har heilt klart mest lyst til å bli prorektor for utdanning. Eg har vore prorektor for utdanning i Bergen i over fem år, og er veldig oppteken av utdanning. Det er den stillinga eg har best føresetnad for, og den er også tydelagaste av dei to, seier Selvik (bildet under).

Det har ikkje lukkast På Høyden å få kontakt med rektor Berit Rokne for ein kommentar om tilsettingsprosessen. Etter det På Høyden kjenner til skal tilsettinga opp i høgskulestyret 20. april. 

    Velkommen til vårt kommentarfelt
    Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

    Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
    Powered by Labrador CMS