Inga Strümke (t.v.) er fysikar og med i første episode av podcastserien. Torill Sommerfelt Ervik er programleiar og blei nyleg heidra for podcasten.

Heiderleg omtale til UiB-podkast

Podkast-serie Popviten UiB fra Universitetet i Bergen vart nyleg heidra for god forskningsformidling.

Publisert

På Høyden har tidlegare skrive om podcastserien«Popviten UiB», som serverer populærvitskap i tjue minutt lange porsjonar. No har Torill Sommerfelt Ervik, som står bak podcasten, fått heiderleg omtale av samarbeidspartnar forskning.no.

For meg har det vore veldig lystbetont å jobbe med dette.

Torill Sommerfelt Ervik

— Veldig gøy og stas, seier Ervik til På Høyden.

— Mykje av det vi fekk skryt for er akkurat det vi ville oppnå, så det kjentest veldig godt, seier ho.

Ein podcast som fungerer godt

Ervik jobbar som seniorkonsulent ved kommunikasjonsavdelinga på UiB, og forskning.no er ei nettavis med norske og internasjonale forskningsnyheiter og er eigd av ein rekke kunnskapsinstitusjoner. Blant anna UiB.

Det er under det årlege seminaret «Forskningskommunikasjonsdagane» at ein pris for årets beste artikkel og nokre heiderlege omtalar blir delt ut.

Juryen meinar at Torill Sommerfelt Ervik har greidd å lage ein podcast om forskning som fungerer godt.

Det var for podcasten som heilskap at Ervik fekk heideren, men det var særleg ein episode som blei trekt fram. Den som handla om å bli utbrent i arbeidslivet.

I omtalen frå juryen heiter det at tema for denne saka er evig aktuelt og at det treffer ei nerve hos dei fleste som har vore i arbeidslivet i nokre år.

«Artikkelforfatter har valgt et annet format for å formidle denne forskningen. Og det er delvis grunnen til at hun får hederlig omtale - ikke bare for denne artikkelen, men for en rekke artikler med tilhørende podcastepisoder.»

Juryen har og trekt fram at artikkelen om bli utbrent har litt over 19 000 sidevisningar og at podcastepisoden er lasta ned over 4000 gongar.

Alle konkurrerer mot alle

Ulla Gjeset Schjølberg er journalist i forskning.no. Ho fortel at prisen ikkje medfører noko anna enn stas.

— Vi ønsker å heidre bidragsytarane som er gode på forskningsformidling. Eg trur dei óg synest det er litt hyggeleg å få den heideren. Det er jo som oftast forskaren som kjem i søkelyset, seier Schjølberg.

Ho synes forskningsformidlarane berre har blitt bedre og bedre med åra.

Prisen og «omtalen» har utvikla seg i takt med dette seminaret, der deleigarane blir invitert kvart år.

Til denne prisen er det ingen som nominerer seg sjølv. Ei jury beståande av dei i forskning.no som jobbar med medlemsinnhald og redaktør vel mellom alle eksternproduserte artiklar frå det siste året.

Schjølberg fortel at det kan vere så mange som 1000 artiklar.

— I utgangspunktet konkurrerer alle desse sakene mot kvarandre, seier ho.

Lystbetont arbeid

Ervik fortel at det har vore kjempestas å jobbe med podcasten, og er særleg nøgd med å få starte opp noko heilt fra byrjinga og sjå at det har fungert bra.

— For meg har det vore veldig lystbetont å jobbe med dette, seier Ervik.

Podcasten vil nå få eit lite opphald mens Ervik går ut i mammapermisjon etter jul.

— Men både eg og leiarane mine er einige i at podcasten skal fortsette når eg kjem tilbake, seier Ervik.

Powered by Labrador CMS