Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø på besøk hos UiB. Men i revidert nasjonalbudsjett vart det ikkje mykje spanande å lesa om for universitetet i vest. Foto: Silje Katrine Robinson

Lite nytt for UiB i revidert nasjonalbudsjett

Pengar til nye studieplassar, lærarrekruttering og etter-og vidareutdanning. Men lite UiB-nytt.

Publisert Sist oppdatert

Det er lagt inn nesten 26 millionar kroner til hundre nye studieplassar. Det kom fram då revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram tysdag. I ei pressemelding frå regjeringa heiter det at studieplassane er retta inn mot desentraliserte studietilbod og enkelte fagretningar. Det er òg sett av 10 millionar kroner til rekruttering av lærarar, men dette er i første rekke grunnskulelærarutdanning for 1.-7.klasse.

Pengar til vidareutdanning

Ingen av desse postane er truleg særleg UiB-relevante.

— Me veit ikkje heilt med dei ekstra studieplassane endå, det har vore snakka om plassar innan IKT-utdanning, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til På Høyden like etter at tala vart offentleggjorde.

Regjeringa har sett av pengar til vidareutdanning. 10 millionar er sett av til å tilby og drifta vidareutdanningstilbod, særleg innanfor digitalisering, IKT-tryggleik og område knytt til det grøne skiftet. Desse pengane skal lysast ut, heiter det, men noko meir konkret informasjon har heller ikkje UiB-leiinga fått.

Sinte studentar

Punktet som så langt har fått mest merksemd, er at regjeringa kuttar 300 millionar til studentbustader. Norsk studentorganisajson (NSO) rasar, og skriv i ei pressemelding at regjeringa held studentane for narr. NSO viser til at regjeringspartia har lova å bygga minst 2200 studentbustader kvart år.

— Regjeringa var klare for å bygga heile 3400 nye studentbustader og løyva penger til dette, men me fekk ikkje mange nok søknader. At me kuttar desse 300 millionane no er berre i tråd med god budsjettskikk, seier Nybø til Khrono.

Powered by Labrador CMS