Forskargløden: – Det er gong på gong å sjå ting, forstå samanhengar verken du eller nokon andre har sett tidlegare. Det er ubeskriveleg, seier Nils Chr. Stenseth.

Stenseth har blitt medlem av Det amerikanske vitskapsakademiet

Dei to første artiklane professor Nils Chr. Stenseth fekk publisert tok nokon andre æra for. I dag er han Noregs mest internasjonalt siterte forskar innanfor naturvitskapane og nyslått medlem i Det amerikanske vitskapsakademiet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth har akkurat kome tilbake frå USA etter å ha blitt tatt opp som medlem i Det amerikanske vitskapsakademiet.

 — Det var moro å vera der, seier han til Uniforum.

Professoren sit framfor ein vegg pryda av tett skog.  Men det er ofte det nærmaste han kjem naturen. No er han meir opptatt av det som går føre seg på forskingssenteret han leier på Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Den forskinga har styrt livet hans sidan han for første gong kom til  UiO ein sommardag i 1968.

— Det var den same dagen som Sovjetunionen invaderte Tsjekkoslovakia, 21. august.  Radioane stod på og alle høyrde på nyhendesendingane. Og det var tøft å oppleva eit slikt nyhende den første dagen i ein stor by, minnast han.

Eg bestemte meg for at om eg nokon gong kom i ein posisjon som gjorde det mogleg, skulle eg hjelpa dei yngre forskarar fram utan å ta æra for det arbeidet dei hadde gjort.

Nils Chr. Stenseth

Fekk eit puff frå gymnaslektor

I dag er han Noregs mest internasjonalt siterte forskar innanfor naturvitskapane. Dessutan er han Europas femte mest siterte forskar i økologi.  I Noreg er han kjent som tidlegare preses for Vitskapsakademiet og ein ivrig deltaktar i samfunnsdebatten. Men det var i Greåker utanfor Sarpsborg han vaks opp, og der fekk han puffet som gjorde at kursen blei staka inn mot ein karriere som forskar.

— Det kan eg takka lektor Staalesen ved Sarpsborg gymnas for. Han såg at eg likte, og var god i, biologi og eg gjorde det heller ikkje så verst i matematikk. Begynn på Universitetet i Oslo og ta matematikkurs først, før du startar på biologi! Det vil heilt sikkert vera til nytte innanfor biologien, meinte han.  Eg fulgte rådet hans og drog til hovudstaden og blei student på Universitetet i Oslo.

Dei første timane i laboratoriet var svært spennande. Då skulle dei gå gjennom samansetjing av eggceller frå dyr.  Då lurte han og dei andre studentane på kvifor cellene hadde den forma den hadde.

— Då sa professor Arne Løvlie til oss at det visste han ikkje, men det skulle han finna svaret på neste dag. Det gjorde han. For meg var det banebrytande for at eg bestemte meg for å bli forskar. Dei vedgjekk at dei ikkje visste alt, men likevel klarte dei å finna fram til kunnskapen om det dei ikkje visste. Og dette var lenge før Google gjorde det mykje lettare å finna svara på slike spørsmål.

Registrerte lemen i Alaska

Ein dag deltok han på eit allmøte på Biologisk institutt. Då  fortalde den eldre professoren Eivind Østbye han at han hadde fått pengar for å ta eit lengre studieopphald i USA.  

— Eg har ikkje lyst til å dra, så difor kan du få overta desse pengane, sa han til meg.  Slik hamna eg ved San Diego-universitetet i California,  fortel Stenseth. 

Men det var ikkje lenge han blei i varmen i California. Forskargruppa han blei ein del av dreiv og forska på populasjonsøkologi hos lemen i Alaska.  Slik hamna han i eit langt kjøligare klima i villmarka. Målet var å finna ut meir om korleis førekomsten av lemen varierte avhengig av naturen rundt.  Samtidig ville dei finna ut korleis lemenungane vaks dei første 21 dagane av livet sitt.

— Det var noko eg ønska å undersøke gjennom empiri, altså ei vitskapleg undersøking.  Difor fann eg ungar i fire forskjellige lemenbol og eg vog og undersøkte dei kvar einaste dag i 21 dagar for å finna ut korleis dei vaks. Funna mine brukte eg i ein vitskapleg artikkel som eg sende inn til eit vitskapleg tidsskrift like etterpå.  Den blei avvist med ein gong. Så viste eg artikkelen til professoren som leia forskingsprosjektet. Han tykte funna mine var interessante og meinte eg berre burde redigera artikkelen om litt. Det gjorde eg, og så sa han at kunne setja namnet sitt på artikkelen.  Då kom den tilbake med kommentarar som at den var fantastisk og banebrytande. Då blei han brått førsteforfattar då artikkelen blei publisert i Journal of Mammology. 

— Det same skjedde då eg hadde skrive ein ny artikkel om forholdet mellom hannar og hoer hos lemen. Artikkelen blei avvist av Nature  med kommentarar som prøvde å latterleggjera funna mine. Tilfeldigvis sende eg eg den til den kjente professoren John Maynard Smith. Han tykte den var svært interessant, og sette namnet sitt på artikkelen. Og artikkelen blei publisert.

— Ville vera ein mentor

For Nils Chr. Stenseth blei desse to opplevingane skjelsetjande for eit av måla han sette seg i forskarkarrieren sin. 

— Eg bestemte meg for at om eg nokon gong kom i ein posisjon som gjorde det mogleg, skulle eg hjelpa dei yngre forskarane fram utan å ta æra for det arbeidet dei hadde gjort. Eg ville heller vera ein mentor som kunne bidra til at deira funn også ville koma fram i lyset og bli sett på som så interessante at dei ville få artiklane sine publiserte i Nature, Science eller i andre vitskaplege tidsskrifter. Og det målet har eg klart å oppfylla både før og etter at eg blei leiar for Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES).

Men du vil likevel ikkje at dei yngre forskarane skal få faste vitskaplege stillingar på senteret?

— For oss er det viktig med ei blanding av forskarar som er her i kort tid og fast tilsette forskarar og administrativt tilsette. Det er på den måten me får inn dyktige folk med kreative og gode idear og som gjerne stiller spørsmål ved vitskaplege funn som vi har gjort tidlegare.

Stenseth hadde sjølv ein langt lettare veg for å få fast tilsetting ved UiO. 

— Eg blei universitetsstipendiat utan å ha avslutta hovudfag. Då var det nokre røyster som murra at han Stenseth hadde slept altfor lett inn i det akademiske selskapet på Biologisk institutt, mimrar han. 

Kunstnardotter

Kona Bjørg og Nils Chr. Stenseth har adoptert dottera Miriam, som i dag er 32 år gammal.

— Ho er fødd i Eritrea og kom til Noreg som flyktning saman med familien sin. Etter kvart blei det behov for adoptivforeldre for den vesle jenta, og vi stod først i køen. Miriam har valt ei kunstnarkarriere, og akkurat no er ho opptatt av eit videokunstprosjekt som handlar om identitet. Eg har heile tida støtta henne i planane om å bli kunstnar, og verken kona mi eller eg har prøvd å overtale henne til å gjera det same som oss, fortel han.

Stenseth har aldri vore i det opphavlege heimlandet til dottera, Eritrea. Derimot har han vore fleire gonger i nabolandet Etiopia.

— Det er eit land som fascinerer meg, og då tenkjer eg både på folket, maten og naturen, seier han. 

Dei siste åra har Stenseth  mellom anna blitt mest kjent for nye funn om korleis bakterien som stod bak Svartedauden oppstod og kom til Europa som blindpassasjerar på loppene som levde på ørkenrottene i Sentral-Asia.

Ein middag i København

Ikkje alle veit at for han begynte også det prosjektet med ein betre middag.

— Professorkollegaen min frå Belgia, Herwig Leirs, ringte meg fleire gonger og sa at vi måtte søke om eit forskingsprosjekt saman som handla om epidemiar. Den viktigaste sjukdomen å forska på er sjølvsagt malaria. Men eg tenkte at om eg skulle forska på ein epidemi, måtte det bli på noko som få hadde forska på tidlegare. Den siste gongen ringte han meg og sa at han no hadde eit tilbod som eg absolutt ikkje kunne avvisa. Vilkåret var at eg måtte dra til København og delta i ein middag saman med han og dei andre forskarane. Då viste det seg at EU hadde fått i oppdrag å skaffa nye prosjekt til vitskapsfolk i Kasakhstan som tidlegare hadde forska på ørkenrotter og pest under Det sovjetiske forsvarsdepartementet.  

— Truleg hadde det noko med biologisk krigføring å gjera. Under Jelstsin blei dei lagt under Helsedepartementet.  Då skulle dei brukast til sivile forskingsprosjekt.  Då middagen var ferdig var eg brått blitt leiar for eit forskingsprosjekt, som til slutt fekk alle dei millionane vi hadde bedt om frå EU.

Drakk forskarar under bordet

Kort tid etter gjekk turen til Kasakhstan for å forhandla og skriva under avtalen om forskingsprosjektet med styresmaktene i landet. 

— Drikking av vodka var ein obligatorisk del av desse forhandlingane.  Dei blei imponerte av at eg held ut gjennom så mange timar med forhandlingar. Det dei ikkje var klar over, var at eg berre hadde drukke av glasa med vatn, og berre nippa til glasa med vodka. Glasa var heilt identiske. Ryktet om «stordrikkaren» Nils Chr. Stenseth lever framleis blant dei personane eg var saman med den natta. Sanninga er at eg sjeldan drikk noko sterkare enn vin. 

Forskinga på pestbakterien Yersinia pestis blant ørkenrottene i Kasakhstan har gitt både Stenseth og senteret han leier masse merksemd både i vitskapstidsskriftet Nature og i massemedia. Historia om korleis Svartedauden kom til Europa må skrivast på nytt etter funn som forskargruppa til Stenseth har gjort. 

— Funna våre viser at pestbakteriane i Europa alle har sitt opphav mellom blant anna ørkenrotter i Kasakhstan og Kina. Når klimaforholda har vore gode i desse områda, har det oppstått pest i Europa i gjennomsnitt 15 år seinare. Det vil seia at dei har kome til hamnebyar i Europa med handelsskip eller handelsruter langs landevegen, forklarar Nils Chr. Stenseth.

— Vi er også i gang med ein liknande studie frå ørkenområda i Kina. Også der kan vi sjå på forholdet mellom klima, førekomsten av ørkenrotter og faren for at ein bestemt type pest skal spreia seg til menneske. 

— Ubeskriveleg

No er han snart 67 år, men han blir aldri trøytt av å forska.

— Eg søv mellom midnatt og klokka 06.00.  For meg er det vanskeleg å forstå korleis folk kan spela kort medan dei ventar på ein flyplass. Eg må alltid jobba med noko. Også på flya med internettsamband arbeidar eg når eg er i lufta. 

Kva er det som driv deg?

— Det er gong på gong å sjå ting, forstå samanhengar verken du eller nokon andre har sett tidlegare. Det er ubeskriveleg.

Får du aldri tid til andre ting?

— Ja, eg går på mange offisielle middagar, og så går eg ut for å spise saman med kona mi Bjørg.  Det hender også ganske ofte at eg går ut på restaurant aleine for å jobba. Kona mi synest det er både usosialt og litt frekt. 

Men litt andre ting enn middag og forsking må det bli plass til i livet ditt?

— Ja, eg går ofte i teatret, og ofte for å sjå eit stykke av Henrik Ibsen. Det var ein dramatikar som såg folk, og om han ikkje er mitt førebilete, så har eg i alle fall lært masse av han.  Eg trur den interessa også kom frå Sarpsborg gymnas. Der hadde vi ein norsklærar som gjennom heile haustsemesteret berre gjekk gjennom Brand og Peer Gynt med oss.

Kva er du mest stolt over som forskar?

— Over å ha oppnådd stor anerkjenning internasjonalt gjennom forskinga mi, å ha bygd opp Senter for evolusjon og økologisk syntese (CEES) og at eg har vore med på å få Store norske leksikon på beina igjen då ingen trudde på oss. Det er eg kry over. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS