NLA er ein privat høgskule, og må kunne leiga ut til kven ein vil utan at statsråden skal legga seg opp i det, seier Iselin Nybø (V). Foto: Øystein Torheim

Nybø om NLA Høgskolen: Det er ikkje ulovleg aktivitet som skjer

NLA-møte. Sludder og vås, seier Iselin Nybø (V) om konverteringsterapi. Men vil ikkje legga seg opp i kven NLA Høgskolen leiger ut lokale til.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ved NLA Høgskolen i Bergen vart det denne veka arrangert eit seminar med britiske Mike Davidson. Han kallar seg eks-homofil, og sa under møtet at han hadde fått hjelp av konverteringsterapi. Davidson sa at han allereie frå ti-årsalder hadde hatt kjensler for gutar. No har han vore gift i 40 år – med ei kvinne.

Reaksjonane på møtet har vore sterke, mellom anna har to tilsette ved NLA sagt opp i protest fordi arrangørane, Frimodig Kirke Bjørgvin og Til Helhet, fekk nytta høgskulen sine lokale til eit slikt møte.

Eg meiner at konverteringsterapi er sludder og vås.

Iselin Nybø

Før Venstre sitt landsmøte i vår kom Iselin Nybø, Grunde Almeland og Guri Melby med eit forslag om at såkalla konversjonsterapi, òg kalla konverteringsterapi, skal vert forbode. Forslaget vart ikkje formelt handsama på landsmøtet, men Nybø står framleis for innhaldet.

— Som Venstrepolitikar fremja eg dette forslaget. Eg meiner at konverteringsterapi er sludder og vås, seier Nybø til Khrono.

Khrono var til stades på møtet på NLA. Transperson Sunniva Strønen Rønning tok til tårene etter å ha vore inne i salen, og fleire andre homofile var svært kritiske til det som vart sagt av Davidson.

— Homofili er ingen sjukdom, og det ligg eit syn bak denne typen terapi som eg skjønar at ein reagerer på. Ein må få elska den ein elskar, seier Nybø bestemt.

Skjønar reaksjonane

Nybø er forskings- og høgare utdanningsminister, og seier at som statsråd har ho ein annan hatt når det gjeld eit eventuelt forbod. Arbeiderpartiet har tatt til orde for dette, og det har òg vore tema i EU.

— NLA er ein privat høgskule, og må kunne leiga ut til kven ein vil utan at statsråden skal legga seg opp i det, seier Nybø.

— Men dei får jo statsstøtte?

— Det får dei, men det er ikkje ulovleg aktivitet som skjer, seier Nybø.

Men ho stiller likevel spørsmål ved om det var lurt av NLA å stilla lokale til rådvelde for dette arrangementet.

— Spørsmålet er kva ein vert assosiert med, seier Nybø, som òg seier at ho skjønar at arrangementet har vekt reaksjonar.

Lurt?

— Dette er eit liberalt dilemma, seier Nybø.

— Det er ikkje forbode å ha eit slikt møte, men det betyr ikkje at det er lurt. Dette er vurderingar institusjonane sjølve må gjera, og ansvaret ligg på kvar enkelt institusjon.

Statsråden seier at ho meiner at sektoren må ta dei vanskelege debattane, og at ein då kan opna for kontroversielle syn.

— Kven skal ta desse debattane om ikkje universiteta og høgskulane skal gjera det? Men då bør det vera som diskusjon, der ulike syn kjem fram, seier Nybø.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS