Historie-professor Svein Ivar Angell vert ny prodekan. Foto: UiB

Angell ny visedekan

Notert: Claus Huitfeldt gir seg i HF-dekanatet. Inn kjem Svein Ivar Angell.

Publisert

Claus Huitfeldt, professor ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, har vore ein del av dekanatet ved Det humanistiske fakultetet i seks år. No gir han seg. Huitfeldt opplyste i fakultetsstyremøtet tysdag at han var på sitt siste møte som prodekan for utdanning og internasjonalisering. Frå 1. august tek Svein Ivar Angell over. Han er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og har mellom anna jobba med lektorutdanninga der. – Huitfeldt har vore kontinuiteten i dekanatet. Men han er ikkje formelt valt slik Anne Beate Maurseth og eg er, og kan difor gi seg midt i ein periode, seier dekan Jørgen Sejersted.

Powered by Labrador CMS