Fra en doktorkreering i Universitetets aula på UiO. Arkivfoto.

Alle treng ikkje doktorgrad

Doktorgrad. Høgskular som blir universitet trugar ikkje profesjonserfaringa sin plass i høgare utdanning, skriv dekan Geir Anton Johansen, ved Høgskulen på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I eit debattinnlegg i Bergens Tidende 29. januar uttrykkjer kollega Joar Sande frykt for ei akademisering av høgskulane i Norge. Dette er eit tema mange i universitets- og høgskulesektoren i Noreg er opptekne av, og ei reell utfordring vi er nøydd å forholda oss til og finne løysingar på. Men som i mange saker er det her viktig å nyansere og balansere. For det første er akademisering eit vanskeleg omgrep å forholda seg til. I sektoren vår blir det stadig høgare krav om at meir av verksemda skal vere tufta på forsking og forskingsbasert kunnskap. Dette betyr likevel ikkje at vi gjev avkall på det profesjonsnære og arbeidslivsretta. Det er ikkje lenger slik i Noreg at eit universitet er eit universitet. Vi snakkar gjerne om dei gamle universiteta og dei nye, som tidligare var høgskular. Dei sistnemnde har fortsatt ein meir profesjonsretta profil, med hovudvekt på anvendt forsking.

Utviklinga vi opplever no, er ei følgje av at vi i dag lever i eit kunnskapssamfunn som er i rask utvikling, til dømes innan datateknologi. Det ikkje lett å føreseie den vidare utviklinga, utover at den vil gå stadig fortare. Den same utviklinga fargar også næringslivet og andre sektorar som tilset våre kandidatar, og som fylgjeleg må ha ein annan ballast i dag enn dei hadde få år sidan.

Sande har heilt rett i at våre studentar, som ein del av denne omstillinga, også framover må bli eksponert for lærarar med profesjonserfaring, og ikkje berre dei som har forskingserfaring. Denne balansen er utfordrande, sidan dei fleste av forskarane sjeldan har profesjonserfaring. I tillegg må det setjast av tid til forsking, og utvikling av studieprogram på master- og ph.d.-nivå – samtidig som bachelor-utdanningane skal ivaretakast som før. Det gjer det ikkje enklare at høgskulane og dei nye universiteta er dårlegare finansiert enn dei gamle universiteta.

Det er likevel vårt mål å ta vare på, og vidareutvikle, profesjonsprofilen. Ved ingeniørfaga har vi ein lang tradisjon med få fagfolk frå næringslivet, og andre sektorar, inn som gjesteforelesarar, eller tilsett i bistillingar for å undervise og rettleie studentar. Likedan har fleire av vår fagfolk bistillingar i næringslivet. Dette gjev eit godt grunnlag for vårt omfattande samarbeid med studentprosjekt i bedrifter. For mange små- og mellomstore bedrifter er dette spesielt viktig, sidan mange av desse ikkje har eigne forskings- og utviklingsavdelingar. Vi arbeider tett saman med ulike typar klynger og nettverk med medlemmar både frå næring, høgskule/universitet og andre bransjar. Vi har stor støtte i næringslivet for vidareutvikling av våre studietilbod, også finansielt.

Vi vil fortsette å tilsette fagfolk med profesjons-erfaring som høgskule-lektorar.

Geir Anton Johansen

Men vi er også tvungne til å heile tida tenkje nytt: Vi må hente ekstern finansiering og vi må få på plass fleire nærings-ph.d.-kandidatar, som delar arbeidstida mellom høgskule/ universitet og bedrifter.

Ein ny stillingskategori som er under utgreiing i Noreg, etter modell frå utlandet, er såkalla «praksisprofessorar», som til dømes kan vere godt kvalifiserte fagfolk med lang næringserfaring, som då blir ein permanent del av fagmiljøa. Det gir godt håp for framtida, og for sterke profesjonsutdanningar som utdannar dyktige fagfolk, at desse vert betre finansiert. Dette er også under utgreiing. I tillegg vil vi fortsette å tilsette fagfolk med profesjonserfaring som høgskulelektorar; det er ikkje eit mål at alle skal ha doktorgrad.

Dette innlegget blei først publisert i Bergens Tidende og På Høyden.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS